Trønder

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 19:16 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{o}}» til «o»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ka’k og kakski’v er gammel trondheimsdialekt og har spreidd seg til dei fleste variantane av trønder. Her ser vi ein ferskvaredisk i Trondheim.
Foto:Olve Utne

Trønder, òg kalla trøndsk, trøndersk, trøndermål og trønderdialekt, er den tradisjonelle dialekten i Trøndelag og på Nordmør, og i tillegg i Bindalen, på Kvikne, i Elgåa i Tolga kommune, i Herjedalen og i Frostviken i Jamtland. Trønder har generelt apokope av fleirstavingsendingar (båta’nn, bygdinn, fina’r), og dei fleste formene av trønder har òg apokope i preteritum av svake verb med d- eller t-ending (dømt, næmnt). Endinga i infinitiv så vel som obestemt eintalsform og bindeform av svake substantiv fell ofte bort etter historisk lang rotstaving (å ka’st, ei gry’t, ei låvbru), medan dei tilsvarande endingane i jamvektsord gjerne blir ståande (å komma/kommå, ei vekka/vekko/vukku, ein har(r)alabb). Dialekten har tjukk l av historisk l overalt, medan tjukk l av historisk manglar på Indre Nordmør, i Orkdalen, i nedre deler av Gauldalen og i Herjedalen. Eit hovudskilje i dialekten går mellom kystmåla («uttrøndsk»), som har mest tiljamning i jamvektsorda, og innlandsmåla («inntrøndsk»), som har mest utjamning.