Toppseglskonnert

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 31. mars 2020 kl. 15:21 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>{{thumb|Chapman 1768 Schooner.jpg|Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra.}} Ein '''toppseglskonnert''' er eit hovudsakleg sneiseglrigga se…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra.

Ein toppseglskonnert er eit hovudsakleg sneiseglrigga seglskip med to mastrer. Som andre tomastra skonnertar har toppseglskonnerten fokkemaster og stormaster. I tillegg til sneisegla har toppseglskonnerten eitt råsegl som toppsegl på fokkemastra, og ofte òg på stormastra. Toppseglskonnerten var den vanlegaste skonnerttypen på 1700-talet.

Den tomasta franske marineskonnerten «Étoile» — ein toppseglskonnert av sein 1800-talstype.