Emne:1900-talet

Frå Alnakka.net

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

100-talet · 200-talet · 300-talet · 400-talet · 500-talet · 600-talet · 700-talet · 800-talet · 900-talet · 1000-talet · 1100-talet · 1200-talet · 1300-talet · 1400-talet · 1500-talet · 1600-talet · 1700-talet · 1800-talet · 1900-talet · 2000-talet ·

1900-talet

Artiklar

Otto Jespersen (f. 16. juli 1860 i Randers; d. 30. april 1943) var ein dansk språkforskar. Otto Jespersen vart fødd måndag den 16. juli 1860 i Randers i Danmark som son ått herredsfoged og justitsråd Jens Bloch Jespersen (død 1870) og Sophie Caroline, f. Bentzien. Han vart dimittert frå Frederiksborg Skole i 1877. I tida 18931925 var han professor i engelsk språk ved Københavns Universitet. Forskinga hans heldt så høgt nivå at bøkerne hans om engelsk språk og grammatikk vart bruka ved dei engelske universiteta. Boka Fonetik (1897–1899) blir stadig rekna som ein milepåle innafor den europeiske språkvitskapen.   Les meir …
Johan Turi.jpg
Johan Turi (18541936) var ein samisk kunstnar og forfattar som blir rekna for å vara den første samiske forfattaren som gav ut verk på samisk. Den første boka hans, Muitalus sámiid birra, er framleis truleg det mest kjente samiske verket; ho er omsett til over ti olike språk, blant anna til svensk, dansk, engelsk, tysk og japansk.   Les meir …
Ethelbert Lort Phillips ca 1910-1911.jpg
Ethelbert Lort Phillips (1857–1943 el. 1944) var ein engelsk forretningsmann og hobbynaturalist som elles er kjent for å ha tilbrakt mykje tid på Indre Nordmør, der han blant anna let byggje fire sportsvillaer, eller turisthyttor som vi heller kallar dem i dag. Ethelbert Edward Lort Phillips vart fødd i 1857 som det andre av fire born av Richard Ilbert Lort Phillips (18191860) og Frederica Isabella de Rutzen (d. 1904).   Les meir …
15281cr Nordlandet krk.jpg
Nordlandet kirkje er ei steinkirkje i jugendstil som vart bygd i 19131914. Arkitekt var kirkjearkitekt Hagbarth Schytte Berg (1860–1944) frå Trondheim, og byggmeister Ole Havnæs frå Ålesund hadde hovudenterprisen for oppføringa. Hovudmaterialet for veggene var lokal, handhogd gråstein. Takstolane av tre er synlige frå kirkjerommet. Glasmåleria og bilda på veggene vart laga av Emanuel Vigeland (1875–1948). Kirkja er kjent for den gode akustikken og blir mykje bruka til konsertar.   Les meir …
7651 St. Eystein kirkje i Kristiansund.jpg
St. Eystein kirkje (nyn. St. Eystein kyrkje, bm. St. Eystein kirke) er ei katolsk kirkje i Flintegt. 5 Kristiansund som vart vigsla i 1958. Det første katolske kapellet i byen vart vigsla i 1932, og fleire nonnor av St. Carl Borromeusordenen kom flyttande til byen året etter. Den katolske menigheita vart formelt oppretta i 1934 med Lilly Werring, f. Germaine Amalie Aubert, og sønene hennar som medlemmar. Menigheita har vokse med tida, og i dag (2008) har ho 255 medlemmar.   Les meir …
Elias Blix.jpg
Elias Blix (18361902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten den 24. februar 1836 og dødde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Blix oppdaga landsmålet da han gikk på lærarskule i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla da han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekkobladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om å få preke i Gildeskålkirkja, men på grunn av arbeidet hans Elias Blix som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve.   Les meir …
Arnold Dalen: «Den trønderske lina i norsk målreising»
  Overskrifta på denne artikkelen føresett at den fins noko som heiter ei trøndersk line i den norske målreisinga og at den har hatt sine representantar her i landsdelen opp gjennom den nyare språkhistoria, og at dei har vori dominerande i målrørsla her. Ein kan sjølvsagt innvende mot ei slik framstilling at ein i Trøndelag som i andre landsdelar har hatt representantar for ulike syn på korleis det nynorske skriftmålet skulle utvikle seg, og vi har hatt både dei som har hørt heime blant dei nasjonale puristane og dei som har stått for ei liberal folkemålsline. Det gir likevel meining å tale om ei trøndersk line i denne samanhengen dersom ein dreg fram dei trønderske målmennene — og det er nok her berre snakk om menn — som har markert seg tydelegast i arbeidet for norsk mål, og denne lina kan ein seie er prega av eit demokratisk, jordnært og udogmatisk målsyn.   Les meir …
