Georg Friedrich Händel
Georg Friedrich Händel eller George Frideric Handel (1685–14. april 1759) var ein tyskfødd barokkomponist som i vår tid er særlig kjent for oratoriet The Messiah (Messias) og orkesterverka The Celebrated Water Musick og Musick for the Royal Fireworks.
Biografi
Tidlege år
Georg Friedrich Händel vart fødd den 23. februar 1685 i Halle i det davarande kurfyrstedømmet Brandenburg ått föreldra Georg Händel (1622–1697) og Dorothea Taust (1651–1730). Sjølv om faren gjorde sitt beste for å halde han unna musikken og pense han inn på advokatyrket i staden, viste Georg Friedrich tydelig talent for tangentspel alt i sjuårsalderen. Ni år gammel begynte Georg Friedrich å komponere musikk. Kanskje for å følgje ønskjet frå far sin skreiv Georg Friedrich seg inn som student ved Universitetet i Halle den 10. februar 1702, men han droppa studia til fordel for musikken da far hans dødde året etter, og han vart tilsett som fiolinist i operaorkestret ved Theater am Gänsemarkt i Hamborg. Her vart de to første operaene hans, Almira og Nero, oppsett på etterjulsvinteren i 1705
Italia
Mellom 1706 og 1709 arbeidde Händel i Italia, der han skreiv de første store kirkje- og teatermusikkverka sine. Blant anna skreiv han operaen Agrippina i 1707. I 1710 vart han kapellmeister ved hoffet i Hannover. Samma året reiste han til London, og to år seinare flytta han dit for godt.
England
Händel flytta til England i 1712. I 1719 vart Händel, som i England tok namnet George Frideric Handel, utnemnt til musikksjef for det nylig grunnlagte Royal Academy of Music, som vart oppretta for å administrere operalivet i London. Han reiste kring til olike hoff og operaer i Europa for å kunna rekruttere olike songarar han likte. I 1723 vart han utnemnt til komponist ved Chapel Royal, og i 1727 fikk han engelsk statsborgarskap. Under denna tida var Handel veldig populær i London. Han skreiv musikk for statshendingar som vart svært framgangsrik, slik som Birthday Ode for Queen Anne, Te Deum og kroningsstykket Zadok the Priest, som framleis blir bruka ved engelske kroningar. Han skreiv òg kammermusikk, etydar for cembalo og operaer.
I 1728 gikk Royal Academy of Music konkurs. Handel prøvde likevel, å halde liv i verksamheita, men fånyttes. Dessutan vart det konkurrerande Opera of the Nobility grunnlagt i 1733. Fire år seinare var både Royal Academy of Music og Opera of the Nobility ruinert, og på toppen av det heile fikk Handel slag. Ettersom operainteressen dalte, begynte Handel å skrive oratorium i staden. Musikken minte om operaene, og kjennetekna hans var de mektige korsongane, slik som Hallelujah-koret frå oratoriet Messiah, som vart skreve i 1742 for veldedige formål i Dublin.
De siste seks åra av livet sitt var Handel blind, og han hadde dårlig helse. Trass i detta fortsette han å spela langt inn i 70-årsalderen. Da han dødde i 1759 i London vart han rekna som ein av de störste britiske komponistane nånn gong. Han ligg gravlagt i Westminster Abbey.
Verk
Vokalmusikk
Operaer
Oratorium
Basert på Den hebraiske bibelen
- 1732 - Esther
- 1733 - Deborah
- 1733 - Athaliah
- 1738–39 - Saul (HWV 53)
- 1739 - Israel in Egypt (Israel i Egypt)
- 1743 - Samson
- 1744 - Joseph and his brethren (Josef og brørne hans)
- 1745 - Belshazzar
- 1748 - Joshua
- 1749 - Solomon
- 1752 - Jephtha
Basert på De apokryfe skriftene
- 1747 - Judas Maccabæus (Judas Makkabeus)
- 1749 - Susanna
Basert på Det nye testamentet og nyare kristne kjeldor
- 1708 - Oratorio per la Resurrezione di Nostro Signor Gesù Cristo
- 1742 - Messiah (Messias)
- 1750 - Theodora
Verdslige oratorium
- 1718 - Acis and Galathea
Kantatar og odar
Instrumentalmusikk
Orkestermusikk
Concerti Grossi
Solokonsertar
Kammermusikk
Triosonatar
Solosonatar med generalbass
Bibliografi
- Winton Dean: The New Grove Handel. Work list [by] Anthony Hicks. (The composer biography series.) New York (W. W. Norton & Company), 1983. ISBN 0-393-30086-2.
- Christopher Hogwood: Handel. Chronological table by Anthony Hicks. London (Thames and Hudson), 1985. ISBN 0-500-01355-1.
- Paul Henry Lang: George Frideric Handel. New York (W. W. Norton & Company, Inc.), 1966.
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Georg Friedrich Händel» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. |
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Georg Friedrich Händel» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida. |