Geitbåt

Frå Alnakka.net
(Omdirigert frå Geitbåtar)
«Geitbåt» i ordlista
Mal:Ordliste geitbåt
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl i Kråksundet.
Foto:Olve Utne

Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmør og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstamna vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstamna åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den veldig langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.

Det finst tre geografiske typar av geitbåtar:

  1. Aurgjeldgeita, som hører heime hovudsakleg i Aure, har noko lengre kjøl, noko brattare stamnar, gjerne fast vaterbord, og er oftast rigga med symmetrisk råsegl.
  2. Søfjordingen har kortare og djupare kjøl, veldig lange halsar og utprega runde stamnar med noko flattrykt profil. Søfjordingen er normalt rigga med lårsegl (asymmetrisk råsegl) — eit segl som frå heimdistriktet ått geitbåten og nordover gjerne blir kalla geitbåtsegl.
  3. Romsdalsgeita er veldig lik søfjordsbåten og blir ofte ikkje rekna som typologisk sjølvstendig. Hovudforskjellen er at romsdalsgeita er noko breidare i forhold til lengda og sidare i forma. Slik sett danar romsdalsgeita til dels ei overgangsform til sunnmørsbåten.

Den nyare båttypen lysterfæring, som er ein mykje enklare båttype å byggje og som vart veldig populær i distriktet frå tida kring 1900, vil ikkje bli behandla her.

Namnet

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

Geitbåt-kappsegling i Kråksundet i Aure kommune i juni 2011. (Video: Olve Utne)

Det finst fleire syn på kva som ligg til grunn for namnet geitbåt.

Geita klatrar

Eit ofte omtala syn er at det viser til kossen dei lårseglrigga båtane frå Nordmør kan segle tettare opp mot vinden enn dei råseglrigga åfjordsbåtane. Mannskapet ombord på åfjordsbåtar skal ha mekra og ropa over til nordmørsbåtane: “Sjå geita kor hó klív!” Nordmøringane skal stundom ha ropa tilbake: “Grísbåt!”[1] Detta kan nok vara grovt sett dekkjande for situasjonen på bankane utafor Nordmør og Fosen1800-talet, men det er likevel nån problem med denne forklaringa: Eit relativt lite problem er at aurgjeldsgeita i alle fall opp mot nyare tid ikkje har havt lårsegl, men vanleg råsegl slik som båtane nordafor. Eit anna og større problem er at denna forklåringa ikkje passar så godt med bruken av geit- i båtkarakteristikkar elles i Norge.

Eitt spesifikt problem her er elles at åfjordsbåten gjerne har vorte kalla geitbåt av nordlendingar. Åfjordsbåten som vi kjenner han i dag og nordlandsbåten som vi kjenner han i dag har sterke fellesdrag både i skrog, rigg og segl, og krysseeigenskapane er ikkje vesentleg olike mellom dem. Det er osikkert om denna nemninga opprinneleg har noko med den novarande åfjordsbåten å gjera. Historisk sett ser nemleg geitbåten som vi kjenner han (og da helst av aurgjeldstypen) ut til å ha vore utbreidd i det novarande åfjordsbåtområdet fram til 1700-talet.[2]

Lyrodd.
Foto: Olve Utne

Stamntoppar som geithorn

Eit anna syn er at geitbåtar er karakteristiske ved at stamntoppane ser ut som geithorn; det vil seie at ein har relativt høge stamntoppar med noko runda profil. Denna kan passe nokolunde på geitbåtane frå Nordmør, der stamntoppane stig opp i jamn kurve både frå utsida av sjølve stamnen og frå ripa via lyroddane til innsida av stamntoppen.

Nysgjerrige geiter strekkjer hals.
Foto: Mats Lindh

Geithalsen stikk seg fram

Omgrepet geitbåt har òg stundom vorte bruka om andre båttypar som skil seg ut frå nabobåttypen ved at stamnane er runde og halsane framstikkande. På Innherred blir adjektivet geiten stundom bruka om båtar med slike stamnar og halsar.

