Surnadal kommune

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 03:19 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Éin versjon)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Surnadal kommune
Kart
Våpen Bilde
Våpen Bilde
Grunnleggande opplysningar
Kommunenr: 1566
Fylke: Møre og Romsdal
Kommunesenter: Skei
Areal: 1 366 km²
Folketal: 6 049 (2007)
Målform: nynorsk
Internettside: www.surnadal.kommune.no


Surnadal kommune ligg på Nordmør i Midt-Norge. Kommunen grenser til Halsa og Hemne kommunar i nord, til Rindal kommune i aust, til Sunndal kommune i sørvest og til Tingvoll kommune over fjorden i vest. I søraust grensar kommunen til Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke.

Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er samensett av fleire bygder og dalar, med Surnadalen som den viktigaste dalen. Andre viktige dalar og bygder er Bæverfjord, Bøverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvenna og Stangvik.

Frå Surnadal strekkjer det seg fleire seter- og fjelldalar langt innover Trollheimen. Det høgaste fjellet her er Snota, 1668 moh. Elva Surna rinn gjenom Surnadal frå Rindal og vestover. Her blir elva forma i eit stort deltaområde före ho rinn ut i Surnadalsfjorden. Surna er rik på laks og er eit trekkplaster för bygda.

Det milde klimaet og jordsmonnet gjer Surnadal til ein god landbrukskommune. Økonomien er bygd på jordbruk, skogbruk, industri og meir. Administrasjonssenteret heiter Skei. Surnadal har ferjeförbindelse med Sunndal kommune over KvennaRykkjem, og riksveg 65 går til Trondheim.

Surnadal er heimbygda til den nasjonalkjente diktaren Hans Hyldbakk, som har vore med på å gje bygda sterke kulturtradisjonar.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Surnadal» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.

Mal:Nordmør