Alnakka.net:Forsida

Frå Alnakka.net
<< oktober >>
søn mån tis ons tor fre lau
1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
2026

Alnakka.net er ein nettressurs for kultur og miljø med utgangspunkt i skandinavisk kystkultur i vidaste meining, inkludert minoritetskulturar og kulturmøte. Sjølve ordet alnakka eller almanakk vart utbreidd i Europa gjenom boka Kitāb al-manākh, som vart forfatta på 1200-talet av den marokkanske matematikaren og astronomen Ibn al-Banna al-Marrakushi. Så langt har Alnakka.net 2 494 artiklar og 6 274 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

I dag er det laurdag den 17. oktober 2026

I jødedommen er det Mal:Jødiske merkedagar 2026Muslimar markerer Mal:Muslimske merkedagar 2026Buddhistar markerer Mal:Buddhistiske merkedagar 2026

Fødslar og dødsfall, etableringar og opphør

 

Religion og livssyn

Amsterdam1639 Int.png
Esnogaen i Amsterdam frå 1639 var den første felles portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i Amsterdam. Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samenslegne under det novarande namnet Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den davarande Houtgracht til ein felles synagoge.   Les meir …
5956 mishnayyot hebr.jpg
Bokverket Misjná (hebr. מִשְׁנָה [miš'nā]) er den første omfattande skriftlege kodifiseringa av den munnlege Toráen som han vart forstått av farisearane og seinare av de rabbinske jødane. Misjná vart redigert og fullført av Jehudá hannassí mot slutten av 100-talet av den vestlege tidsrekninga. Misjná utmerker seg i den rabbinske litteraturen ved skildringane av Tempelet i Jerusalem, som vart øydelagt eitt hundreår tidlegare. Éin av de seks hovuddelene av Misjná handlar spesifikt om lovar for tempeltjenesta.   Les meir …
Paranirvana.JPG
I buddhismen er parinirvāṇa (sanskrit: परिनिर्वाण) eller parinibbāṇa (pāḷi परिनिब्बाण), kjent som 般涅槃, bō niè pán, på kinesisk, den endelige nirvāṇaen. Vanligvis blir parinirvāṇa berre rekna som mulig når kroppen til ein person som har oppnådd fullstendig bōdhi (opplysing) dør. Parinirvāṇa, som er det høgste målet i buddhistisk praksis, inneber at personen blir løyst frå bhavatjakra, saṁsāra, karma og atterføding; og dessutan blir alle verdslige fysiske og mentale element, eller skandhaer, oppløyst.   Les meir …
Bahá’íar må, i følgje Bahá’u’lláh, seie minst éi av tre openberra obligatoriske bøner (salāt på arabisk). I boka Kitáb-i-Aqdas pålegg Bahá’u’lláh bahá’íloven om ei obligatorisk dagleg bøn som blir lesen av kvar bahá’í åleine. I Kitáb-i-Aqdas skriv han òg at den obligatoriske bøna fanst nerskreven på ein anna tavle. Tavla som inneheldt denne obligatoriske bøna vart ikkje frigjeven til bahá’íane i Bahá’u’lláh sine dagar, og denne bøna vart utbytt med tre obligatoriske bøner av Bahá’u’lláh. Etter at Bahá’u’lláh dødde, vart teksten ått den opprinnelege bøna teken av Mírzá Muhammad `Alí.   Les meir …
C34853 Grip krk.jpg
Grip kirkje er ei stavkirkje frå andre halvdelen av 1400-talet som ligg på øya Grip i Kristiansund kommune på Nordmør. Kirkja har enda mellomalderkjernen, men mange bygningsdeler er fornya. Skipet og koret har samma breidda, 6,5 meter. I 1621 vart veggene i koret skifta og dei nye veggene vart måla. I 1870-åra vart det innsett nye vindaugsopningar, og ytter- og innerveggene vart panelt og kvitmåla.   Les meir …

