Tjapātī

Frå Alnakka.net

Ein tjapātī (urdu چپاتی hindī चपाती [capātī]), òg kalla roṭī, er eit indisk flatvorde, mjukt og lefseliknande brød av kveite som hovudsakleg blir bruka til å plukke opp og eta munnfullar av linse- og grønsaksretter med.

Tjapātīdeig blir vanlegvis laga av sammale kveitemjøl frå durumkveite, vatn og salt, men ein kan òg byte ut noko av mjølet med hirse- eller maismjøl. Ein kjevlar ut deigen til runde leivar av omlag 12 cm diameter og steikjer dem på begge sidone på osmurt takke (bakstehelle) eller steikjepanne ved høg varme. Deretter held ein kvar tjapātī ein augneblink (omlag eit halvt sekund) inn i ein open flamme, slik at tjapātīen blæs seg opp med damp som ein ballong. Det er relativt vanleg å pensle de ferdige tjapātīane med ghī (klåra smör).

Sjå òg


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Chapati» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.