Form

Framhalsane er tilhogd med sterk kuving. Merk elles den relativt skarpe knekken i overgangen mellom botnen og sida.
Foto: Olve Utne

Skrog

Geitbåtskroget er klinkbygd av veldig tynne og breide bord av feit nordmørsfuru. Banda (spanta) er òg av furu og er svært smekre. Sjølve kjølbordet er kort og relativt djupt, og denne djupna blir forsterka av den bratt tilhogde ørhua i overgangen mellom kjølen og det første botnbordet. Mellom kjølen og stamnane er det ein lang overgang med gradvis kuving. Framhalsane (dei nedste borda nærme framstamnen) er tilhogd med sterk kuving slik at framenden av skroget er smekker under vasslina og mykje vidare over. Denne effekten er forsterka gjenom at bordgangane er veldig vide ved framstamnen og smalnar tilsvarande av mot atterstamnen. På dei fleste geitbåtane er denna effekten forsterka gjenom at det fram mot framstamnen er innfelt ein ekstra bordgang. Mellom botnborda og sidone i geitbåten er det ein relativt skarp knekk, slik at botnen av båten er relativt flat på kvar side av kjølen, men sidone er veldig bratte. Den djupe, men korte kjølen, dei skarpe framhalsane, den vide framstamnen, den flate og jamne botnen, dei bratte sidone og den smekre atterstamnen er alle med på å gjera geitbåten til ein svært god, halvplanande og lettstyrt ro- og seglbåt for dei oreine farvatna langs kysten av Nordmør og Romsdalen og for fiskebankane som ligg utafor kysten av Midt-Norge.

Færøybåtane liknar mykje på geitbåtane i form — legg merke til det lange stamnpartiet —, men har smalare bordgangar på grunn av mangel på godt tømmer. (Foto: Erik Christensen)

Rigg og segl

Alle geitbåtar med master som enno finst har éi master med eitt segl. Søfjordingen er oftast rigga med eit trapésforma lårsegl — på liknande vis som sunnmørsbåtane, nordfjordsbåtane og sunnfjordsbåtane. Hovudforskjellen mellom geitbåtsegla og sunnmørssegla er at geitbåtsegla har mindre utprega trapésform og lengre rå. Aurgjeldgeita er oftast rigga med eit trapésforma, symmetrisk råsegl.

Størrelsar

Vanlege geitbåtar kjem i olike størrelsar, frå småe tribandsfæringar til dei store toskgansbåtane med seks årepar. I tillegg kjem dei tverrskotta kirkjebåtane, ofte utan master og rigg, men med opp til sju årepar. Båttypar vi kjenner til frå skrift, men ikkje frå bevarte fartøy, inkluderer sambørdingar og tendringar på over 50 fot.

Færing

Mêlfæring.
Foto: Olve Utne

Færingen med sine fire årar finst i to hovudutgåvor på Nordmør. Den minste av dem blir kalla tribandsfæring. Den noko større mêlfæringen får namnet sitt frå det ekstra halvrommet mellom dei to åreromma.

Trirøing

Trirøringen, òg kalla trerøring og seksæring og, særleg i nyare tid, seksring, har tre par årar. Dette vart rekna som den minste allvêrsbåten for fjordbruk.

Fyring

Fyringen har fire par årar. Fyringane, som dei større femringane, vart ofte bruka til linefiske.

Femring

Femringen med sine fem par årar vart, som fyringen, særleg bruka til linefiske.

Toskgansbåt

Detalj av toskgansbåt. (Foto: Olve Utne)

Toskgansbåtane med sine seks par årar vart, som namnet viser, bruka hovudsakleg til garnfiske etter torsk — særleg utpå havbankane.

Referansar

  1. Færøyvik, Øystein: Vestlandsbåtar : frå oselvar til sunnmørsåttring : ei bok bygd hovudsakleg på granskingsarbeid som Bernhard Færøyvik let etter seg. (Norske båtar; b. V.) Oslo : Grøndahl & søn forlag AS, 1987. ISBN 82-504-0857-8. S. 137.
  2. Heide, Eldar: «Stamnkarakteriserande skips- og båtnemningar : knǫrr og geitbåt», i Norsk Sjøfartsmuseum : årbok 2002, s. 57–72.

Litteratur

Trirøingen (seksæringen) «Todalsgeita» fortøydd i ein Smøla-holme. (Foto: Annar Thinn, Kystlaget Geitbåtens Venner)

Pekarar

Mal:Q2