St. Eystein kirkje i Kristiansund

Frå Alnakka.net
St. Eystein kirkje i Kristiansund
7658 St. Eystein kirkje i Kristiansund.jpg

Interiør, sett frå inngangen mot altaret.
(27. oktober 2008) Olve Utne

Generelt

Den norske kirkja

Vigd til:  St. Øystein
Innvigd:  1958
Arkitektur
Kirkjerommet
St. Eystein kirkje i oktober 2008.
Foto:Olve Utne

St. Eystein kirkje (nyn. St. Eystein kyrkje, bm. St. Eystein kirke) er ei katolsk kirkje i Flintegt. 5 Kristiansund som vart vigsla i 1958. Det første katolske kapellet i byen vart vigsla i 1932, og fleire nonnor av St. Carl Borromeusordenen kom flyttande til byen året etter. Den katolske menigheita vart formelt oppretta i 1934 med Lilly Werring, f. Germaine Amalie Aubert, og sønene hennar som medlemmar. Menigheita har vokse med tida, og i dag (2008) har ho 255 medlemmar. Kirkja fungerer som menigheitskirkje for katolikkane i dei elleve kommunane på Nordmør og sorterer under Trondheim stift av Den katolske kirkja. Prest og sokneadministrator sidan 27. juli 2006 er pater Alexandre Semajangwe Polepole.