Vinjefjorden

Frå Alnakka.net
Vinjeøra ligg innmed botnen av Vinjefjorden.
Foto: Kasper Schei

Vinjefjorden er ein smal og lang fjord som, i snevrare tyding, strekkjer seg frå Heim kommune i Fosen til Aursundet og Valsøyfjorden i Aure og Halsa kommunar på Nordmør. Europaveg 39 går langs heile sørsida av fjorden, medan Fylkesveg 359 går langs deler av nordsida.

Vinjefjorden strekkjer seg offisielt frå Vinjeøra i aust og heilt til Talgsjøen i vest, men på grunn av sunda Aursundet, Imarsundet og Solåsundet i nord og sidefjordane Valsøyfjorden, Skålvikfjorden og Halsafjorden i sør, blir han stundom berre rekna for å strekkje seg til Aursundet. Korsnesfjorden er namnet på fjorden sørom Stabblandet, medan Arasvikfjorden ligg på sørsida av Ertvågsøya.

Vinjefjorden aust for Arasvikfjorden er 25 km lang og opp til 224 m djup. Heile Vinjefjorden frå Talgsjyen i vest er 53 km lang og kring 320 m djup på det djupaste.

Vinjefjorden er kjent som ein sildfjord, men det blir fiska laks, sei og torsk der òg. Den 30. august 2005 rømte over 850 000 oppdrettslaks frå Marine HarvestTustna, og mykje av denne fisken tok vegen til Vinjefjorden. Dermed vart fjorden full av laks, og lokalbefolkninga hamstra fleire hundre kilo laks.[1]

På nordsida av den indre delen av fjorden strekkjer den lengste samenhengande hasselskogen i Nord-Europa seg oppetter fjellsida.

Fotnotar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Vinjefjorden på Nordmøre» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.