Sukkót

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 01:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{skrivit}}» til «skr{{ì}}ve»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sukkót er òg fleirtalsforma av ordet sukká.

Portugisarjødisk cabaña (sukká) tidleg på 1700-talet. (Bernard Picart)

Sukkót (hebr. סֻכּוֹת el. סוּכּוֹת) eller páscua de las cabañas (kastiljansk), òg kalla lauvhyttefestennorsk, er ei åtte dagar lang høgtid som tek til fem dagar etter kippúr. Vi feirar sukkót først og fremst ved å byggje enkle hyttor («sukkót») og ved å vifte med luláben. Den siste dagen i sukkót er kjent som sjeminí ngaṣéret. I Ereṣ Jisraél fell sjeminí ngaṣéret og simḥàt Torá samen, men i diasporaen blir simḥàt Torá feira dagen etter, altså på den niande dagen.

Namnet sukkót

Skrivemåtar

Namnet sukkót kan, som så mange andre namn med hebraisk rot, bli skreve på svært mange måtar — for eksempel Sukót, sukkos, sukkot, sukkoth, sukkes, sukes, soekot (ndl. og soekos (ndl.). Det finst spesielt mange skrivemåtar på fransk — nån eksempel er: souccot, souccoth, soucot, soucouth, soucos, soukot, soukoth, soukkot, soukkoth, souccote, soukote...

Andre ord

På skandinavisk seier ein ofte lauvhyttefesten (nyn./bm.), løvhyttefesten (bm.) ...

Sjå òg

Pekarar