Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim

Frå Alnakka.net
DMT Trondheim
2255 Synagogen Trh inne.jpg

Arkitekt Christies gt. 1B, Trondheim

Generelt


Gruppe:  asjkenazisk
Bygd:  1864 (som jarnbanestasjon)
Innvigd:  13. oktober 1925
Endringar:  1947 - reparasjon etter krigen
2000 - renovering
Opphørt:  -
Arkitektur
Teknikk:  mura i teglstein
Materiale:  teglstein, tre
Esnogarommet
Synagogen og det jødiske museet i Arkitekt Christies gate i Trondheim.
Foto:«HuBar»

Den novarande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opprinnelig bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tisdagkvelden den 13. oktober 1925.

Inni synagogen i Trondheim hausten 1995.
Foto: Olve Utne

Under andre verdskrigen vart synagogen konfiskert av nazistane (1941), og dei gjorde mykje skade på interiøret. Etter omfattande reparasjon vart synagogen attinnvigd hausten 1947.

Interiør sommaren 2007.
Foto: Olve Utne

I 1997 vart det jødiske museet opna i eit rom i synagogebygninga. Restitusjonsfondet gjorde det mulig å utbetre bygninga, og frå sommaren 2000 vart det gjort omfattande restaurering og ominnreiding av 1. etasje. Synagogen vart attopna i 2001 — no blant anna med bibliotek, multimediasenter og eit kraftig opprusta jødisk museum.

Sefarím i «orn-keides» (Hekhál) hausten 1995.
Foto: Olve Utne

Interiør: mörkegrøne benker, og elles lyse pastellfargar. Bimen (tebáen) er plassert litt framom midten i typisk asjkenazisk ortodoks stil, og dei fleste benkeradene snur mot or’n keides (Hekhál, toráskåpet). Det finst eit galleri som tradisjonelt blir bruka som kvinnegalleri, men praksis i dag varierer noko.

Sjå òg

Kjeldor

Mal:Q1 Mal:Q2