Tom Tofteberg

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 00:31 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «<onlyinclude>'''Tom Tofteberg''' (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande …»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Tom Tofteberg (16. mars 1946 i Oslo, d. 28. april 2001 i Oslo) var ein blokkfløytist som underviste ved davarande Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo og ved Norges Musikkhøgskole. Tom Tofteberg vart fødd i Oslo laurdag den 16. mars 1946 av foreldra Ingrid Andresen (1925–2014) frå Oslo og Arne Camillo Tofteberg (1923–2001) frå Borge i Østfold. Han gifta seg den 15. januar 1972 med musikk- og formingslærar Karin-Beate Mikkelsen (1947–2010) frå Oslo. Tofteberg medvirka som blokkfløytist ved mange konsertar kring i landet, inkludert i lag med cembalisten/organisten Ketil Haugsand, gambespelaren Betteke Groot, fløytisten Hans-Olav Gorset og kontratenoren Carl Høgset. Tom Tofteberg dødde laurdag den 28. april 2001 og vart gravlagt tisdag den 8. mai 2001 på Grefsen kirkegård.«Tom Tofteberg» på Oddmarthinsen.no

Bibliografi

  • 1976 - Tofteberg, Tom (arr.): Blokkfløytegruppa : 15 spillestykker arrangert for blokkfløyteorkester (Aschehougs musikkverk) Oslo : Aschehoug, 1976. E-bok på nb.no

Diskografi

Referansar