Sunnmørsbåt

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 01:19 av Bottolf (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{SOm}}» til «Som»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sunnmørsåttringen til Sunnmøre museum under segl i juni 2005.
Foto:Andreas Vartdal

Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til kring 1880. Mindre båtar vart bygd inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygd og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna av skroget, som er snidbetna, og lårseglet.

Historikk

Naust på Hareid med eine sida av ein gammel sunnmørsåttring til vegg.
Foto: Andreas Vartdal

Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, lødor og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lite endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygd. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar. Saxe Bjørkedal har rekonstruert både fjørefar, åttring og jekt på dette viset. Av originale storbåtar fins det berre ein åttring att. Han står no på Ålesund museum. At han er i så god stand har vorte tolka som at det har vore ein dårlig sjybåt som har vorte lite bruka. Skapen, særlig på bakenden, kan òg tyde på det. To åttringar er i ettertid vorte bygd med utgangspunkt i oppmålingar av gamle båtbord på naustvegger. Av de mindre båtane finst det fleire gode eksemplar.

Fjørefar tekna av Hans Strøm.

Ei viktig kjelde til kunnskap om den gamle sunnmørsbåten er Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer, beliggende i Bergens Stift i Norge. 1–2 Part, Sorøe 176266. Der finst det både illustrasjonar og mange opplysningar. Ei av tekningane er grunnlag for byvåpenet til Ålesund.

Størrelsar

Byvåpenet til Ålesund

Med utgangspunkt i Hans Strøm sine skrifter og i framleis eksisterande båtar, kan vi sette opp detta oversynet over olike størrelsar på sunnmørsbåtane. Ein del båtar passar ikkje inn i dette skjemaet. Brukaren bestilte sin båt som han ville ha han, og båtbyggjaren bygde han.

Færing

Færingen var den vanlegaste bruksbåten til heimefiske og ærend mellom bygdelag. To rom, framrom og bakrom, og to røde (årepar). Ein til to mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.

Kjempefæring

Stor færing med to rom og tre røde. Fremste keipeparet i den store framskuten. Tre til fire mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.

Trirøring

Bruka til fiske og til reisor for fleire personar. Mykje bruka til kirkjebåt. Tre rom og tre røde. Tre til fire mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.

Firrøring

Fiskebåt som òg vart bruka utaskjers. Tre rom og fire røde. Tre til fem mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.

Seksring

Storbåt. Bruka til havfiske. Fire rom og fire røde. Fem mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl.

Fjørefar

Storbåt. Bruka til havfiske. Fire rom og fire røde. Seks mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl. Omtale og illustrasjonar med Hans Strøm. Det kan tyde på at detta var vanlegaste storbåten på 1700-talet.

Åttring

Største havfiskebåten. Fem rom og fem røde. Sju til åtte mann. Snidbetning. Rigga med lårsegl. Vanligaste storbåten, samen med seksring, på 1800-talet.

Sambørding

Den minste føringsbåten. Tre rom, eitt av dem veldig stort, til plassering av gods. Tre røde. Byggjemåte og seglføring okjent. Kring samma størrelse som åttringen.

Tendring

Den nest største av sunnmørsbåtane. Fraktebåt. Denna har vi kjennskap til berre gjenom skriftene til Hans Strøm. Trulig ikkje snidbetning.

Jekt

Den største av sunnmørsbåtane. Omtale og illustrasjon med Hans Strøm. Fraktebåt. 10–30 lestar. 1 årepar. 8–10 mann. Framdrift: For det meste segl. Beingangar. (Ikkje snidbetning.) Ei jekt «Anna Olava» vart bygd i 2000, etter modell laga av Saxe Bjørkedal, ut frå båtmaterialar som vart funne i ei sjybu på Håkonsholmen i Ulstein.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sunnmørsbåt» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.