Tropisk aroma

Frå Alnakka.net

Tropisk aroma er ei oftast rund, krydra lagkake med fyll av kakao og melis.

Oppskrifter

Eldre oppskrift

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar:

Kake:

120 g  smør
280 g  sukker
  2    egg
290 g  kveitemjøl
  4 store ts bakepulver
  2 dl mjølk
  1 ts kanel
  1 lita ts muskatnøtt
  1 ss kakao

Fyll:

120 g  smør
400 g  melis
 30 g  kakao
  1 ts vaniljesukker
  5 ms kald, sterk kaffe

Framgangsmåte:

Kaka: Rør smør og sukker kvitt, ha så i eitt og eitt egg. Bland bakepulveret i mjølet. Ha i mjøl og mjølk vekselvis. Tak frå 2/3 av røra og ha krydderet i denna. Ha kakaoen i den attverande tredelen av røra. Steik i to runde former i varm omn — ca 20 minutt. Når de er ferdige skal den ljøse, tjukkaste kaka kløyvast i to etter midten.

Fyllet: Rør smøret kvitt, tilset melis og kakao. Rør dette til blandinga er lett og jamn. Tilsett vanilje og kaffe nokre dropar i gongen til blandinga blir så jamn at ho lett kan strykast på kaka.

Pynting av kaka: Legg de to ljøse botndelene øvst og nedst og den mørke delen i midten til mellomlegg. Smør fyll mellom de tre delene, på toppen av kaka og kring sidone.