Irsk kjempehjort
Frå Alnakka.net
Irsk kjempehjort | ||
| ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Mammalia | |
Orden: | Artiodactyla | |
Familie: | Cervidae | |
Slekt: | Megaloceros | |
Art: | giganteus | |
Vitskaplig namn | ||
Megaloceros giganteus |
Irsk kjempehjort (Megaloceros giganteus) er ein utdødd, stor hjorteart som levde frå kring 400 000 år sidan og fram mot yngre steinalder. Det yngste karbondaterte eksemplaret til no levde kring 5 700 fvt. Utbredelsesområdet var store deler av Eurasia — frå Irland i vest til austom Baikalsjøen i Sibir i aust. Namnet irsk kjempehjort har han fått fordi dei fleste skjelettfunna er gjort i irske torvmyrar. Med ei skulderhøgd på kring 200 cm var den irske kjempehjorten på lag jamnstor med alaskaelg, og geviret på bukkane var det storste geviret som er kjent blant nån nolevande eller utdødde hjortedyr.