Hirsch Glik

Frå Alnakka.net

Hirsch Glik (1920-1944) var ein litauisk-jødisk diktar og partisan under andre verdskrigen. Han er mest kjent for songane «Zóg nit kein mól az du geist dem letstn vég» og «Shtill, di nacht iz ousgeshtérnt».

Ein kortfatta biografi finn du på Simon Wiesenthal Center Multimedia Learning Center Online.

Sei du aldri at du går den siste veg

Originaltittel: זאָג ניט קיין מאָל אַז דוּ גייסט דעם לעצטן וועג (Zóg nit kein mól az du geist dem letstn vég)

Omsetting frå jiddisch: Copyright 1998 - Olve Utne (Zóg nit kein mól - partisanerlid)

1 Sei du aldri at du går den siste veg 
  når stålgrå skyor gjømmer sola vekk for deg — 
  For ein gong kjem for visst vår etterlengta tid, 
  og jorda dundrar under marsjen: «Her er vi!» 
  
2 Frå grøne palmeland til land med kvite snø 
  vi kjem i rekkje med vår sorg og med vår nød, 
  og kor det falle har ein drope av vårt blod, — 
  der skal vise seg vår styrke og vårt mot. 
  
3 Og morgonsola skal forgylle denna dag, 
  og vekk’ er gårsdagen og fienden i lag; 
  men om no sola kjem for seint ått jordas rand — 
  som ein parole songen går med ætters gang. 
  
4 Og skriven songen er med blod og ikkje bly, 
  d’er ingen visestubb om fuglen høgt i sky; 
  eit folk iblant ruinar i eit herja land 
  har sunge songen med geværet i si hand. 
  
5 Så sei du aldri at du går den siste veg 
  når stålgrå skyor gjømmer sola vekk for deg — 
  For ein gong kjem for visst vår etterlengta tid, 
  og jorda dundrar under marsjen: «Her er vi!» 

Andre versjonar på nettet:

«Shtill, di nacht iz ousgeshtérnt»

Det fanst ein versjon på nettet, men han er dessverre borte...

Pekarar