Tu beáb

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 3. mai 2020 kl. 22:54 av Bottolf (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Tu beáb (ט"ו באב), eller 15. ab, er ein tradisjonell jødisk festdag. Dagen, som fell ved fullmåne i månaden ab, markerte opprinneleg begynnelsen av druehausten, som varte fram til kippúr (10. tisjré). Da Bet hammikdásj (Tempelet i Jerusalem) stod, vart det bore fram vedoffer der på tu beáb. Det var skikk at dei ogifte jentone i Jerusalem kledde seg i kvitt og dansa i vingardane både på tu beáb, da druehausten begynte, og på kippúr, da druehausten endte. I moderne tid har dagen vorte populær som ein dag for stemnemøte, frieri og bryllaup.