Skilnad mellom versjonar av «Tingvoll kommune»

Frå Alnakka.net
s (Utbyting av tekst - «{{Norge}}» til «Norge»)
Line 18: Line 18:
Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvöya, har gjeve namn til kommunen. Alt i förhistorisk tid meiner mange at detta har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile [[Nordmør]]. Nordligaste halvdelen av kommunen, [[Straumsnes]], er prega av naboskapen til [[Kristiansund]] og [[Molde]], medan den sørlige delen ligg nærmare industristaden [[Sunndalsøra]]. [[Riksveg 70]] og [[E39]] går gjenom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på [[Aspöya]] der dessa vegane møtest. [[Bergsøysundbrua]] knyter kommunen til [[Krifast]]sambandet.
Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvöya, har gjeve namn til kommunen. Alt i förhistorisk tid meiner mange at detta har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile [[Nordmør]]. Nordligaste halvdelen av kommunen, [[Straumsnes]], er prega av naboskapen til [[Kristiansund]] og [[Molde]], medan den sørlige delen ligg nærmare industristaden [[Sunndalsøra]]. [[Riksveg 70]] og [[E39]] går gjenom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på [[Aspöya]] der dessa vegane møtest. [[Bergsøysundbrua]] knyter kommunen til [[Krifast]]sambandet.


{{innhald vinstre}}
{{innhald venstre}}
== Geografi ==
== Geografi ==
Tingvollhalvöya er fire mil lang og kring tjue [[km²]] i flatemål. Halvøya når ikkje inn i fjella i [[Trollheimen]], og heller ikkje ut til storhavet.
Tingvollhalvöya er fire mil lang og kring tjue [[km²]] i flatemål. Halvøya når ikkje inn i fjella i [[Trollheimen]], og heller ikkje ut til storhavet.
Line 113: Line 113:
[[Tingvollvågen]] er administrasjonsstaden for kommunen og den einaste staden i Tingvoll kommune som har stort nok folketal til å bli rekna som [[tettstad]] av [[SSB]]. Kring ein tredel av innbyggjarane i kommunen bur i kommunesenteret kring ''Vågen'', som er det lokale daglegnamnet på Tingvollvågen. Butikksenteret og samvirkelaget er de sentrale møteplassane. Her finst det dessutan sparebank, bokhandel, kunstgalleri og ein kafé i tillegg til kommunehus og helsesenter. Sør for vågen ligg [[Sellgrens Veveri]], den største industriarbeidsplasen i kommunen. På Stykkesflata sørom sentrum er det òg fleire butikkar.
[[Tingvollvågen]] er administrasjonsstaden for kommunen og den einaste staden i Tingvoll kommune som har stort nok folketal til å bli rekna som [[tettstad]] av [[SSB]]. Kring ein tredel av innbyggjarane i kommunen bur i kommunesenteret kring ''Vågen'', som er det lokale daglegnamnet på Tingvollvågen. Butikksenteret og samvirkelaget er de sentrale møteplassane. Her finst det dessutan sparebank, bokhandel, kunstgalleri og ein kafé i tillegg til kommunehus og helsesenter. Sør for vågen ligg [[Sellgrens Veveri]], den største industriarbeidsplasen i kommunen. På Stykkesflata sørom sentrum er det òg fleire butikkar.


[[Meisingset]] er eit bygdesentrum lenger sør i kommun{{in}}, mot grensa til [[Sunndal kommune]].  
[[Meisingset]] er eit bygdesentrum lenger sør i kommunen, mot grensa til [[Sunndal kommune]].  


[[Torjulvågen]] er den største bygda ved sørvestsida av [[Halsafjorden]]. Detta er ein av de mange strandstadene som var sentrale den gongen [[dampbåt]]ane trafikkerte fjordane, men som har vorte meir avsides etter at vegtrafikken tok over.  
[[Torjulvågen]] er den største bygda ved sørvestsida av [[Halsafjorden]]. Detta er ein av de mange strandstadene som var sentrale den gongen [[dampbåt]]ane trafikkerte fjordane, men som har vorte meir avsides etter at vegtrafikken tok over.  
Line 119: Line 119:
På Straumsneset mangla det lenge eit markert sentrum, men ved den nye riksvegen, på [[Einset på Aspøya]], har det utvikla seg eit nytt senter med butikkar.
På Straumsneset mangla det lenge eit markert sentrum, men ved den nye riksvegen, på [[Einset på Aspøya]], har det utvikla seg eit nytt senter med butikkar.


