Tømmerkåte

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 7. mai 2020 kl. 16:43 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{ingane}}» til «ingane»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Pitesamisk dimbargåhteSkeppsholmen i Arjeplog.
Foto:Olve Utne

Ei tømmerkåte (sv. timmerkåta) er ein hovudsakleg skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sétt er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sétt 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogastongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanleg, men slik vi kjenner desse kåtone i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem.

Interiør av pitesamisk dimbargåhte.
Foto: Olve Utne

I ei typisk, kvadratisk lafta kåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dem av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til.

Tømmerkåtor er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland.

Namn

Etterleddet er det vanlige samiske gåetie/gåhte/goahte/goahti, med tømmer- som førsteledd: dimpere-gåetie (s.sam.), dimbargåhte (pites.), dimbargoahte (lules.), dimbbargoahti (n.sam.).

Sekskanta pitesamisk dimbargåhte.
Foto: Olve Utne

På lulesamisk blir tømmerkåta òg kalla dimbargábmá.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

«Timmerkåtan», video frå Ájtte Svenskt Fjäll- och Samemuseum.