Spinett

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 03:33 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{UTav}}» til «Av»)
«Spinett» i ordlista
eit spinett, spinettet (dativ ått di spinetta); fleire spinett, alle spinetta (dativ ått all(om) dei spinettom)
Spinett bygd av Benjamin Slade (ca. 1669– ? ).

Eit spinett (it., spinetta, sp./pt. spineta, fr. épinette) er ein type cembalo der klaviaturet står på skrå av strengene. Instrumentet har gjerne tilnærma trekanta form sett ovafrå. Det eldste spinettet vi veit om vart bygd i 1631 av Hieronymus de Zentis. Av praktiske grunnar har spinett berre eitt strengregister, og den begrensa størrelsen på resonanskassen gjer òg at spinettet kjem best til sin rett i mindre rom. Spinettet har vore mest bruka i private heimar, der overkommeleg pris og lite plassbehov gjerne er meir avgjerande enn ein stor klang som ber godt.

Andre instrumenttypar som har vorte kalla spinett

Utover 1800-talet vart etterkvart ordet spinett bruka om taffelpiano. Frå 1930-talet har ordet i tillegg vorte bruka om ein spesielt kompakt type piano.