På sørvestsida av Tingvollfjorden ligg de gamle bygdesentra [[Angvik]] og [[Flemma]]. {{DEssa}} er ikkje lenger innaføre Tingvoll kommune, men har {{legit}} i [[Gjemnes kommune]] sidan den [[1. januar]] [[1964]].
På sørvestsida av Tingvollfjorden ligg dei gamle bygdesentra [[Angvik]] og [[Flemma]]. Desse er ikkje lenger innaføre Tingvoll kommune, men har lege i [[Gjemnes kommune]] sidan den [[1. januar]] [[1964]].


===Politikk===
===Politikk===
[[Ideologi]] og [[politiske parti]] er ikkje det som først og fremst pregar politikken i Tingvoll kommune. Særinteressone til de olike bygdelaga i kommunen er derimot meir synlege.
[[Ideologi]] og [[politiske parti]] er ikkje det som først og fremst pregar politikken i Tingvoll kommune. Særinteressone til dei olike bygdelaga i kommunen er derimot meir synlege.


=== Kirkjor ===
=== Kirkjor ===
[[image: Tingvoll kyrkje.jpg|thumb|Tingvoll kirkje]]
[[image: Tingvoll kyrkje.jpg|thumb|Tingvoll kirkje]]
[[Tingvoll kirkje]], som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom [[1150]] og [[1200]]. Kirkja vart restaurert i [[1928]]–[[1929|29]]. Det mest ovanlige trekket ved Tingvoll kirkje er gangsystemet inni murane — eit trekk som truleg er inspirert av [[klerestorium|klerestoria]] på større [[katedral]]ar og som er ovanleg for ei vanleg soknekirkje.  
[[Tingvoll kirkje]], som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom [[1150]] og [[1200]]. Kirkja vart restaurert i [[1928]]–[[1929|29]]. Det mest ovanlege trekket ved Tingvoll kirkje er gangsystemet inni murane — eit trekk som truleg er inspirert av [[klerestorium|klerestoria]] på større [[katedral]]ar og som er ovanleg for ei vanleg soknekirkje.  


[[Straumsnes kirkje]] ligg på Grimstadhøgda, ved vegen frå den gamle ferjestaden Kvisvik. Kirkja er av tømmer og vart bygd i [[1864]].
[[Straumsnes kirkje]] ligg på Grimstadhøgda, ved vegen frå den gamle ferjestaden Kvisvik. Kirkja er av tømmer og vart bygd i [[1864]].
Line 135: Line 135:


=== Skular ===
=== Skular ===
[[Tingvoll vidaregåande skole]] (TVS) er den eldste distriktsskulen på [[Nordmør]]. Møre og Romsdal fylke har fleire gonger føreslege nedlegging av TVS, men med store protestar lokalt kvar gong detta har {{vorit}} aktuelt. I skuleåret [[2005]]/[[2006]] hade skulen kring 150 elevplassar, eit varierande tal kursdeltakarar og ring 40 tilsette. Skulen er med detta eit hjørnesteinsføretak for Tingvoll kommune.
[[Tingvoll vidaregåande skole]] (TVS) er den eldste distriktsskulen på [[Nordmør]]. Møre og Romsdal fylke har fleire gonger føreslege nedlegging av TVS, men med store protestar lokalt kvar gong dette har vore aktuelt. I skuleåret [[2005]]/[[2006]] hadde skulen kring 150 elevplassar, eit varierande tal kursdeltakarar og kring 40 tilsette. Skulen er med dette eit hjørnesteinsføretak for Tingvoll kommune.


===Media===
===Media===
Tingvoll ligg midt mellom [[Kristiansund]] og [[Sunndalsøra]], og avisor frå begge dessa stadene blir lesne i kommunen. ''[[Tidens Krav]]'' kjem ut i Kristiansund og ''[[Aura Avis]]'' og ''[[avisa Driva|Driva]]'' kjem ut på Sunndalsøra.
Tingvoll ligg midt mellom [[Kristiansund]] og [[Sunndalsøra]], og avisor frå begge desse stadene blir lesne i kommunen. ''[[Tidens Krav]]'' kjem ut i Kristiansund og ''[[Aura Avis]]'' og ''[[avisa Driva|Driva]]'' kjem ut på Sunndalsøra.


