Skonnert

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 12. april 2020 kl. 01:53 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «fartøy» til «farty»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ein typisk toppseglskonnert frå 1760-åra.
I norske kjeldor frå 1800-talet blir ordet «skonnert» oftast bruka i tydinga ‘brigantin, skonnertbrigg’. Her ser vi skonnertbriggen «Mina Testmann», bygd i Christiansund i 1815 for J.F. Roshouw i Trondhjem.
Den tomastra franske marineskonnerten «Étoile» — ein toppseglskonnert av sein 1800-talstype.
Den tremastra slettopparen Linden frå MariehamnÅland.

Ein skonnert er eit sneiseglrigga seglskip med minst to mastrer. De tomastra skonnertane skil seg ut frå galeasar ved å ha stormastra som aktermaster. Skonnerten som skipstype vart utvikla på 1600-talet. De to- og tremastra skonnertane skil seg ut frå briggar og barkskip ved at stormastra primært er sneiseglrigga. Skonnerten kan seiast å representere overgangen frå råsegl til gaffelsegl.

Ein skonnert kan riggast på ei rekkje olike vis: Den reint sneiseglrigga skonnerten blir kalla slettoppar og har berre gaffelsegl og stagsegl. Slettopparane kunne mot slutten av seglskutetida ha opptil sju mastrer. Toppseglskonnerten er sneiseglrigga, men har i tillegg eit skværsegl (råsegl) på fokkemastra, og ofte òg på stormastra. Ein skonnertbrigg eller brigantin har to mastrer, med skværseglrigg på fokkemastra og sneiseglrigg på stormastra. Tremastra skonnertar med skværsegl på fokkemastra og sneiseglrigg elles blir kalla skonnertbark, skonnertskip eller barkantin.

Namnet skonnert kjem frå engelsk schoon (smuttstein) — det vil seie ‘som glid lett i sjyen’.

I norske 1800-talskjeldor viser ordet «skonnert» oftast til farty med skværseglrigga fokkemaster, altså skonnertbrigg eller brigantin.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Skonnert» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.