Naturfag

Reindeer in Kangerlussuaq (Brandt).png
Grønlandsrein (Rangifer tarandus groenlandicus) og alaskakaribu (av ein del rekna som eigen underart, Rangifer tarandus granti), er karibuar som lever i områda frå Vest-Grønland, Nunavut (sørom Parry Channel) og nordlige deler av Northwest Territories (grønlandsrein) til Yukon og store deler av Alaska (alaskakaribu).   Les meir …
Seder Zerangím er den første av dei seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Zerangím inneheld elleve massekhtót som, med unntak av den første, alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om landbruk i Ereṣ Jisraél (landet Israel). I Jerusjalmí blir alle de 11 massekhtót kommentert, medan den meir urbant orienterte Bablí berre inkluderer kommentarar til den meir generelle Massékhet Berakhót.   Les meir …
Tipula paludosa.jpg
Myhank (lat. Tipulidae) (nyn./bm. myhank, dial. mygghank, mehank, mohank o.a.), òg kalla stankelbein (nyn./bm. stankelbein, bm./da. stankelben) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei störste dyra i gruppa myggar og er utbreidd over store deler av verda. Dei blir rekna som ein av dei mest primitive familiane innaför tovengene, men myhankane med sine kring 10 500 skildra artar er likevel blant dei störste og mest suksessfulle delgruppone. I Norge er det kjent 93 artar.   Les meir …

Kystkultur

R0711 galeas ved Innlandet.jpg
Ein galeas er ei tomastra seglskute med sneiseglrigg på begge mastrene. Galeasar skil seg frå skonnertar ved at aktermastra (mesanmastra på galeasen) er kortare enn formastra (stormastra på galeasen). Galeasar har normalt akterspegel og er òg gjerne noko grovare bygd, med vekt på lasteevne heller enn hastigheit, og har ofte meir spring enn skonnerten. Ein del hardangerjakter vart omrigga til galeasar kring 1900.   Les meir …
Shnyaka.gif
Sjnjaka (russ. шняка, шнека el. шнек) er ein tradisjonell nordvestrussisk og austsamisk open, spissgatta fiskebåt med årar og segl. Eit karakteristisk trekk ved sjnjakaen så vel som med eldre skoltebaskar og liknande båtar, er at borda er sauma heller enn klinka. Sjnjakaen som vi kjenner han frå 1800-talet hadde normalt ei totallengd på 7–12 m, førte éi master med råsegl eller sprisegl og hadde mannskap på fire. Lasteevnen var normalt 2,5–4 tonn. Dei største fartya hadde òg mesanmaster med gaffelsegl, så vel som baugspryt med fokk.   Les meir …
Chapman 1768 Schooner.jpg
Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. De tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. De to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.   Les meir …
Segleaattring1.jpg
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til kring 1880. Mindre båtar vart bygd inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygd og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna av skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, lødor og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lite endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygd. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …

Musikk

Sarod.jpg
Ein sarōd (hindī सरोद, bānglā সরোদ) er eit indisk klimpreinstrument som truleg er utvikla frå senya-rebaben, eit indisk/persisk instrument som vart spela i India fram til 1800-talet. Sarōden er eit lutt-liknande instrument med kropp av eitt emne av indisk mahogny eller teak med gripebrett av stål utan tverrband. Kroppen av instrumentet er trekt med geitskinn, og stolen står i press mellom strengene og geitskinnslokket. Sarōden har fire spelestrenger, seks rytme- og grunntonestrenger og 15 resonansstrenger. Ein klimprar på strengene med ein «djaba» — eit plekter laga av kokosnøtt.   Les meir …
Clavicembalo all8 Pisaurensis Venezia 1543.gif
Eit cembalo (frå it. clavicembalo) er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir dana av plekter som knipsar strengen. Dei eldste cembaloa vi kjenner til vart bygd i Italia på 1300-talet. Cembaloet hadde storheitstida si frå 1500-talet til 1700-talet, da fortepianoet etterkvart tok over. Det finst fleire olike former av cembalo i tillegg til den vanlege, inkludert virginal (rektangulære instrument med klaviaturet på eine langsida, spinett (oftast meir eller mindre trekanta instrument med klaviaturet på skrå av strengene og klavicyterium, der strengene er loddrette.   Les meir …
Stainer-fiolin (1658).jpg
Ein barokkfiolin er, etter vanleg bruk av ordet, ein fiolin der halsen, gripebrettet, stolen og strengehaldaren er utforma slik dei typisk sett var under barokken og til dels klassisismen. Barokkfiolinen i sine olike variantar er éin av fleire historiske variantar av strykeinstrument som no står sentralt i rørsla for historisk oppføringspraksis som gradvis har vorte vanlegare frå tidleg på 1900-talet av. Barokkfiolinen kom inn seinare enn cembalo, gambe og blokkfløyte, men kring 1980 begynte han å bli vanlegare òg.   Les meir …