===Kommunikasjon===
===Kommunikasjon===
[[image: Kanestraum-E39.JPG|thumb|Ferjeleiet på Kanestraum. På motsett side av fjorden ligg [[Halsa kommune]].]]
[[image: Kanestraum-E39.JPG|thumb|Ferjeleiet på Kanestraum. På motsett side av fjorden ligg [[Halsa kommune]].]]


[[Riksveg 70]] er livsnerven langs Tingvollhalvøya. Mot aust bind vegen Tingvoll kommune saman med industristaden [[Sunndalsøra]] i nabokommunen [[Sunndal kommune|Sunndal]] og med [[Dovrebanen]] på [[Oppdal]]. Frå Tingvollvågen fortsett riksveg 70 vestover til Gyl, Straumsnes og Aspøya, og vidare gjønom [[Krifast]] til Frei og byen [[Kristiansund]] med [[Kvernberget]] flyplass.
[[Riksveg 70]] er livsnerven langs Tingvollhalvøya. Mot aust bind vegen Tingvoll kommune i hop med industristaden [[Sunndalsøra]] i nabokommunen [[Sunndal kommune|Sunndal]] og med [[Dovrebanen]] på [[Oppdal]]. Frå Tingvollvågen fortsett riksveg 70 vestover til Gyl, Straumsnes og Aspøya, og vidare gjenom [[Krifast]] til Frei og byen [[Kristiansund]] med [[Kvernberget]] flyplass.


Ytre delen av Tingvollhalvøya er vorte ein av de mest sentrale plassane på Nordmør etter at [[Krifast]] vart opna. [[E39]], kyststamvegen frå [[Trondheim]] til [[Kristiansand]], følgjer felles [[trasé]] med [[riksveg 70]] eit stykke frå Straumsnes til [[Bergsøya]] og gjev Tingvoll rask ferjefri veg til [[Molde]] òg. Frå [[Kanestraum]] på Straumsnes er det ferjestrekning på E39 til Halsanaustan i [[Halsa kommune]].
Ytre delen av Tingvollhalvøya er vorte ein av de mest sentrale plassane på Nordmør etter at [[Krifast]] vart opna. [[E39]], kyststamvegen frå [[Trondheim]] til [[Kristiansand]], følgjer felles [[trasé]] med [[riksveg 70]] eit stykke frå Straumsnes til [[Bergsøya]] og gjev Tingvoll rask ferjefri veg til [[Molde]] òg. Frå [[Kanestraum]] på Straumsnes er det ferjestrekning på E39 til Halsanaustan i [[Halsa kommune]].


==Næringsliv==
==Næringsliv==
Det at kommunen ligg i rimeleg [[pendling|pendleavstand]] til både byen [[Kristiansund]] og industristaden [[Sunndalsøra]] gjer at mange bur i Tingvoll kommune og har den daglege arbeidsplassen sin utanføre kommunegrensone. Raskare transport via [[Krifast]] har bidrege til detta.  
Det at kommunen ligg i rimeleg [[pendling|pendleavstand]] til både byen [[Kristiansund]] og industristaden [[Sunndalsøra]] gjer at mange bur i Tingvoll kommune og har den daglege arbeidsplassen sin utafor kommunegrensone. Raskare transport via [[Krifast]] har bidrege til dette.  


Fram til 2009 dreiv [[Sellgrens Veveri]] med produksjon av møbelstoff, og de var den største industriarbeidsplassen i kommunen med kring 40 tilsette. Detta føretaket var ei vidareføring av [[Tingvolds Uldvarefabrik]], som vart etablert i [[1898]].  
Fram til 2009 dreiv [[Sellgrens Veveri]] med produksjon av møbelstoff, og dei var den største industriarbeidsplassen i kommunen med kring 40 tilsette. Dette føretaket var ei vidareføring av [[Tingvolds Uldvarefabrik]], som vart etablert i [[1898]].  


[[Bioforsk Økologisk]] (tidlegare NORSØK) ligg på Tingvoll og er eit nasjonalt kompetansesenter for [[økologisk landbruk]]. Bioforsk Økologisk driv forsking og utvikling innaføre [[økologisk mat- og landbruksproduksjon]] og er hittil den einaste institusjonen av sitt slag i Norge.  
[[Bioforsk Økologisk]] (tidlegare NORSØK) ligg på Tingvoll og er eit nasjonalt kompetansesenter for [[økologisk landbruk]]. Bioforsk Økologisk driv forsking og utvikling innafor [[økologisk mat- og landbruksproduksjon]] og er hittil den einaste institusjonen av sitt slag i Norge.  


