Falsk krupp

Frå Alnakka.net

Falsk krupp, akutt subglottisk laryngitt eller akutt pediatrisk laryngitt, òg stundom kalla laryngotrakeobronkitt, er ein øvre luftvegsinfeksjon med oppsvelling av strupehovudet som oftast rammar born i tremånaders- til femårsalderen. Falsk krupp blir oftast utløyst av virusinfeksjonar (ofte influensa), men bakterielle infeksjonar kan òg utløyse falsk krupp. Den genetiske faktoren spelar truleg ei rolle, ettersom falsk krupp er vanlegare i nokre familiar enn i andre.

Symptom

Karakteristiske symptom inkluderer hes stemme, ein karakteristisk «bjeffande» hoste, varierande grad av pustevanskar i form av inspiratorisk stridor (anstrengt innpust). Allmenntilstanden til barnet er oftast god, ein eventuell feber er låg (oftast under 38 °C), og pasienten vil normalt ikkje sikle eller ha svelgjeproblem — samenlikn epiglottitt. Ved falsk krupp med spreining til bronkiane, etterkvart nedsett allmenntilstand og markant ekspiratorisk stridor (anstrengt utpust) i tillegg til inspiratorisk stridor er diagnosen gjerne akutt malign laryngotrakeobronkitt. Ved både epiglottitt og akutt malign laryngotrakeobronkitt er sjukehusinnlegging nødvendig.

Behandling

Behandling av falsk krupp inneber normalt lindring av symptoma. Fuktig luft har gunstig verknad. Oftast vil kald, fuktig luft verke best, men nokre pasientar responderer betre på varm, fuktig luft. Nokre stader er det vanleg å behandle falsk krupp med småe dosar {{tå} inhalerte eller orale steroidar. I særleg alvorlege fall kan det vara aktuelt med oksygenterapi eller adrenalin.

Kjeldor


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Falsk krupp» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.