Gambe

Frå Alnakka.net
(Omdirigert frå Viola da gamba)
Jean-Baptiste Forqueray (16991782) spelar sjustrengs bassgambe. (Anonymt måleri)

Gambe eller viola da gamba er fellesnamnet på dei olike strykeinstrumenta i gambefamilien. Gambefamilien har sitt nærmaste opphav i den spanske vihuelaen. Gambone skil seg frå instrumenta i fiolinfamilien ved at kroppen skrår mot halsen, ved at instrumenta normalt har 6–7 strenger heller enn 4, ved at stemminga er kvart- og tersbasert heller enn kvintbasert, ved at bogan blir bruka med underhandsteknikk heller enn overhandsteknikk og ved at ein oftast brukar tverrband på halsen.

Størrelsar og stemming

Gambestemming
Instrument streng (lågaste til høgaste streng)
7 6 5 4 3 2 1
pardessus de viole (g) c' e' a' d" g"
diskant d g c' e' a' d"
alt A d g h e' a'
tenor G c f a d' g'
bass (,A) D G c e a d'
kontrabass («stor bass») (,D) ,G C F A d g
kontrabass («violone i D») (,,A) ,D ,G C E A d
Notar: 1) Pardessus de viole har oftast berre 5 strenger.
2) Bass og kontrabass-instrument med både 6 og 7 strenger finst.