[[Landbruk]]et er framleis ei hovudnæring i kommunen, og [[kulturlandskap]]et er prega av detta.
[[Landbruk]]et er framleis ei hovudnæring i kommunen, og [[kulturlandskap]]et er prega av dette.


==Kultur ==
==Kultur ==


=== Museum ===
=== Museum ===
I Tingvollia ovanføre [[Tingvollvågen]] ligg [[Tingvoll museum]], som vart etablert i [[1954]] som lokalmuseum for den gamle delen av Tingvoll kommune, medan [[Straumsnes bygdemuseum]] dekkjer den tidlegare [[Straumsnes kommune]] på ytre delen av halvøya.
I Tingvollia ovafor [[Tingvollvågen]] ligg [[Tingvoll museum]], som vart etablert i [[1954]] som lokalmuseum for den gamle delen av Tingvoll kommune, medan [[Straumsnes bygdemuseum]] dekkjer den tidlegare [[Straumsnes kommune]] på ytre delen av halvøya.


===Idrett===
===Idrett===


===Ord og våpen===
===Ord og våpen===
Gardsnavnet Tingvoll saman med den geografiske plasseringa ved tyder på at staden har {{vorit}} tingstad og kanskje den sentrale staden på [[Nordmør]] heilt frå forhistorisk tid. Folk langs Tingvollfjorden, Sunndalsfjorden, Batnfjorden og Kvernesfjorden kunne ta seg fram til Tingvoll med båt, og folk som sokna til Halsafjorden, Stangvikfjorden og Ålvundfjorden kunne ta seg fram til Vågbø med båt. Herifrå var det nokre kilometer til fots over eidet til Tingvoll.  
Gardsnavnet Tingvoll saman med den geografiske plasseringa ved tyder på at staden har vore tingstad og kanskje den sentrale staden på [[Nordmør]] heilt frå forhistorisk tid. Folk langs Tingvollfjorden, Sunndalsfjorden, Batnfjorden og Kvernesfjorden kunne ta seg fram til Tingvoll med båt, og folk som sokna til Halsafjorden, Stangvikfjorden og Ålvundfjorden kunne ta seg fram til Vågbø med båt. Herifrå var det nokre kilometer til fots over eidet til Tingvoll.  


Kommunevåpenet for Tingvoll er fem grøne eikeblad på sølvbotn. Tingvoll er den nordlegaste staden med [[eik]]eskog i Noreg og ligg ikkje langt frå nordgrensa for vill eik på [[Edøya]] i [[Smøla kommune]].
Kommunevåpenet for Tingvoll er fem grøne eikeblad på sølvbotn. Tingvoll er den nordlegaste staden med [[eik]]eskog i Norge og ligg ikkje langt frå nordgrensa for vill eik på [[Edøya]] i [[Smøla kommune]].


=== Tusenårsstad ===
=== Tusenårsstad ===
Line 176: Line 176:


=== Kulturminne ===
=== Kulturminne ===
På [[Hindhammaren]] ved Tingvoll ligg den største samlinga av [[bergmåleri]] i [[Norge]]. Bergmålingane viser blant anna fisk og hjortedyr og er frå [[den yngre steinalderen]]. De kan vera opptil 5 000 år gamle.
På [[Hindhammaren]] ved Tingvoll ligg den største samlinga av [[bergmåleri]] i [[Norge]]. Bergmålingane viser blant anna fisk og hjortedyr og er frå [[den yngre steinalderen]]. Dei kan vara opptil 5 000 år gamle.


== Kjente personar ==
== Kjente personar ==
Line 196: Line 196:
{{Bokmålswikipedia|Tingvoll}}
{{Bokmålswikipedia|Tingvoll}}
{{Q}}
{{Q}}
[[kategori:Tingvoll kommune|*]]
[[kategori:Tingvoll kommune| ]]
[[kategori:Nordmør]]
[[kategori:Nordmør]]
{{Google 1}}

Versjonen frå 17. mai 2020 kl. 03:02

Tingvoll kommune
Kart
Våpen Bilde
Våpen Bilde
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1560
Fylke: Møre og Romsdal
Kommunesenter: Tingvoll
Areal: 337 km²
Folketal: 3 084 (2007)
Målform: nøytral
Internettside: www.tingvoll.kommune.no


Tingvoll kommune ligg på Nordmør i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trongfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune grensar til Sunndal kommune i søraust. Elles er han omgjeven av kommunane Aure i nord, Halsa i nordaust, Surnadal i aust, Nesset i sørvest, Gjemnes i vest og Kristiansund i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965. Etter denna revisjonen vart Tingvoll kommune mesta identisk med Tingvollhalvøya.

Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvöya, har gjeve namn til kommunen. Alt i förhistorisk tid meiner mange at detta har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmør. Nordligaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlige delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjenom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspöya der dessa vegane møtest. Bergsøysundbrua knyter kommunen til Krifastsambandet.

Geografi

Tingvollhalvöya er fire mil lang og kring tjue km² i flatemål. Halvøya når ikkje inn i fjella i Trollheimen, og heller ikkje ut til storhavet.

Topografi

Landskap ved Tingvollfjorden.
Foto: Halvard Hatlen

Tingvoll ligg på ei stor halvöy som strekkjer seg frå fastlandet mot havet i retning nord-nordvest. Halvöya har høge fjell, men er gjenomskora på tvers fleire stader med dalsøkk og eid som bind landet saman og skaper ferdselsåror mellom fjella.

Tingvollhalvöya har fleire fjelltoppar på meir enn 1 000 meter over havet. Smisetnebba er det høgaste punktet i kommunen med sine 1 175 meter over havet. På midtre delen av halvöya er Høgfjellet med sine 689 moh. det høgaste. I gamle Straumsnes er Valfjellet med 528 moh. høgast. Men Magnhildberget helt nordligast på halvøya er det mest karakteristiske og eit kjennemerke i landtoninga, synlig langt til havs. Bratte fjellsidor som stuper rett i fjorden er karakteristisk for landskapet mange plassar i Tingvoll kommune. Slike stader gjer landverts kommunikasjon vanskelig og hemma lenge vegbygginga.

Ved Straumsnes bør tre öyar nemnast. Den störste er Aspöya, som ligg ytst i Tingvollfjorden. Mellom Aspöya og Straumsnes ligg ein poll med namnet Karihavet. På eine sida er Karihavet stengt av eit smalt eid, og på andre sida er det ei trong opning mot Tingvollfjorden. I 1901 vart Nålsundkanalen gjenom eidet opna.

De to andre öyane er Årsundöya og Langöya. Begge dessa ligg nordaföre sjølve Straumsnes, mot Talgsjyen.

Aspöya sett frå Torvikbukt.
Foto: Halvard Hatlen

Fjordar og vatn

Tingvollhalvöya er mesta heilt omgjeva av lange og djupe fjordar. De skjer gjenom landet frå havet og inn mot fjella i nabokommunane. På vestsida av halvöya ligg Tingvollfjorden, som fortsett mot sør under namnet Sunndalsfjorden. På austsida av halvöya ligg Halsafjorden og Trangfjorden, som fortsett mot sør under namna Stangvikfjorden, Todalsfjorden og Ålvundfjorden. I nordvest ligg Freifjorden, og i nord Talgsjyen. Fjordane var tidlegare einerådande som kommunikasjonsåror gjenom landskapet. Det var sjyen og fjordane som batt bygdelaga på Nordmør samen og gav dem identitet.

Det finst fleire vatn i Tingvoll kommune. Storvatnet i Straumsnes er störst, og detta er drikkevassskjelde for Kristiansund kommune. Bergemsvatnet var lenge prega av föroreinsing frå landbruk.

Rimstadelva rinn frå Stølsvatnet til Tingvollvågen. Elva gav kraft til kvenner, sagbruk og ein ullvarefabrikk.

Klima

Tingvoll har mindre nedbør enn kystlandskapet lenger nord og mindre kulde enn innlandsbygdene lenger sør.

For perioden 19601990 var juli gjønomsnittleg den varmaste månaden med 13,6 °C, mens januar var kaldast med -1,6 °C. September var i same perioden den mest nedbørsrike månaden med gjønomsnittleg 141 mm, mens mai var tørrast med 51 mm nedbør. Målestasjonen ligg på Hanem i Tingvoll kommune.

Geologi

Dyreliv

Hjort og rådyr finst ofte i flokkar i Tingvoll kommune, og elgen trivst stadig betre. Bestanden av rev, villmink og röyskatt er stor, og grevling finst òg. Rype, tiur og orrfugl er nokså vanlege. Oter og mår er heller ikkje sjeldne syn. Gaupe kan ein stundom sjå far etter, men detta er berre streifdyr.

