Solitreo

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 5. mai 2020 kl. 01:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{skrivit}}» til «skr{{ì}}ve»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ordet «solitreo» skreve i solitreo.

Solitreo eller soletreo (djudeospanjol, frå portugisisk soletrar eller asturiansk soletrear/solitrear, ‘(å) stava’) er lykkjeskrift-utgåva av hebraisk skrift som tradisjonelt blir bruka blant osmanske sefardím for å skrive djudeospanjol, ladino og hebraisk. Skrifta er visuelt sétt snarlik asjkenazisk lykkjeskrift, men er olik nok til at dei ikkje er innbyrdes förståelige. Skrifta var i vanleg bruk blant sefardím i Det osmanske riket, inkludert i det jødiske samfunnet i Ereṣ Jisraél (hovudsakleg tilsvarande vår tids Israel, Vestbredda og Gaza) langt opp mot våre dagar. I og med at Israel har gjenomført asjkenazisk lykkjeskrift som einaste standard, har antalet folk som kan lesa og skrive solitreo gått markant ner sidan begynnelsen av 1900-talet.

Sjå òg

Pekarar