Tefillín

Frå Alnakka.net
(Omdirigert frå Tefillin)
Plansje over portugisarjødiske tefillín. (Bernard Picart)

Tefillín (hebr. תְּפִלִּין [təfillīn]) eller bønereimer er namnet på to småe lêrboksar som inneheld blant anna bøna Sjemáng Jisraél og som blir bundne med lêrreimer i panna og på den eine overarmen under morgonbøna på vanlege kvardagar av tradisjonelle rabbinske jødar — enten berre av menn (vanlegast i ortodoks jødedom) eller òg av kvinnor (vanleg i masorti jødedom og til dels òg i feministisk-ortodoks jødedom). Tefillín er lite utbreidd i rekonstruksjonistisk jødedom og dei olike variantane av reformjødedom.

Typar og geografiske variantar

Geografi

Tefillín finst i olike geografiske variantar ― sefardisk/jemenittisk, Ari z"l (ḥasidisk) og asjkenazisk. Den viktigaste olikheita er kossen keláfen (pergamentet) er skreven, men det er òg andre olikheiter. Den portugisarjødiske tradisjonen i Nordvest-Europa er å bruke sefardiske tefillín. Typiske særtrekk for sefardiske tefillín er: Bokstaven sjin (ש) på sidone av bájit (huset, boksen) av tefillín sjel rosj; (tefillín for haudet) har flat botn; ei kort, ekstra lêrreim heng frå bájit på tefillín sjel jád (tefillín for handa) og symboliserer bokstaven jod. I nyare tid har sefardiske tefillín sjel rosj oftast ein dálet-forma (d) knute i nakkan ― i motsetning til den kvadratiske knuten som er den eldre tradisjonen som ein del sefardím enno brukar, og som enno er vanlegare blant asjkenazím.

Teologi

I tillegg til geografiske olikheiter finst det òg teologiske olikheiter: Det finst to syn på kva rekkjefølgje dei fire bibelsitata skal skrivast i ― Rasji sitt syn og rabbénu Tam sitt syn. Dei fleste brukar berre Rasji-tefillín i dag, men i somme jødiske gruppor er det vanleg at dei mest observante brukar både Rasji-tefillín og rabbénu Tam-tefillín ― enten for olike deler av morgongudstjenesta eller samtidig.

Kvalitet

Tefillín blir laga i olike standardkvalitetar. Den billigaste kvaliteten er pesjutím (enkle). Pesjutím mehudarím (betre enkle) og dakkót (tynne) og gassót (tjukke) er betre kvalitetar og er definitivt å anbefala i staden for pesjutím.

Bruksmåte

Den tydeligaste kulturelle olikheita i bruksmåten er kossen ein vitt lêrreima for tefillín sjel jad kring handa. Det finst tre hovudmåtar å gjera det på ― dálet på handbaken (hovudsakleg sefardisk), alef på handbaken (trad. portugisarjødisk) og sjin på handbaken (hovudsakleg asjkenazisk).

Ậ== Kva tid brukar vi tefillín? == Tefillín blir bruka under deler av sjaḥarít (morgongudstjenesta) på vanlege vekkodagar, og dessutan under minḥá (ettermiddagsgudstjenesta) på fastedagar (utom kippúr).

Under los medianos (ḥol hammongéd, dei mellomliggjande halvhelgdagane under pesaḥ og sukkót) er det olike skikkar:

Vi brukar ikkje tefillín på sjabbát og fulle helgdagar (rosj hasjaná, kippúr, sjabungót; dei første og siste dagane av pesaḥ og sukkót). Vi brukar heller ikkje tefillín under morgongudstjenesta på tisjngá beáb og andre fastedagar.

Vi brukar ikkje tefillín når vi et eller søv; når vi er på badet eller har orolig maga; eller når vi er distrahert av oreine tankar.

Kem brukar tefillín?

Menn

Alle halakhiske kjeldor er einige om at alle frie jødiske menn og gutar over 13 år er pålagt bodet om å legge tefillín og at dei skal seie berakháen når dei legg dem på.

