Gambe
Frå Alnakka.net
Gambe eller viola da gamba er fellesnamnet på dei olike strykeinstrumenta i gambefamilien. Gambefamilien har sitt nærmaste opphav i den spanske vihuelaen. Gambone skil seg frå instrumenta i fiolinfamilien ved at kroppen skrår mot halsen, ved at instrumenta normalt har 6–7 strenger heller enn 4, ved at stemminga er kvart- og tersbasert heller enn kvintbasert, ved at bogan blir bruka med underhandsteknikk heller enn overhandsteknikk og ved at ein oftast brukar tverrband på halsen.
Størrelsar og stemming
| Gambestemming | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Instrument | streng (lågaste til høgaste streng) | ||||||
| 7 | 6 | 5 | 4 | 3 | 2 | 1 | |
| pardessus de viole | (g) | c' | e' | a' | d" | g" | |
| diskant | d | g | c' | e' | a' | d" | |
| alt | A | d | g | h | e' | a' | |
| tenor | G | c | f | a | d' | g' | |
| bass | (,A) | D | G | c | e | a | d' |
| kontrabass («stor bass») | (,D) | ,G | C | F | A | d | g |
| kontrabass («violone i D») | (,,A) | ,D | ,G | C | E | A | d |
| Notar: 1) Pardessus de viole har oftast berre 5 strenger. 2) Bass og kontrabass-instrument med både 6 og 7 strenger finst. | |||||||