Fag:Estetiske fag
Frå Alnakka.net
estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur
engelsk • hebraisk • kroppsøving • mat og helse • matematikk • musikk • naturfag • norsk • spansk • tysk
|
Thomas Tellefsen (1823–1874) var ein pianist og komponist frå Trondheim som blant anna er kjent for å ha skreve de to første bevarte pianokonsertane i den norske musikkhistoria. Thomas Dyke Acland Tellefsen vart fødd den 26. november 1823 i Trondheim. Han studerte med far sin, organisten Johan Christian Tellefsen og med Ole Andreas Lindeman. Thomas gav den første offentlige konserten sin i heimbyen våren 1842. Året etter reiste han til Paris, der han vart elev av Charlotte Thygeson, og seinare Friedrich Kalkbrenner. I åra 1844 til 1847 vart han periodisk undervist av Frédéric Chopin, som vart hans personlige ven òg. Les meir …
Jesjibàt Ngeṣ ḥajjím i Valozjyn (hebr. ישיבת עץ חיים בוולוזין), kjent på jiddisch som Eits chaiem jeshive eller Valozhin jeshive, var ein jesjibá i byen Valozjyn i det novarande Belarus. Jesjibáen vart grunnlagt i 1803 av rebbí Ḥajjim Volozhin, ein elev av Vilner Góen, og med verksamheita gjenom det meste av 1800-talet og nån år inn på 1900-talet kom denne jesjibáen til å spela ein sentral rolle i utviklinga av asjkenazisk ortodoks jødedom. Les meir …
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdaning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963). Les meir …
Ein minbar (arab. منبر, minbar; pl. manābir), òg skreve mimbar, eller minber (tyrk.), òg skreve mimber, er ein prekstol som tradisjonelt finst i moskéar. Minbaren ligg normalt lengst fram i moskéen, til høgre for mihrab — nisja som viser retninga til Makkah (Mekka). Han er oftast forma som ei bratt tropp som fører opp til ei lita plattform med spisst tak der imāmen (eller ein annan ḫaṭīb — talaren under fredagsgudstjenesta eller på andre høgtidsdagar) held ḫuṭbah (preka). Ordet al-minbar ligg elles til grunn for almemmar, det vest- og sentral-asjkenaziske ordet for tebá (lesarplattform) i synagogen. Les meir … Sjem Tob ben Joséf Falaquera (ca 1225–ca 1295) var ein sefardisk diktar, omsettar og förmidlande filosof i den nyplatonske skulen. Sjem Tob ben Joséf Falaquera vart fødd i Provence eller Nord-Spania kring 1225. Han dødde truleg ca 1295. Generelt var han, i pakt med sitt eige mål, meir ein förmidlar enn ein nyskapar, og han omsette fleire nyplatonske tekstar. I dei to verka Resjít ḥokhmá (‘Visdommens begynnelse’) og Séfer Hammebakkésj (‘Den søkjandes bok’) tek han blant anna for seg musikk. I Resjít ḥokhmá tek han for seg klassifikasjon av greiner av musikken. Les meir … Ingvar Hestnes (1904–1990) var ein spelmann frå Valsøyfjorden i Halsa kommune på Nordmør. Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 ått föreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867). Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga ått honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da han Ingvar var 19 år gammel, kjøpte faren ei hardingfele ått honom gjenom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast. Les meir …
Nordlandet kirkje er ei steinkirkje i jugendstil som vart bygd i 1913–1914. Arkitekt var kirkjearkitekt Hagbarth Schytte Berg (1860–1944) frå Trondheim, og byggmeister Ole Havnæs frå Ålesund hadde hovudenterprisen for oppføringa. Hovudmaterialet for veggene var lokal, handhogd gråstein. Takstolane av tre er synlige frå kirkjerommet. Glasmåleria og bilda på veggene vart laga av Emanuel Vigeland (1875–1948). Kirkja er kjent for den gode akustikken og blir mykje bruka til konsertar. Les meir … Louis Danto (f. 2. mai 1929 i Suwałki, d. 2010 i Toronto) var ein lyrisk tenor og ḥazzán som var kjent over store deler av verda for konsertframføringane og opptaka sine av italiensk, russisk og fransk operarepertoar så vel som jiddisch musikk og ḥazzanút, der han var blant dei ledande nolevande tolkarane. Han heldt eit stort antal konsertar i Nord-Amerika, Europa og Israel, og han spela inn 24 soloalbum for RCA, DaCamera, Musical Heritage Society og Cadenza. Fleire komponistar har skreve — og tileigna — musikk til Louis Danto. Han tjente som ḥazzán ved Beth Emeth Bais Yehuda Synagogue i Toronto i Ontario frå 1973 og heilt til han gikk av med pensjon i 1998. Les meir …
Den helige Birgittas kapell (nyn. Den heilage Birgittas kapell; bm. Den hellige Birgittas kapell) er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta i Jørnvågen på Tustna i Aure kommune på Nordmør. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein menigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd onsdag den 4. juli 2007 av pater Alexandre Semajangwe Polepole. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utaför kapelldöra òg. Les meir …
Jean-Baptiste Forqueray (f. 3. april 1699 i Paris, d. august 1782) var ein kjent gambist og komponist frå Frankrike. Jean-Baptiste Forqueray vart fødd i Paris den 3. april 1699 som son ått gambisten Antoine Forqueray. I dag er han mest kjent för de 29 stykka för gambe og generalbass som han, med unntak av tre av dem, tilskreiv far sin. De tre hadde han sjølv skreve. I advertissementa skreiv han at han hadde ansvaret för basslinja (og dermed besifringa òg) og fingersettinga i gambestemmen. Les meir …
Hindrem stavkirkje er ei stavkirkje som vart oppført i 2011–2012 og innvigd den 9. september 2012 på Hindrem i Leksvik i Indre Fosen kommune i Trøndelag. Kirkja er bygd på samma staden som den gamle Hindrem stavkirkje, som var nemnt i Reformatsen 1589 og vart reven da det vart bygd ny kirkje der i 1665. Nykirkja vart reven i 1897 etter at kirkjestaden hadde vorte flytta til Vanvikan. Les meir … Sverre Ludvig Laumb Jensen (fødd 1944) er ein musikar og handverkar frå Oslo. Han er bl.a. kjent for arbeidet sitt med nybygging av eldre norske folkemusikkinstrument, arbeidet sitt med mellomaldermusikk og arbeidet sitt med den andalusiske musikk- og dansesjangeren flamenco. Sverre Jensen er gift med dansaren og koreografen Gloria Riveros Giménez, født i Paraguay. Les meir …
|
|