Kvinnor

Eit mindretalssyn er at kvinnor og jentor over 12 år er pålagt bodet om å legge tefillín. Fleirtalssynet er at bodet om tefillín er tidsbunde, og at det derfor ikkje er obligatorisk for kvinnor ― men merk at dei fleste sefardiske og vest-asjkenaziske risjoním, såvel som ein del sefardiske aḥaroním, er einige om at kvinnor har rett til å legge tefillín:

(Tabell kjem...)

Kossen legg vi tefillín?

Sefardisk minhág er å seie berre éin berakhá når ein legg tefillín. Somme har som minhág å sitta når dei legg tefillín (Marokko, Syria), somme har som minhág å sitta først og å reise seg opp for berakháen (osmanske sefardím), og somme har skikken å stå heile tida (portugisarjødar, asjkenazím). Tefillín sjel jad skal leggast på venstrearma om ein er høgrehendt, og på høgrearma om ein er venstrehendt.

1: Sitt (Marokko, Syria, osmansk-sefardisk) eller stå (portugisarjødisk, asjkenazisk) etter din minhág.

2: Om du har langerma skjorte på, trekk opp ermet på den arma du legg tefillín på.

3: Tre lykkja av tefillín sjel jad på arma di. Bájit (huset) skal liggja på lag midt på overarma, men ikkje nærmare handbogan enn to fingerbreidder. Bájit skal snu litt innover mot hjarta. Stram lêrreima nok til at bájit held seg stabilt på plass. (Osmanske sefardím reiser seg opp her.)

4. Sei berakháen for tefillín:

בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ לְחָנִיֽחַ תְּפִלִּין׃

Signa er Du, Adonái,
vår Elohím, herskar over universet,
som helga oss med boda Sine
og baud oss
å legge tefillín.
Barúkh attá Adonái,
Elohénu mélekh hangolám,
asjer kiddesjánu bemiṣvotáv
veṣivvánu
leḥaníaḥ tefillín.

5. Tak enden av lêrreima for tefillín sjel jad og vikl ho sju gonger kring underarma (alle sefardím legg reima frå kroppen på øversida og mot kroppen på undersida; asjkenazím gjer det omvendt). Hald så resten av reima med samma handa som ho er vikla kring.

6. Utan å snakke eller late deg forstyrre av noko, gå så over til tefillín sjel rosj: Plassér framkanten av bájit øvst på panna og sentrert midt mellom augone. Lêrreimene skal liggja langs tinningen og over ørone og møtast i knuten der haudet møter nakkan.

7. Stram knuten i nakkan. (Asjkenazím seier Barúkh ... ngal miṣvàt tefillín her: sefardím gjer det berre om dei vart förstyrra.) Lat lêrreimene liggja over kvarsi skulder slik at endane ligg nedetter bringa.

Tefillín sjel jad bunden på den mest utbreidde sefardiske måten.

8. Legg ferdig reima for sjel jad. Skikken her varierer for olike gruppor. Vanlig sefardisk minhág er å legge reima slik at bokstaven dálet kjem fram på handbaken, og dei tre viklingane kring langfingeren symboliserer bokstaven sjin. I lag med den ekstra reima frå bájit, som symboliserer jod, får ein, frå langfingeren via handbaken til overarma, dei tre bokstavane sjin–dálet–jod, som står for gudsnamnet Sjaddày. Ein del portugisarjødar legg reima slik at dei får ein alef på handbaken. (Asjkenazím, inkludert hasidím, legg reima slik at dei får ein sjin på handbaken.)

Pekarar


Jødiske symbol

ner tamíd (Evig lys) · Hekhál (Arón kódesj, Toráskåp) · Torá (Mosebøkerne) · vestido (mengíl, mantel) · rimmoním · puntero (jad) · tebá (bimá, almemmár) · tallét (tallit, talles, bønesjal) · tefillín (bønereimer) · kippá (jarmelke, kalott) · mezuzá (dörkarm) ·