Viola d'amore

Frå Alnakka.net
Viola d’amore bygd i Paris i 1760.
Foto:Frinck51

Ein viola d'amore (it.) eller viole d'amour (fr.) er eit strykeinstrument av gambetypen med opp til sju vanlege strenger. Instrumentet er omtrent så stort som ein bratsj og blir halde mot kragabeinet på liknande vis som fiolin og bratsj. Den første tida vi hører om instrumentet, frå 1670-åra, var viola d’amore vanlegvis rigga med fem eller fleire metallstrenger og utan nån resonansstrenger. Dei neste tiåra vart det vanleg med resonansstrenger, og kring samma tida gikk musikarane over til å bruke tarmstrenger heller enn metallstrenger som overstrenger. Den typiske seinbarokke og klassisistiske viola d’amore hadde seks eller sju overstrenger og eit varierande antal understrenger. Første gongen instrumentet vart nemnt ved namn var i bolken om 20. november 1679 i John Evelyn si dagbok: “for its swetenesse & novelty the Viol d’Amore of 5 wyre-strings, plaid on with a bow, being but an ordinary violin, play’d on Lyra way by a German, than which I never heard a sweeter Instrument or more surprizing...”

Vanleg stemming og omfang til viola d’amore.
Foto: «Mezzofortist»

Repertoar frå barokken og klassisismen

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

Rachel Barton Pine spelar Konsert for viola d’amore og strykarar av Antonio Vivaldi samen med ensemblet Ars Antigua. (Rachelbartonpine.com)


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Viola d'amore from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.