Av rovfugl kan nemnast kongeørn og havørn. Det finst òg hønsehauk, spurvehauk, dvergfalk, tårnfalk og fjellvåk.

Flokkar av sangsvanar og gjæser kjem innom Tingvoll kvart år, medan tranor hekkar årlig i kommunen. Ærfugl er det store flokkar av.

Tingvollfjordane får stundom besøk av nisor.

Naturvern

Det finst to naturreservat og sju landskapsvernområde i kommunen; de fleste av dessa ligg i ytre delen av kommunen.

Historie

På Straumsnes er det funne fleire fosnabuplassar frå eldre steinalder. Bergmåleria på Hindhammaren og arkeologiske funn tyder på at det har budd folk på Tingvoll langt tilbake i historia. På Aspa er det høge bautasteinar.

Det er gravrøyser frå vikingtida på Røttingneset og andre stader.

Tingvoll ligg sentralt til på Nordmør, og stadnamnet Tingvoll blir oftast teke til inntekt for at detta har vore tingstad for Nordmør. Ein trur at den gamle tingstaden låg der Tingvoll kirkje står i dag.

Aspa-ætta, som blant anna fostra erkebiskop Olav Trondsson, hade hovudsete på gardane Aspa og Boksaspa i mellomalderen.

Trelast og trevarer

Frå 1500-talet vart det eksportert store mengder trelast frå fjordbygdene på Nordmør, inkludert frå Tingvoll. Oppgangssager har det vore mange av langs fjordane.

De viktigaste kundane var lenge nederlandske kjøpmenn, og de henta trelast i Norge med eigne fartøy. 1600-talet blir gjerne kalla hollendartida i nordmørshistoria. Samtidige nederlandske kart over Noreg viser at de var interesserte i mange småe stader langs fjordane. Lille-Fosen vart etablert som ladested på denna tida, med tollstasjon som skulle kontrollere verksamheita.

Kring 1900 var det eit større sagbruk på Meisingset, Nordmøre Trelastforetning og Dampsagbruk hade over hundre tilsette. Sagbruket brann i 1904. Nordmøre Bruk vart seinare etablert like ved og hade sytti tilsette. Trelasta gikk til eksport og vart transportert sjyvegen.

På 18- og 1900-talet har stavskurd (skjering av tynnestav) vore ei viktig verksamheit på mange sagbruk i Tingvoll. Dessa tynnestavane vart dels bruka i lokale bedrifter, dels selt til tynnefabrikkar og bøkkerar i byane og fiskeridistrikta.

Det var tynnefabrikkar i Tingvoll, Flemma og Angvik.

I Angvik vart det etablert møbelfabrikk i 1906. Denna fabrikken utvikla seg til ei stor verksamheit og er framleis i drift.

Prestegjeld på Tingvollhalvöya

Det var fjordane som var ferdselsårone mellom gard og grend på Nordmør före 1900-talet. Vegane førte frå gardstunet til sjyen der naustet og eventuelle andre sjyhus stod plassert. Klinkbygde, opne båtar var hovudframkomstmiddelet. Der det var större bygder kunne mange ha sjyhusa sine samla i éi naustrekkje der det var eigna terreng og ein lun våg. Kirkjevegen kunne gå langs fjorden, eller på tvers av fjorden.

Det var fjorden som batt eit kirkjesokn samen. Tingvollfjorden var kirkjeveg for de fleste som haurde til Tingvoll kirkje. Angvik og Flemma på sørsida av fjorden haurde til Tingvoll.

Austsida av Tingvollhalvöya, Torjulvågen, Vågbø og Meisingset, var knyta til austsida (eller nordsida) av fjorden. Ein del av Meisingset haurde til Stangvik sokn. Nordvestsida av Aspöya haurde til Frei sokn.

Frå sjyveg til landeveg

Vegar og ferjesamband vart i første omgang utbygd for å supplere den sjybaserte kommunikasjonsstrukturen som fanst frå för. Men vegane og biltrafikken førte med seg eit anna samferdselsmønster som i sin tur kom til å føre med seg store endringar av kommunegrensone under kommunerevisjonen i 1960-åra.

I 1927 fikk Tingvoll vegförbindelse til Sunndalsøra og vart dermed knytt til vegsystemet i resten av landet.

Gylhamrane skapte lenge eit skilje mellom sør og nord på Tingvollhalvöya. Først i 1929 vart det kjørbar veg förbi Gyl.

