Tyrhaug fyrstasjon

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 05:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{gjevit}}» til «gjeve»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

63°18′6″ N 8°13′7″ Ø

Tyrhaug fyr.
Foto:«Janter»

Tyrhaug fyrstasjon er ein fyrstasjon som ligg på den kring 70 m lange og 50 m breie Ringholmen ved KyrhaugEdøyaNordmør. Som fyret står i dag (2009) er fyrbygninga 14,2 m høg og lyshøgda er 17,8 moh. Lysvidda er 13,4 nautiske mil. Fyrstasjonen, som ligg ved Trondheimsleia, vart oppretta i 1833 som den aller første fyrstasjonen på Nordmør. Til å begynna med inneheldt fyrstasjonen ei lafta fyrbygning på 10×10 alen som inneheldt bustad, oljelager og fyrstuo. Denne bygninga hadde tårn som inneheldt sjølve fyrlykta.

Arbeidstekning til det opprinnelege Tyrhaug fyr.

I 1835 vart det bygd til eit lafta uthus på 8×12 alen. I dette uthuset var det blant anna vedskott og fjøs med plass til ei ku. Det fanst ikkje naust eller skikkelig båtstø der enno, og laurdagen den 23. januar 1841 vart båten ått fyrvaktaren øydelagt av storm. Etter at fyrvaktaren påpekte til departementet at han var heilt avhengig av båt sidan det ikkje fanst vassforsyning på holmen, fikk han erstatning for båten, og det vart gjeve stønad til bygging av både naust og vasscisterne der òg. Naust vart bygd i 1844.

Tyrhaug fyrstasjon sett frå fjørå nerom Kyrhaug. Naust vart bygd i 1844, og i 1924 kom moloen.
Foto: Olve Utne

Fyrtårnet vart erstatta med eit nytt tårn i bindingsverk og med kraftigare lykt i 1848. Fyrtårnet og bustaden vart utbygd og fornya i 1894 og 1897. I 1924 vart det bygd molo. Straum frå lokalt nett vart innlagt i 1963. Stasjonen vart automatisert og fråflytta i 1967.

Stemningsrapport frå 1869

Fyrdirektør C.F. Diriks besøkte fyret fredagen den 2. juli 1869. Dette er det han skreiv i dagboka si om det besøket:[1]

Fredag den 2den Juli. Jeg ligger ved Tyrhoug; det blæser en hvinende Storm, og Fjorden gaaer hvid, og saa koldt er det, at jeg atter fyrer i Kaminen. Jeg har været iland paa Fyret, der er under en betydelig Reparation. Fyrvogteren klagede over, at meget af Arbeidstiden gik tabt, naar en af de 4 Tømmermænd 4 Gange om Dagen forlod Arbeidet for at koge til sig selv og de Andre. «Kan De ikke lade Deres Tjenestepige koge for dem,» sagde jeg, «saafremt De kan undvære hende et Par Timer daglig, — naturligviis mod Godtgjørelse.» «Nei, da! hun vil ikke have med saadant Sukkel at gjøre. Directøren skulde bare see, hvorledes de Folk stelle sig — Sild og saltet og suur Fisk, og Suppe paa denne, det er Kosten Dag ud og Dag ind.» «Saa Almuen her heller ikke spiser færsk Fisk,» bemærkede jeg. «Nei langtfra; de ville blive sjuke, hvis de aad den færske Fisken, sige de.»

Fotnotar

  1. Diricks, C.F.: C.F.D. s Journal : Dagbog holden ombord i “Falken” 1869. Kristiania, 1895.

Kjeldor