Tu bisjbát

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 16:33 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Oliventre i Bela Vista i Lisboa i Portugal.

Tu bisjbát, eller 15. sjebát, blir rekna som nyårsdagen ått trea. I 3. mosebok 19:23–25 står det at ein ikkje skal hauste frukta av treet dei første tre åra, og ikkje eta han føre etter fire. Datoen når trea blir rekna som eit år eldre er fastsett til 15. sjebát. Det er vanleg å plante tre og/eller eta ny frukt på den dagen — ein skikk som ser ut til å ha spredd seg frå asjkenazisk mellomalderkultur. Etterkvart utvikla det seg ein seder — eit spesielt, rituelt måltid — for 15. sjebát. Vi drikk 4 beger vin og et av minst 15 olike slag frukt medan vi syng songar og fortel historior som passar til dagen. Ei av dei tradisjonelle historione som gjerne blir fortelt på 15. sjebát er historia om honom Honí Hammengagél. Sederen vart tilbakedatert til det sefardisk/kabbalistiske Ṣefát (Safed) på 1500-talet, men har altså først og fremst asjkenaziske røter. I vår tid blir det gjerne lagt stor vekt på det økologiske aspektet.

Pekarar