Ferjeruta Angvik–Tingvoll vart etablert i 1929 og nedlagt kring 1980. Det har òg vore ferjedrift på strekningane Fjøseid–Eidsøra og Flemma–Gyl.

Med vegar og bilferjor erstatta rutebilane de gamle dampbåtrutone langs fjordane. I 1929 vart det etablert bilrute til Molde.

Kommunehistorie

Grensone for Tingvoll prestegjeld låg til grunn for opptrekkinga av formannskapsdistriktsgrensone i 1837. På den tida var det først og fremst fjorden og sjyvegen som batt samen, medan landevegen var mindre viktig. Tingvoll formannsskapsdistrikt og seinare Tingvoll kommune låg på begge sidone av Sunndalsfjorden, medan store deler av austsida av Tingvollhalvöya låg til nabokommunane der. Den delen av Tingvoll kommune som låg på sørvestsida av Sunndalsfjorden vart kalla Sørlandet eller Tingvoll Sørland. I 1866 vart Straumsnes, den ytre delen av Tingvollhalvøya, utskilt som eige formannsskapsdistrikt.

Den 1.januar i 1964 vart det store omleggingar av kommunegrensone på Nordmør. Transporten var i stor grad lagt om til landtransport, så de nye kommunegrensone vart trekte langs fjordane heller enn langs fjell og utmark. Den delen av Tingvoll som lå sørvest for Sunndalsfjorden vart overført til Gjemnes kommune. Til gjengjeld vart Straumsnes kommune samanslegen med Tingvoll att. I tillegg vart Aspøya overført frå Frei kommune og gardane Åsprong–Sandnes vart overført frå Stangvik kommune.

Samfunn

Folk

Tettstader og bygdesenter

Tingvollvågen er administrasjonsstaden for kommunen og den einaste staden i Tingvoll kommune som har stort nok folketal til å bli rekna som tettstad av SSB. Kring ein tredel av innbyggjarane i kommunen bur i kommunesenteret kring Vågen, som er det lokale daglegnamnet på Tingvollvågen. Butikksenteret og samvirkelaget er de sentrale møteplassane. Her finst det dessutan sparebank, bokhandel, kunstgalleri og ein kafé i tillegg til kommunehus og helsesenter. Sør for vågen ligg Sellgrens Veveri, den største industriarbeidsplasen i kommunen. På Stykkesflata sørom sentrum er det òg fleire butikkar.

Meisingset er eit bygdesentrum lenger sør i kommunen, mot grensa til Sunndal kommune.

Torjulvågen er den største bygda ved sørvestsida av Halsafjorden. Detta er ein av de mange strandstadene som var sentrale den gongen dampbåtane trafikkerte fjordane, men som har vorte meir avsides etter at vegtrafikken tok over.

På Straumsneset mangla det lenge eit markert sentrum, men ved den nye riksvegen, på Einset på Aspøya, har det utvikla seg eit nytt senter med butikkar.

På sørvestsida av Tingvollfjorden ligg dei gamle bygdesentra Angvik og Flemma. Desse er ikkje lenger innaføre Tingvoll kommune, men har lege i Gjemnes kommune sidan den 1. januar 1964.

Politikk

Ideologi og politiske parti er ikkje det som først og fremst pregar politikken i Tingvoll kommune. Særinteressone til dei olike bygdelaga i kommunen er derimot meir synlege.

Kirkjor

Tingvoll kirkje

Tingvoll kirkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200. Kirkja vart restaurert i 192829. Det mest ovanlege trekket ved Tingvoll kirkje er gangsystemet inni murane — eit trekk som truleg er inspirert av klerestoria på større katedralar og som er ovanleg for ei vanleg soknekirkje.

Straumsnes kirkje ligg på Grimstadhøgda, ved vegen frå den gamle ferjestaden Kvisvik. Kirkja er av tømmer og vart bygd i 1864.

Langøy kapell ligg på Langøya nordom Straumsnes og vart oppført i 1935.

Andre trussamfunn

Skular

Tingvoll vidaregåande skole (TVS) er den eldste distriktsskulen på Nordmør. Møre og Romsdal fylke har fleire gonger føreslege nedlegging av TVS, men med store protestar lokalt kvar gong dette har vore aktuelt. I skuleåret 2005/2006 hadde skulen kring 150 elevplassar, eit varierande tal kursdeltakarar og kring 40 tilsette. Skulen er med dette eit hjørnesteinsføretak for Tingvoll kommune.

