Fag:Språk og litteratur

Frå Alnakka.net

kunst/handverk • matematikk/naturfag • musikk/dans • praktiske fag • samfunnsfag • religion/livssyn • språk/litteratur

engelsk • hebraisk • norsk • spansk • tysk

Språk og litteratur

Artiklar

Abigail Rebecca Samuda (f. 24. april 1810, d. 2. april 1907 i Heathcroft i London), oftast omtala som A.R. Samuda, Abigail Samuda eller berre Miss Samuda, vart fødd som eldste barnet ått Simha (Joy) de Hananel Lopes Pereira alias Aguilar og Ost- og Vestindia-handlaren Abraham de Samuda. Abigail var ein ivrig kunstmålar. Ho tala fire språk flytande og etterlet seg kring 30 manuskript med omsettingar til engelsk, inkludert dei fleste verka av Heinrich Zschokke, som ho sette særleg høgt. Ho skreiv fleire dikt som vart tonsett av Emanuel Aguilar og andre. Ho dødde den 2. april 1907 i Heathcroft i London, i huset til sin gode ven og svigerson Jose de Sola Pinto, far ått litteraturvitaren Vivian de Sola Pinto.   Les meir …
Solitreo -exemplo.jpg
Solitreo eller soletreo (djudeospanjol, frå portugisisk soletrar eller asturiansk soletrear/solitrear, ‘(å) stava’) er lykkjeskrift-utgåva av hebraisk skrift som tradisjonelt blir bruka blant osmanske sefardím for å skrive djudeospanjol, ladino og hebraisk. Skrifta er visuelt sétt snarlik asjkenazisk lykkjeskrift, men er olik nok til at dei ikkje er innbyrdes förståelige. Skrifta var i vanleg bruk blant sefardím i Det osmanske riket, inkludert i det jødiske samfunnet i Ereṣ Jisraél (hovudsakleg tilsvarande vår tids Israel, Vestbredda og Gaza) langt opp mot våre dagar. I og med at Israel har gjenomført asjkenazisk lykkjeskrift som einaste standard, har antalet folk som kan lesa og skrive solitreo gått markant ner sidan begynnelsen av 1900-talet.   Les meir …
Tseine ureine Jozefow 1865 (tittelblad).jpg
Tseine ureine (jid.) eller Tseino ureeino (Mal:Asjk.he.) (av hebr. צאנה וראינה), nån gonger kalla Kvinnebibelen, er eit jiddischspråklig bokverk frå 1616 som er inndelt etter dei parasjijjót (vekkoavsnitta) av Torá og Haftará som blir bruka i rabbinsk-jødiske gudstjenestor. Boka sett ihop bibeltekstar med ymse lærdom frå Den muntlige Toráen, inkludert talmudisk aggadá og medrásj. Tseine ureine vart skreve av rebbí Jangakób ben Jiṣ’ḥák Asjkenazí (1550–1625) frå Janowa ved Lublin i Polen). Namnet er utleda frå eit vers i Sjir hasjirím (Høgsongen) som begynner med Tseino ureeino b’nois Tsijjoin (Mal:Sef.he.: Ṣéna ur’éna, benót Ṣijjón, det vil seie ‘Gå ut og sjå, di døtrer av Ṣijjón’). Dét viser tydelig at boka var skreven for kvinnor, som på den tida og staden generelt kunne mykje mindre av det liturgiske språket hebraisk. Tittelbladet av Basel-utgåva frå 1622 viser til at kjeldone inkluderer Rasjí (1040–1105) og eksegesone av 1200-talsforfattaren Bahya ben Asher ben Halawa, så vel som talmudiske kjeldor.   Les meir …
CodexFrisianus.jpg
