Erkelutt

Frå Alnakka.net
Ein erkelutt bygd av Matteo Sellas i Venezia1600-talet.

Ein erkelutt (sp. archilaúd, it. arciliuto, en. archlute, ty. Erzlaute), somme gonger òg misvisande kalla teorbe (s.d.), er eit europeisk klimpreinstrument som vart utvikla kring år 1600 som eit kompromiss mellom den svært store teorben, som med størrelsen og den oktavkryssande stemminga si var vanskelig å bruke i solomusikk, og tenorlutten frå renessansen, som mangla bassregisteret til teorben. I og med at erkelutten i utgangspunktet er ein tenorlutt med ei noko kortare utgåve av halsforlenginga til teorben, manglar erkelutten den kraftfulle klangen i tenor- og bassregisteret som den større kroppen og oftast lengre halsen på teorben fører med seg.

Ein hovudforskjell mellom erkelutten og den nordeuropeiske «barokklutten» er at barokklutten har 11 til 13 kor, medan erkelutten typisk sétt har 14. Erkelutten har behalde renessanseluttstemminga med reine kvartar kring ein sentral ters på dei første seks kora, medan barokklutten har gått over til ei stemming basert på d-mollakkorden. Erkelutten vart ofte bruka som soloinstrument på dei første tre fjerdedelene av 1600-talet, men er sjeldan nemnt som generalbassinstrument i denne perioden; teorben var det instrumentet i luttfamilien som inntok den rollen.

Typisk erkeluttstemming.

Ettersom generalbass-basslinjor vart komponert både med raskare løp og med høgare melodiomfang mot slutten av 1600-talet, begynte erkelutten å overskygge teorben som det viktigaste klimpreinstrumentet til generalbassbruk. Teorben mangla dei høgaste notane i basstemmen, og den stadig vanlegare praksisen å doble generalbasstemmen med eit bass-strykeinstrument (oftast cello eller gambe) gjorde at den spinkle lyden i tenor- og bassregisteret ikkje var noko ansande problem lenger.

Teorben var i vanleg bruk som det melodiske bassinstrumentet i triosonatar frå begynnelsen av barokken og erkelutten tok over den rollen òg. Det mest kjente eksempelet på at erkelutten var i ferd med å ta over er triosonatane i opus 1 og 3 av Arcangelo Corelli. Desse triosonatane har stemmehefte for førstefiolin, andrefiolin og violone o arciliuto, og i tillegg ein generalbasstemme for orgel som inneheld ei forenkla utgåve av violone o arciliuto-heftet. Violone o arciliuto-heftet har på si side like mykje generalbassbesifring som orgelheftet — noko som tyder på at erkeluttspelaren var venta å legge til akkordar over basslina der det var muleg og naturleg.

Erkelutten vart bruka i Händel sine operaer. Giulio Cesare (1724) har generalbasshefte merka både arciliuto og tiorba. Det kan tenkjast at éin utøvar veksla mellom begge instrumenta.

Solorepertoaret for erkelutt er vanlegvis notert med tabulatur.

Komponistar

Kva som helst italiensk musikk frå italiensk seinbarokk der ein stemme heiter liuto viser til erkelutten, ettersom den klassiske renessanselutten ikkje var i bruk der lenger da. Den viktigaste komponisten av solomusikk for erkelutt på 1600-talet var Alessandro Piccinini. Tidleg på 1700-talet utmerkar Giovanni Zamboni seg med sitt sett på tolv sonatar for erkelutt (1718, Lucca). To milanesiske komponistar frå seint på 1700-talet var Antonio Scotti og Melchiorre Chiesa. Andre komponistar inkluderte Antonio Tinazzoli, Giuseppe Vaccari og Lodovico Fontanelli.

Utøvarar i nyare tid

Dei viktigaste nolevande (2008) erkeluttspelarane er Edin Karamazov, Axel Wolf og Luca Pianca (stiftaren av ensemblet Il Giardino Armonico), som først og fremst spelar erkelutt; og Paolo Cherici, Massimo Lonardi, Luciano Contini, Paul O’Dette, Jakob Lindberg og Nigel North, som er kjente utøvarar på både erkelutt og andre instrument.

Sentrale erkeluttalbum inkluderer J.S. Bach-albuma av Axel Wolf og Luca Pianca; Zamboni- og Piccinini-albuma av Luciano Contini og Vivaldi-albumet ved Paolo Cherici. Med ei sterkare lenkje til nyare musikk kan nemnast den bosniske erkeluttspelaren Karamazov, som kan hørast på Sting sitt album Songs from the Labyrinth som hovudsakleg inneheld musikk av John Dowland og Karamazov sitt eige album Come, heavy sleep, som inneheld musikk av J.S. Bach og Benjamin Britten.

Sjå òg

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Archlute from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.