Solbærgelé

Frå Alnakka.net

Solbærgelé er eit pålegg laga av sila solbærsaft.

Oppskrifter

Gammaldags solbærgelé

etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).

Ingrediensar

  2 l  solbær
  4 dl kaldt vatn
900 g  sukker pr liter saft

Framgangsmåte

  1. Rens bæra godt og vask dei godt.
  2. Set [bæra og vatnet] over varmen. Kok det sakte i 20 min. Slå det opp i eit geléklede og lat det stå til neste dag.
  3. Til kvar liter saft tek ein 900 g sukker. Det blir blanda i mens safta er kald, og ein rører varsamt i til sukkeret er smelta. Set så gryta over varmen og lat det få eit oppkok. Må ikkje rørast i etter at det er komme i kok. Kok sakte i 8–10 min. Skum.
  4. Slå i små, varme glass, lat det stå til neste dag. Bindast over.