Heimskringla eller Norges kongesogor er ei samling av kongesogor nerskrevne kring 1220-åra av islendingen Snorri Sturluson (1179–1242). Den første av dem er Ynglingasoga, som handlar om den svenske ynglingaætta. Så fölgjer sogone om Halfdan svarte og Harald Hårfagre, og deretter sogor om dei norske kongane fram til Magnús Erlingsson (d. 1184). Tilnamnet Heimskringla fikk boka frå den første setninga i Ynglingasoga: “Kringla heimsins, sú er mannfólkit byggir, er miǫg vogskorin.”   Les meir …
Johan Austboe.jpg
Johan Austbø (fødd 23. oktober 1879 i Lavik i Høyanger kommune i Ytre Sogn, død 22. desember, 1945 på Hokksund i Øvre Eiker kommune) var lærar, dansar, diktar, komponist, songar og målmann. Han vart utdana ved lærarseminaret på Elverum, var tilsett som lærar i Frønningen og Fresvik, og flytta seinare til Lepsøy i Os i Hordaland, före han etablerte seg i Skotselv i Buskerud fylke. Der var han lærar ved Hæreskolen og Skotselv skole i fleire tiår. Austbø spela ei sentral rolle i etableringa av Den norske folkeviseringen tidleg i 1920-åra I boka Folkedansen i 20 år 1903-1923 skildrar han ei reise til Færøyane i 1911, der ein delegasjon på 70 nordmenn reiste for å hente impulsar frå færøysk sogedans.   Les meir …
Leif Halse (1896–1984) er ein forfattar frå Surnadal kommune på Nordmør som særlig er kjent som tekstforfattar til tekneserien om Vangsgutane. Han vart fødd i 1896 i Halsa og budde i Surnadal i oppveksten. Seinare budde han i Levanger. Han dødde i 1984.   Les meir …
Olav Håkonson Hauge (1908–1994), mest kjent som Olav H. Hauge, var ein av dei viktigaste norske lyrikarane innafor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var òg gartnar og dreiv med fruktproduksjon. Olav H. Hauge er kjent for ein ordknapp diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samenlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt.   Les meir …
Marie Takvam (fødd 6. desember 1926, d. 28. januar 2008) var ein forfattar frå Hjørundfjord i Ørsta kommune på Sunnmør. Ho flytta til Oslo for å studere psykologi og vart buande der i mange år. Takvam debuterte 25 år gammel med Dåp under sju stjerner. Ho vart kjent ikkje berre for dikta sine, men òg for kor vakker ho var og for det til tider harde livet ho levde.   Les meir …
Kristofer Oliver Uppdal (1878–1961) var ein forfattar og målmann frå Innherred. Uppdal skreiv på landsmål med varierande grad av innslag frå inntrønder. Det mest kjente verket hans er Dansen gjenom skuggeheimen, der han skildrar rallarlivet og framveksten av den norske arbeidarrørsla. I dag blir den eldfulle og krevande lyrikken hans rekna blant dei fremste eksempla på modernismen i skandinavisk diktekunst kring første verdskrigen.   Les meir …
Håkon Evjenth (f. 26. desember 1894, d. 10. juni 1951) var ein forfattar og jurist frå Bodø som særleg er kjent for barnebøkerne sine frå nordnorsk natur. Håkon Evjenth vart fødd i Bodø onsdag den 26. desember 1894 som son ått advokat og statsråd Håkon Martin Evjenth (1865–1934) og Martha Backer (1867–1906). Han vaks opp i Bodø, vart cand.jur. i 1917, og budde nokre år i Oslo føre han starta eigen sakførarpraksis i Vadsø i 1921. I 1925 flytta han tilbake til Bodø. Han debuterte som forfattar i 1927 med boka Finnmarksjakter. Gjenombrottet kom med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935.   Les meir …

