Emne:Kystkultur

Frå Alnakka.net

BAHA’IISLAMJØDEDOMROMANIFOLKSAMARSIKHISMEKYSTKULTURLANDBRUK

Færøybåt i Rituvík på Færøyane.

Kystkultur er eit omgrep som blir bruka om sjøfart, sjøbruk, landbruk ved sjøen og andre typar menneskelig aktivitet ved kysten. Her på emnesida for kystkultur ligg hovudvekta foreløpig på kulturen på Nordmør, men med tida skal det i tillegg bli lagt vekt på andre deler av kysten i Norge og elles i Skandinavia og nærområda. Etter kvart kjem det stoff om historia til minoritetsgruppor som reisande, sjøsamar, portugisarjødar og asjkenazím. Tema innaför kvar kultur inkluderer naturbruk, arkitektur, farkostar, språk, litteratur og musikk.

Kysten er plassen der land og hav møtest, og ein viktig del av kystkulturen er sjølvsagt å ta vare på balansen i miljøet.

Utvelte artiklar

Jacobstaff.JPG
Ein jakobsstav (vanleg namn i samband med navigasjon) eller ein radius astronomicus (som måleinstrument i samband med astronomi) er eit enkelt måleinstrument som blir bruka til å måle vinkelavstanden mellom to objekt. I samband med navigasjon galdt dét i all hovudsak måling av høgda til sola eller polarstjerna over horisonten. Andre namn på jakobsstaven inkluderer gradboga og baculus Jacob. Den opprinnelege jakobsstaven vart utvikla som ein enkel redskap med éin tverrstav på 1300-talet og vart bruka til å gjera astronomiske målingar. Jakobsstaven vart først skildra av den jødiske matematikaren, astronomen og filosofen Leví ben Geresjón («Gersonides»).   Les meir …
Skaarungen.jpeg
Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden. Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste plassen der dessa båtane har vorte bygd er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmør gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar. Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. De störste båtane kan ha eit toppsegl òg.   Les meir …
Seglande nordlandsbaatar.jpg
Nordlandsbåt viser til opne båtar av ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl. Den eldre typen nordlandsbåt blir kalla krumstemning, ettersom han har relativt runde stamnar. Ein nordlandsbåt av den nye typen som vart gradvis utvikla frå kring 1800 og fram til kring 1860, har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog.   Les meir …
Specialkart over stroget om Engelvaer, Lovovaer, og Valsvaer...(1882).jpg
Eit draft eller eit sjøkart er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sétt frå sjøen. Eit hovudpoeng ved drafta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøro; tidlegare vart djupnene oppgjevne i famner, men frå innpå 1900-talet har norske draft gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen ombord på ein båt, eit skip eller eit luftfarty som kjem frå magnetismen i sjølve fartyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt fortekn. Han vil òg endre seg etter kursen til fartyet, slik at det må settast opp ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for olike retningar.   Les meir …
Salvelinus alpinus (1).jpg
Røye eller røyr (Salvelinus alpinus) er ein fisk av laksfamilien. Røya er den nordligaste av laksfiskane og finst i salt- og ferskvatn kring Nordishavet og Skandinavia, og i tillegg i ferskvatn i høgfjellsområda kring Alpane og Pyrenéane. Røya er ein god matfisk og blir rekna som delikatesse i Nord-Norge. Han blir noko bruka i landbasert fiskoppdrett.   Les meir …
Klippfisk.jpg
Kleppfisk (bm. klippfisk, sv. klippfisk/kabeljo, da. klipfisk) er salta og tørka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men hyse (kolje), lange, brosme og sei blir òg bruka. Kleppfisk er eit langt meir foredla produkt enn tørrfisk: Tørrfisken er ikkje salta og blir hengt på hjell til tørking; medan kleppfisken er gjenomsalta, flattørka og pressa fisk. Tradisjonelt har kleppfisken vorte tørka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid har det vorte vanlegare å tørke kleppfisken i innadørs tørkeanlegg.   Les meir …
10699 straumbaat (Saltstraumen Museum).jpg
Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten og to til tre par årar, vart tradisjonelt bygd på Evensgård og KvælRøkland i Saltdalen for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) kring Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotnaskrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan brytast av ved stor belastning), men naturleg vaksne heiltre-keipar med solide hammelband av sauma dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med breid base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komma seg fram i sterk straum, men til gjengjeld osikker når både straumen og vinden er sterk.   Les meir …
13672 NSF krumstemning fraa Misvaer.jpg
Ein krumstemning er ein nordlandsbåt av typen som var vanleg fram til tidleg på 1800-talet, føre dei nye, meir rettstemna nordlandsbåtane vart utvikla og tok over. Krumstemningar har ein relativt runda framstamn som bøyer seg noko innover øvst; medan bakstamnen er noko mindre runda, innoverskrådd mot kjølen og utan framlutande overheng. Dei er oftast relativt langsmale og med vesentleg lågare fribord enn dei nyare nordlandsbåtane. Båtane manglar ofte vaterbord og har oftast keipar av «y-type» som er fastnagla i øvste bordet. Som på nyare nordlandsbåtar og geitbåtar, men i motsetning til åfjordsbåtar, har krumstemningane tydelege lyroddar som gjev ein runda overgang mellom øvste bordgangen og stamnane. Krumstemningane, og da særleg åttringane, fikk ord på seg for å vara otrygge i grov sjø, og den hogde konstruksjonen let seg vanskeleg kombinere med industriell produksjon. Dette var to vesentlege grunnar til at den nyare nordlandsbåten med høgare fribord, vaterbord, tollpinnar og hovudsakleg saga bordgangar vart utvikla.   Les meir …
6611 bryggje paa Innerberg.jpg
Ei svalgangsbryggje er ei bryggje (sjøhus, sjøbu) der enten eine langsida, som ofte vender mot sør (eller unna vêret), eller nedste etasjen på sjøsida (somme gonger begge) har ein open svalgang som bl.a. fungerer som lufte- og tørkeplass for børnskap og anna. Den største konsentrasjonen av attvarande svalgangsbryggjor er på Nordre Nordmør, og da særleg innafor Aure og Heim kommunar.   Les meir …


Pekarar

Innhald (utval)

SJØBRUK OG SKIPSFART

EVENTYR og SEGNER:

MUSIKK