Trondheim jodiske museum.jpg
Den novarande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinnelig bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tisdagkvelden den 13. oktober 1925.   Les meir …
Malmö synagoga.jpg
Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart tekna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attvarande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.   Les meir …
Reb Zalman 2005.jpg
Reb Zalman Schachter-Shalomi (f. 28. august 1924 i Żółkiew i det davarande Polen (no i Ukraina), d. 3. juli 2014 i Boulder i Colorado i USA) var ein asjkenazisk rabbinar med bakgrunn i Ḥabad-ḥasidismen som først og fremst var kjent som grunnleggar av og hovudperson attom jødisk fornyings-rørsla. Zalman Schachter-Shalomi vart fødd i Zholkve i det davarande Polen (no i Ukraina) torsdagen den 28. august 1924 og vaks opp i Wien. Under andre verdskrigen var han internert i konsentrasjonsleirar under Vichy-regimet. I 1941 kom han seg over til USA. Han vart ordinert som rabbinar under Ḥabad-rørsla i Brooklyn i New York i 1947.   Les meir …
RabbiJackieTabick.jpg
Jacqueline («Jackie») Tabick (f. 1949) er rabbinar i North West Surrey Synagogue i England, som er tilknytt Movement for Reform Judaism. Jacqueline [?] vart fødd i Dublin i Irland i 1949, men budde i England det meste av barndommen. Etter å ha lese mellomalderhistorie for graden sin ved Kings College London, begynte ho å studere ved Leo Baeck College. Ho vart ordinert derifrå som den første kvinnelege rabbinaren i Storbritannia i 1975.   Les meir …
ReginaJonas1.jpg
Regina Jonas (19021944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fikk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar. Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar dødde da ho var svært ung. Som mange kvinnor på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs for liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar». Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vara rabbinar etter halakhiske kjeldor?   Les meir …
Rabbinar Amy Eilberg (f. 12. oktober 1954) vart i 1985 den første kvinna som vart ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America, det viktigaste rabbinske seminaret innaför masorti jødedom. Ho var den første kvinna som vart medlem av Rabbinical Assembly sin Committee on Jewish Law and Standards i 1986. Fram til 2004 hadde JTS ordinert over 150 kvinnelige rabbinarar og Ziegler School of Rabbinic Studies hadde ordinert kring 30.   Les meir …
Ovadia Yosef, 2007.jpg
Ḥakhám Ovadia Yosef, hebr. עובדיה יוסף (f. 24. september 1920 i Bagdad i Irak; d. 7. oktober 2013 i Jerusalem i Israel); òg skreve Ovadia Yossef, er ein ḥaredisk rabbinar, talmúdlærd og posék (anerkjent halakhá-tolkar). Han er tidlegare sefardisk risjón leṢijjón (sefardisk overrabbinar i Israel) og novarande åndeleg ledar for det politiske partiet Shas i Knesset (det israelske parlamentet). Ḥakhám Yosef sine tesjubót (halakhiske svar) er svært høgt respektert i den ortodokse verda og blir sétt på som bindande i mange mizraḥiske samfunn.   Les meir …
Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (f. 27. februar 1950), f. Julia Schwab, er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av House of Lords (Overhuset) i Storbritannia for liberaldemokratane. Ho vart utdana ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London. Ho underviste ved Leo Baeck College frå 1977 til 1997. Neuberger var den andre kvinnelige rabbinaren i Storbritannia etter Jackie Tabick og var den første til å ha si eiga menigheit.   Les meir …

