Fag:Religion og livssyn
Frå Alnakka.net
estetiske fag • matematikk/naturfag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur
engelsk • hebraisk • kroppsøving • mat og helse • matematikk • musikk • naturfag • norsk • spansk • tysk
|
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstjenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om tillatelse til å ha gudstjeneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstjenestor og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702 og Jakob Franco i 1705. Begge var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen. Les meir …
Mezuzá (hebr. מְזוּזָה betyder eigentlig ‘dörkarm’ og blir uttala «mesosá» (med stemte S-ar) på hebraisk. Asjkenazím i Norge seier gjerne mesóse eller mesúse, i ei norsk utgåve av den jiddische uttalen. Mezuzáen har to deler: 1: ein keláf (pergament) med to handskrevne sitat frå 5. mosebok, og 2: ein liten avlang boks eller sylinder som vanlegvis er laga av metall, glass eller tre. Utapå boksen står gjerne enten ein sjin eller sjin—dalet—jód. Dette står for Sjaddái — eitt av namna som blir bruka for å vise til Gud i jødedommen. Etter halakhá (jødisk religiøs lov) skal alle rom som er minst 2X2 meter, blir bruka til permanent bustad og ikkje blir bruka til avtrede eller lagring av avfall, ha ein mezuzá ved kvar dör som går inn til rommet. Mange har òg ein mezuzá på arbeidsstaden sin. Les meir …
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkerne). For å vara kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vara handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk. Les meir …
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av de akademiske og åndelige sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av de viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław). Les meir … Maurice Abravanel (1903–1993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine av Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i samma huset som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement i lag med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapelig oppteken av musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich. Les meir … Sherwin Wine (1928–2007) var ein rabbinar som først og fremst var kjent som grunnleggaren av the Society for Humanistic Judaism. Sherwin T. Wine vart fødd den 25. januar 1928. Han studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske menigheita — i Detroit i 1963. Les meir …
Ein minbar (arab. منبر, minbar; pl. manābir), òg skreve mimbar, eller minber (tyrk.), òg skreve mimber, er ein prekstol som tradisjonelt finst i moskéar. Minbaren ligg normalt lengst fram i moskéen, til høgre for mihrab — nisja som viser retninga til Makkah (Mekka). Han er oftast forma som ei bratt tropp som fører opp til ei lita plattform med spisst tak der imāmen (eller ein annan ḫaṭīb — talaren under fredagsgudstjenesta eller på andre høgtidsdagar) held ḫuṭbah (preka). Ordet al-minbar ligg elles til grunn for almemmar, det vest- og sentral-asjkenaziske ordet for tebá (lesarplattform) i synagogen. Les meir …
Gurū Rām Dās dji (24. september 1534—1. september 1581) var den fjerde av de ti sikh-gurūane og vart utnemnt til gurū den 30. august 1574 som etterfølgjar av gurū Amar Dās. Före gurū Rām Dās dødde, utpekte han gurū Ardjan Dev dji, den yngste sonen sin, som den neste sikh-gurūen. Les meir …
Gurū Hari Gōbindh djī (19. juni 1595 – 3. mars 1644), òg skreve Har Gobind, Har Gobindh og Hargobind, var den sjette av dei ti sikh-gurūane og vart gurū den 25. mai 1606 som etterfölgjar etter far sin, gurū Ardjan Dev dji. Före gurū Hari Gōbindh dødde, utnemnte han gurū Hari Rāi, barnebarnet sitt, som den neste sikh-gurūen. Les meir … Herman Fischer (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein förretningsmann og cellist i Kristiansund. Han dreiv förretninga Beklædningsmagasinet Fix og var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og ledar av orkesteret. Les meir … Tannait Asenát Barzani (1590–1670) var ei kjent kurdisk-jødisk kvinne som levde i Mosul i Irak. Ho studerte kabbalá og var ei av de aller første kvinnone i historia som vi veit at fikk ein rabbinartittel. Asenát Barzani vart fødd i 1590 som dotter ått rabbinar Sjemuél Barzani. R. Sjemuél Barzani var ledar för mange jesjibót i si tid, og den rabbinske autoriteten hans i Kurdistan var obestridd. Han var ein meister i kabbalá, og det er sagt at han gav den hemmelige lærdommen vidare til dotter si, som beundra far sin, som ho rekna som ein konge over Israel. Han var den viktigaste læraren hennar, og etter at han dødde, tok ho over mange av oppgåvone hans. Asenát fikk tittelen tannaít. Les meir …
Den helige Birgittas kapell (nyn. Den heilage Birgittas kapell; bm. Den hellige Birgittas kapell) er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta i Jørnvågen på Tustna i Aure kommune på Nordmør. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein menigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd onsdag den 4. juli 2007 av pater Alexandre Semajangwe Polepole. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utaför kapelldöra òg. Les meir … Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske avisor fleire gonger i 1840-åra. Les meir …
|
|