Mat

Jødekakor (nyn./bm. jødekaker; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlege namnet på ei gruppe småkakor med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honing og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkakor baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakone er òg at det er minimalt med væske i dem.   Les meir …
Bimuelos er populær ḥanukkámat blant sefardím frå Balkan og mange andre plassar. Ordet bimuelos, som òg kan bli skrive bumuelos, birmuelos, bermuelos, burmuelos eller bulemas, er djudíospanjol og heng ihop med spansk «bunuelo»; i Tyrkia seier ein òg lokmas, og i Hellas λουκουμαδες (loukoumades).   Les meir …
3376 kapusta.jpg
Kapuste (jid. קאַפוסטע) eller kapuste-zup (jid. קאַפוסטע־זופ) er ei austeuropeisk-jødisk tjukk suppe eller stuing med kål som hovudingrediens. Kapuste er tradisjonelt ein sentral matrett blant litauiske jødar og polske jødar. Matretten har sitt opphav i den bl.a. polske og russiske matretten kapusta, som òg er opphavet til den tyrkiske matretten kapuska.   Les meir …
Saag Paneer.jpg
Sāg panīr (hindī साग पनीर [sāg panīr]) er ein nordindisk matrett som består av panīr (osalta ferskost), spinat og andre grøne blad (f.eks. bukkehornskløver eller sennepsblad) i karrisaus. Sāg panīr kan òg innehalde spinat som einaste grøne bladtype, men blir da ofte meir presist kalla pālak panīr.   Les meir …
Saupsuppe eller kjernemjølkssuppe er ei skandinavisk suppe med saup (kjernemjølk) som basis. Ein lagar jamning i gryta av mjøl og mjølk. Set det over varmen, og vispar godt til det kokar opp.   Les meir …

Språk

El Avenir.jpg
Djudeospanjol, òg skreve judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …

Arnold Dalen: «Den trønderske lina i norsk målreising»
  Overskrifta på denne artikkelen føresett at den fins noko som heiter ei trøndersk line i den norske målreisinga og at den har hatt sine representantar her i landsdelen opp gjennom den nyare språkhistoria, og at dei har vori dominerande i målrørsla her. Ein kan sjølvsagt innvende mot ei slik framstilling at ein i Trøndelag som i andre landsdelar har hatt representantar for ulike syn på korleis det nynorske skriftmålet skulle utvikle seg, og vi har hatt både dei som har hørt heime blant dei nasjonale puristane og dei som har stått for ei liberal folkemålsline. Det gir likevel meining å tale om ei trøndersk line i denne samanhengen dersom ein dreg fram dei trønderske målmennene — og det er nok her berre snakk om menn — som har markert seg tydelegast i arbeidet for norsk mål, og denne lina kan ein seie er prega av eit demokratisk, jordnært og udogmatisk målsyn.   Les meir …

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn; d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særleg er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk. Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Norge og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les meir …


Andre nettsidor

Esnoga.no

Wikipedia: nynorsk • bokmål • svensk • dansk • færøysk • islandsk • nordsamisk • finsk • jiddisch • plattysk • djudeospanjol • kastiljansk • portugisisk • hebraisk

Andre: Digitaltfortalt.no • Farmasihistorie.com • Heimskringla.no • Historier.no • Kunsthistorie.com • Lokalhistoriewiki.no