Tik

Frå Alnakka.net
Torálesing frå tik.
Foto:Sagie Maoz

Ein tik (hebr. תִּיק [tīq]), flt. tikím, er ein lukka sylinder av tre eller metall som blir bruka til å omslutte sefarím (torárullar) og lagre dem i blant mange jødiske gruppor. Tikím er særleg vanlege i romaniotisk jødedom, italkisk jødedom, mizraḥisk jødedom og samaritansk religion, men dei blir òg ein del bruka blant sefardím i Nord-Afrika. Det sefardiske samfunnet kring Hamborg og Slesvig-Holsten bruka òg tikím — eitt av fleire element som viser samanheng mellom detta samfunnet og Livorno i Italia.

Samaritanar med samaritansk Torá i typisk samaritansk tik med tre ngaṣé ḥajjím.
Foto: עמית אבידן