Veltemperering

Frå Alnakka.net
Tittelbladet til originalmanuskriptet til Das wohltemperirte Clavier av Johann Sebastian Bach.

Veltemperering eller olikesvevande temperering er eit tempereringssystem der store tersar og reine kvintar blir stemt gradvis vidare dess fjernare ein kjem frå C-dur eller F-dur-området i kvintsirkelen. Dei fjernaste kvintane er reine eller lett oversvevande, og alle toneartane er brukande. Olikesvevande toneartar varierer likevel sterkt i olike deler av kvintsirkelen, og desse olikheitene vart kopla mot affektlæra i barokkmusikken.