Unitarisk kristendom

Frå Alnakka.net
Kristendom
Ylikiiminki Church, Finland.jpg
Skrifter
Den kristne bibelen
(GT – NT)
Merkedagar
Det kristne året
advent - jul
faste - påske
pinse - olsok
bots- og bededag
hausttakkefest
helgemesse
Livssyklus
dåp - konfirmasjon
ekteskap
død - gravferd
Bøner
«Fader vår»
nattverd
Daglegliv
søndag - sabbat
kirkje - prest
Personar
Jesus - Maria
Paulus
Inkvisisjon
inkvisisjon
Spania - Portugal
auto da fé
limpieza de sangre
Retningar
Trinitarisme:
ortodoks - katolsk
anglikansk
presbyteriansk
luthersk - baptisme
adventisme
Unitarisme og
judaiserande:

Unitarisme - szekler
norsk unitarisme
«messiansk jødedom»

Unitarisk kristendom, òg kalla kristenunitarisme eller rett og slett unitarisme, er ei retning av kristendommen som byggjer på synet at Gud er strengt monoteistisk, og unitarane avviser som oftast idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen held på eit absolutt dogmefritt syn — altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Kvart menneske er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Dette fører til at unitarar kan ha mange olike tolkingar av kristen tru og teologi. Likevel har dei olike kristenunitariske trussamfunna ei felles truskjerne som går tilbake til grunnlegginga av den kristenunitariske kirkja i Transilvania i 1568. Denne kjerna blir kalla trusprinsippa.

Dei viktigaste prinsippa i dag er

  • Gud er éin.
  • Jesus var heilt og fullt eit menneske, Guds son, men hadde ikkje preeksistens og stod ikkje opp frå dei døde.
  • Den helige ånden er å sjå som Guds gode verksamheit på jorda.
  • Den kristne bibelen er å sjå som religiøs litteratur der Jesu lære om Gud er det viktigaste.
  • Sidan Gud er ånd og kjærlegheit kan ingen menneske gå tapt, men alle må frelsast (dette er det såkalla apopkatastasis-prinsippet).

Historie

I 1568 vart den kristne transilvanske unitarkirkja stifta av biskop Frans David (1510/20-1579), ungarsk: Dávid Ferenc, i det som no er Romania. Etterfølgjarane hans vart først omtala som davidistar, men vart tidleg på 1600-talet kalla unitarar fordi dei avviste treeinigheitslæra og all tilbeding av Jesus, og heller meinte at Jesus først og fremst var eit menneske vart bruka av Gud som ein særskilt religiøs lærar eller profet. Dermed ser også unitarane på Jesus som Guds son, men altså ikkje som guddommeleg. Seinare spreidde unitarismen seg til fleire land i Europa og fekk etter kvart større senter i Storbritannia og USA. Mange nordmenn som emigrerte til USA kom i kontakt med unitarismen der og etablerte ei rekkje kristenunitariske menigheiter — særleg i Minnesota. I dag finst det unitarkirkjer i alle dei nordiske landa. I Noreg har unitarisk kristendom vore organisert under namna Broderskabets Kirke (18951900), Unitarisk Samfund (19001937), Unitarforbundet (Den norske unitarkirke) (1995–2005]]) og frå 2005 som Unitarforbundet Bét Dávid (Den norske unitarkirke).

Sjå òg

Pekarar

Lenker til internasjonal unitarisme:

Skandinavia


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Den norske unitarkirke» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.