Media

Tingvoll ligg midt mellom Kristiansund og Sunndalsøra, og avisor frå begge desse stadene blir lesne i kommunen. Tidens Krav kjem ut i Kristiansund og Aura Avis og Driva kjem ut på Sunndalsøra.

Kommunikasjon

Ferjeleiet på Kanestraum. På motsett side av fjorden ligg Halsa kommune.

Riksveg 70 er livsnerven langs Tingvollhalvøya. Mot aust bind vegen Tingvoll kommune i hop med industristaden Sunndalsøra i nabokommunen Sunndal og med DovrebanenOppdal. Frå Tingvollvågen fortsett riksveg 70 vestover til Gyl, Straumsnes og Aspøya, og vidare gjenom Krifast til Frei og byen Kristiansund med Kvernberget flyplass.

Ytre delen av Tingvollhalvøya er vorte ein av de mest sentrale plassane på Nordmør etter at Krifast vart opna. E39, kyststamvegen frå Trondheim til Kristiansand, følgjer felles trasé med riksveg 70 eit stykke frå Straumsnes til Bergsøya og gjev Tingvoll rask ferjefri veg til Molde òg. Frå Kanestraum på Straumsnes er det ferjestrekning på E39 til Halsanaustan i Halsa kommune.

Næringsliv

Det at kommunen ligg i rimeleg pendleavstand til både byen Kristiansund og industristaden Sunndalsøra gjer at mange bur i Tingvoll kommune og har den daglege arbeidsplassen sin utafor kommunegrensone. Raskare transport via Krifast har bidrege til dette.

Fram til 2009 dreiv Sellgrens Veveri med produksjon av møbelstoff, og dei var den største industriarbeidsplassen i kommunen med kring 40 tilsette. Dette føretaket var ei vidareføring av Tingvolds Uldvarefabrik, som vart etablert i 1898.

Bioforsk Økologisk (tidlegare NORSØK) ligg på Tingvoll og er eit nasjonalt kompetansesenter for økologisk landbruk. Bioforsk Økologisk driv forsking og utvikling innafor økologisk mat- og landbruksproduksjon og er hittil den einaste institusjonen av sitt slag i Norge.

Landbruket er framleis ei hovudnæring i kommunen, og kulturlandskapet er prega av dette.

Kultur

Museum

I Tingvollia ovafor Tingvollvågen ligg Tingvoll museum, som vart etablert i 1954 som lokalmuseum for den gamle delen av Tingvoll kommune, medan Straumsnes bygdemuseum dekkjer den tidlegare Straumsnes kommune på ytre delen av halvøya.

Idrett

Ord og våpen

Gardsnavnet Tingvoll saman med den geografiske plasseringa ved tyder på at staden har vore tingstad og kanskje den sentrale staden på Nordmør heilt frå forhistorisk tid. Folk langs Tingvollfjorden, Sunndalsfjorden, Batnfjorden og Kvernesfjorden kunne ta seg fram til Tingvoll med båt, og folk som sokna til Halsafjorden, Stangvikfjorden og Ålvundfjorden kunne ta seg fram til Vågbø med båt. Herifrå var det nokre kilometer til fots over eidet til Tingvoll.

Kommunevåpenet for Tingvoll er fem grøne eikeblad på sølvbotn. Tingvoll er den nordlegaste staden med eikeskog i Norge og ligg ikkje langt frå nordgrensa for vill eik på Edøya i Smøla kommune.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i kommunen er kirkjetunet som tingstad. Det blir hevda at den gamle tingstaden låg der Tingvoll kirkje ligg i dag, og Tingvollvågen med kommunehuset og det kringliggjande området blir rekna som vår tids tingstad. Mottoet for tusenårsmarkeringa var «Tingvoll som tingsted - fortid og framtid».

Området med kirkjetunet, prestegardsalléen og kulturlandskapet vart opprydda og utbetra. Det vart blant anna laga veg frå kirkjetunet ned til det gamle båttillegget ved Sørlandsporten, gangveg mellom Vågakaia og kirkjetunet, og dessutan forlenging av gangvegen til Rimstad.

Verdt å sjå

Kulturminne

Hindhammaren ved Tingvoll ligg den største samlinga av bergmåleri i Norge. Bergmålingane viser blant anna fisk og hjortedyr og er frå den yngre steinalderen. Dei kan vara opptil 5 000 år gamle.

Kjente personar

Litteratur

Pekarar

Mal:Nordmør

GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tingvoll» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.