Trondheimsleia

Frå Alnakka.net

Trondheimsleia er havområdet mellom Smøla og Aure kommunar på Nordmør og mellom Hitra kommune og kommunane Hemne, Snillfjord og Agdenes i Fosen.

Trondheimsleia strekkjer seg 94 km nordaustover frå nordsida av Tustna i sørvest til innløpet til Trondheimsfjorden ved Agdenes i nordaust. Den delen av Trondheimsleia som ligg sørom Smøla blir òg kalla Edøyfjorden. Mellom Smøla og Hitra går Ramsøyfjorden sørover til Trondheimsleia, og herifrå går leia inn i Fosen.

Av bygder og tettstader langs leia finn Mal:Vi Leirå på Tustna, Tjeldbergodden i Aure, Sandstad og Grindvika på Hitra, og Vassbygda.

Sidefjordar og delfjordar

Samferdsel

Hurtigruta og Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim trafikkerer Trondheimsleia på langs. I tillegg kryssar fleire ferjerutor leia:

Leia er veldig djup, opptil 250 meter på det djupaste, noko som skapte problem da Hitratunnelen vart prosjektert. Mellom Jøstenøya på Hitra og Hemnskjela i Snillfjord vart det Mal:Funnit ein terskel som «berre» Mal:Var 185 meter djup, og her vart tunnelen til slutt bygd med det lågaste punktet på 264 meter.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Trondheimsleia» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.