Tore Ørjasæter

Frå Alnakka.net

Tore Ørjasæter (18861968) var ein lyrikar og dramatikar frå Gudbrandsdalen.

Tore Ørjasæter vart fødd den 8. mars 1886 i Skjåk i Gudbrandsdalen. Han var utdana ved Voss folkehøgskule. Han begynte òg på lærarskule, men avbraut etter eit halvt år. I 1908 debuterte Ørjasæter med diktsamlinga Ættar-arv. Hovudverket hans, Gudbrand Langleite-trilogien (19131927; utvida utg. 1966) er eit episk verk om konflikten mellom å vara bufast og å vara fri og mellom gammelt og nytt. Spenninga mellom det tradisjonelle bondesamfunnet og eit moderne samfunn, så vel som splitta psykologi er viktige tema i forfattarskapet. Ørjasæter var tidleg ute med å ta i bruk nye retningar i lyrikken. Han braut med tradisjonell, fast verserytme på sine eldre dagar.

Ørjasæter tok opp den nynorske tradisjonen etter Aasen, Vinje og Sivle og vart den store vidareføraren av det nynorske skriftspråket og målrørsla.

Med stipend reiste han ut kring 1920, med lange opphald i mange land: Tyskland, Italia og Frankrike. Han var oppteken av reisa som tilstand, av det å forflytte seg, oppleva andre kulturar og å møte menneske. Derfor blir han ofte kalla fararen — den som reiser. Samtidig var han knytt til Gudbrandsdalen gjenom heile livet. Han gifta seg med Aaslaug (fødd Skaaden) frå Øyer. Paret busette seg først utafor Berlin, seinare i Frascati utafor Roma. I 1924 slo ekteparet seg ned utafor Sandefjord, føre dei etterkvart veksla mellom å bu i Øyer og i nærheita av heimgarden hans i Skjåk.

Tore Ørjasæter skreiv det i ettertid svært kjente diktet «Å, Vestland, Vestland» og dei kjente, delvis sjølvbiografiske dikta «Elgen» og «Malmfuru». Tore Ørjasæter var far ått litteraturkritikaren Jo Ørjasæter og svigerfar ått spesialpedagog og forfattar Tordis Ørjasæter. Han dødde i Skjåk den 29. februar 1968.

Verkliste

Lyrikk

  • 1908 - Ættar-arv : dikt. Kristiania : Norli, 1908. [1]
  • 1910 - I dalom. Kristiania : Norli, 1910. [2]
  • 1915 - Manns kvæde. Kristiania : Norli, 1915. [3]
  • 1924 - Eldringen : utvalde dikt. Oslo : Norli, 1924. [4]
  • 1925 - Skiringsgangen : eit draumkvede. Oslo : Norli, 1925. [5]
  • 1932 - Elvesong. Oslo : Norli, 1932. [6]
  • 1939 - Livet skal vinne. Oslo : Norli, 1939. [7]
  • 1945 - Livsens tre. Oslo : Norli, 1945. [8]
  • 1953 - Ettersommar. Oslo : Norli, 1953. [9]
  • 1963 - Klårhaust. Oslo : Norli, 1963. [10]
  • 1985 - Dikt i samling. Oslo : Aschehoug, 1985. [11]

Fortelingar og sakprosa

  • Trilogien Gudbrand Langleite (1913), Bru-millom (1920), Skuggen (1927)
    • Siste utvida utgåve utgjeven i 1966. [12]
  • 1922 - Fararen. Kristiania : Norli, 1922. [13]
  • 1933 - Uppheimen på Sandnes : forteljing um ein fantast. Oslo : Norli, 1933. [14]
  • 1936 - Jonsokbrev : nye fararskildringar. Oslo : Norli, 1936. [15]
  • 1955 - Svein Kvittingen : ei forteljing frå fjellbygda. (Grafisk studiegruppes publikasjon 5). Oslo, 1955. [16]

Skodespel

  • 1917 - Jo Gjende. Kristiania : Norli, 1917. [17]
  • 1930 - Anne på Torp : skodespel. Oslo : Norli, 1930. [18]
  • 1948 - Christophoros : eit draumspel. Oslo : Norli, 1948. [19]
  • 1949 - Den lange bryllaupsreisa : eit pasjonsspel. Oslo : Norli, 1949. [20]
  • 1956 - Brudekrona : eventyrspel. Oslo : Norli, 1956. [21]

Prisar og stipend


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tore Ørjasæter» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tore Ørjasæter» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.