Populære sidor

  1. 1980 (vist g.)
  2. 1981 (vist g.)
  3. 1982 (vist g.)
  4. 1983 (vist g.)
  5. 1984 (vist g.)
  6. 1985 (vist g.)
  7. 1986 (vist g.)
  8. 1987 (vist g.)
  9. 1988 (vist g.)
  10. 1989 (vist g.)
  11. 1990 (vist g.)
  12. 1991 (vist g.)
  13. 1992 (vist g.)
  14. 1993 (vist g.)
  15. 1994 (vist g.)
  16. 1995 (vist g.)
  17. 1996 (vist g.)
  18. 1997 (vist g.)
  19. 1998 (vist g.)
  20. 1999 (vist g.)
  21. 1979 (vist g.)
  22. 1978 (vist g.)
  23. 1977 (vist g.)
  24. 1976 (vist g.)
  25. 1975 (vist g.)
  26. 1974 (vist g.)
  27. 1973 (vist g.)
  28. 1972 (vist g.)
  29. 1971 (vist g.)
  30. 1970 (vist g.)
  31. 1969 (vist g.)
  32. 1968 (vist g.)
  33. 1967 (vist g.)
  34. 1966 (vist g.)
  35. 1965 (vist g.)
  36. 1964 (vist g.)
  37. 1963 (vist g.)
  38. 1962 (vist g.)
  39. 1961 (vist g.)
  40. 1960 (vist g.)
  41. 1959 (vist g.)
  42. 1958 (vist g.)
  43. 1957 (vist g.)
  44. 1956 (vist g.)
  45. 1955 (vist g.)
  46. 1954 (vist g.)
  47. 1953 (vist g.)
  48. 1952 (vist g.)
  49. 1951 (vist g.)
  50. 1950 (vist g.)
  51. 1949 (vist g.)
  52. 1948 (vist g.)
  53. 1947 (vist g.)
  54. 1946 (vist g.)
  55. 1945 (vist g.)
  56. 1944 (vist g.)
  57. 1943 (vist g.)
  58. 1942 (vist g.)
  59. 1941 (vist g.)
  60. 1940 (vist g.)
  61. 1939 (vist g.)
  62. 1938 (vist g.)
  63. 1937 (vist g.)
  64. 1936 (vist g.)
  65. 1935 (vist g.)
  66. 1934 (vist g.)
  67. 1933 (vist g.)
  68. 1932 (vist g.)
  69. 1931 (vist g.)
  70. 1930 (vist g.)
  71. 1929 (vist g.)
  72. 1928 (vist g.)
  73. 1927 (vist g.)
  74. 1926 (vist g.)
  75. 1925 (vist g.)
  76. 1924 (vist g.)
  77. 1923 (vist g.)
  78. 1922 (vist g.)
  79. 1921 (vist g.)
  80. 1920 (vist g.)
  81. 1919 (vist g.)
  82. 1918 (vist g.)
  83. 1917 (vist g.)
  84. 1916 (vist g.)
  85. 1915 (vist g.)
  86. 1914 (vist g.)
  87. 1913 (vist g.)
  88. 1912 (vist g.)
  89. 1911 (vist g.)
  90. 1910 (vist g.)
  91. 1909 (vist g.)
  92. 1908 (vist g.)
  93. 1907 (vist g.)
  94. 1906 (vist g.)
  95. 1905 (vist g.)
  96. 1904 (vist g.)
  97. 1903 (vist g.)
  98. 1902 (vist g.)
  99. 1901 (vist g.)
  100. 1900 (vist g.)


<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>