Populære sidor

  1. Nynorsk nettkatalog - Data og programvare (vist g.)
  2. Nynorsk nettkatalog - Musikk og dans (vist g.)
  3. Nynorsk nettkatalog - Litteratur (vist g.)
  4. Nynorsk nettkatalog - Kunst og handverk (vist g.)
  5. Nynorsk nettkatalog - Landbruk og fiske (vist g.)
  6. Nynorsk nettkatalog - Humor (vist g.)
  7. Nynorsk nettkatalog - Daglegvaror (vist g.)
  8. Nynorsk nettkatalog - Oppslagsverk (vist g.)
  9. Nynorsk nettkatalog - Kledor (vist g.)
  10. Jiddisch (vist g.)
  11. Humpty Dumpty (vist g.)
  12. Portugisisk (vist g.)
  13. The cat and the fiddle (vist g.)
  14. Baa, baa, black sheep (vist g.)
  15. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  16. Jiddisch musikk (vist g.)
  17. Jehudá halleví (vist g.)
  18. Doreen Fine: What do we know about Judaism (vist g.)
  19. Blåmann Barnebokklubb (vist g.)
  20. Clap handies (vist g.)
  21. Pissí, Pissí, katta (vist g.)
  22. Nynorsk nettkatalog - Religion og livssyn (vist g.)
  23. Matias Skard (vist g.)
  24. Per Sivle: «Den fyrste song eg høyra fekk» (vist g.)
  25. Nordafjelske mål (vist g.)
  26. Nynorsk nettkatalog - Bøker, blad og forlag (vist g.)
  27. I saw a ship a-sailing (vist g.)
  28. Kattå mi va grå (vist g.)
  29. Olav Aukrust (vist g.)
  30. Annok Sarri Nordrå (vist g.)
  31. Nynorsk nettkatalog (vist g.)
  32. Ladino (vist g.)
  33. Solitreo (vist g.)
  34. Folke-eventyr frå Nordmør - Katta og musa (vist g.)
  35. Margarida Ponte Ferreira (vist g.)
  36. Hans Hyldbakk (vist g.)
  37. Leif Halse (vist g.)
  38. Olav Jakobsen Høyem (vist g.)
  39. Kappóres (vist g.)
  40. Alphonse Allais (vist g.)
  41. Marie Takvam (vist g.)
  42. Edvard Hoem (vist g.)
  43. Nynorske leksikon (vist g.)
  44. Johan Turi (vist g.)
  45. Ove Borøchstein (1949–2013) (vist g.)
  46. Heimskringla (vist g.)
  47. Kristofer Uppdal (vist g.)
  48. Halldis Moren Vesaas (vist g.)
  49. Franz Kafka (vist g.)
  50. Christopher Hansteen (vist g.)
  51. Abigail Rebecca Samuda (vist g.)
  52. Ingeborg Åsen Vatten (vist g.)
  53. Olav Duun (vist g.)
  54. Aslaug Vaa (vist g.)
  55. Ella Holm Bull (vist g.)
  56. Norsk Allkunnebok (vist g.)
  57. Inga Borg (vist g.)
  58. Kastiljansk (vist g.)
  59. Håkon Evjenth (vist g.)
  60. Channeke, oi channeke (vist g.)
  61. Aasmund Olavsson Vinje (vist g.)
  62. Jørgen Moe (vist g.)
  63. Kristofer Janson (vist g.)
  64. Loveleen Rihel Brenna (vist g.)
  65. Elias Canetti (vist g.)
  66. Tseine ureine (vist g.)
  67. Folke-eventyr frå Nordmør - Tosken (vist g.)
  68. Karl Emil Franzos (vist g.)
  69. Grace Aguilar (vist g.)
  70. Oscar Levertin (vist g.)
  71. Bendigamos al altíssimo (vist g.)
  72. Folke-eventyr frå Nordmør - Storuksen som skulle på setra og gjera seg feit (vist g.)
  73. Magnhild Havdal Almhjell: «Spelemannen Erik Almhjell 65 år» (1946) (vist g.)
  74. Edvard Langset (vist g.)
  75. Olav H. Hauge (vist g.)