Tāūs
Ein tāūs (pandjābī ਤਾਊਸ) er eit indisk strykeinstrument på størrelse med ein cello og med 28–30 strenger, inkludert resonansstrengene. Etter sikhtradisjonen skal instrumentet ha vorte oppfunne av gurū Hari Gōbindh, den sjette av dei ti sikh-gurūane. Ordet tāūs er farsī för ‘påfugl’, og resonanskassen på tāūsen er faktisk forma som ein påfuglkropp. Den lange instrumenthalsen svarar til halefjørene på påfuglen.
Den som spelar på tāūsen sitt med føterne i kryss på golvet; tāūsen står på golvet, framom venstrekneet. Halsen kviler over venstreskuldra. Instrumentet blir spela med ein noko grov boga som blir bruka med underhandsteknikk på liknande vis som gambe.
Ei mindre utgåve av instrumentet utan den store resonanskassen og utan påfuglforma er kjent som dilrubā.
Video frå YouTube | ||
|