Skoltesamiske båtar

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Skoltebask av elvabåttype frå kring 1900.
Foto:Olve Utne

Skoltesamiske båtar inkluderer skoltebask — eit namn som viser til relativt lette og korte elvabåtar for bruk i breide og rolige elvar og litt kraftigare båtar for inste fjordstrøk; og veenâs — noko større fjord og havfiskebåtar. Skoltebåtane har til felles at bordgangane er sauma heller enn klinka, at det enkle, symmetriske råseglet gjerne er breidt oppe og smalare nede, og at båtromma er relativt småe. Dei største båtane blant skoltesamar så vel som russarar på Kolahalvøya var snjaka — store og grovbygde, opne båtar med lengd på kring 7–12 meter og éi til to mastrer, der stormastra var råsegl- eller spriseglrigga og mesanmastra, når ho fanst, var gaffelrigga.

Elvabåten — bask

Sjøbåten — veenâs

Det finst bevart éin skoltesamisk sjøbåt — i Tromsø Museum, nemlig ein treroms «vanas» (Mal:Skoltesamisk veenâs) med éi master og eit råsegl som var vidare oppe enn nere. Denne båten vart bygd til vårtorskefisket i 1870. Kjølen går frå stamn til stamn og har tydelig T-profil. Stamnprofilane er i all hovudsak identisk med den vesentlig større sjnjakaen: Bakstamnen er rett og utfallande, medan framstamnen er sterkt krumma og avsluttar i ein markant innsving øvst. Det er tre omfar på båten: To botnomfar og eitt sideomfar, med tydelig knekk mellom botnen og sida. Omfara er hogd, og dei er ihopsett med overlapp etter klinkbyggingsprinsippet, men med alderdommelig sauming med hamptråd snarare enn klinka jarnsaum, og med mose som drev. Banda (spanta) står tett, og den treroms, 11-fots båten har heile ni band. Einaste tverravstiving er i samband med toftene, som er loddrette bord som kviler an mot banda i heile høgda av sideomfaret og som ligg an mot det kraftigare botnbandet rett over kjølen. Øvst på toftbordet gjer ein L-forma knekk mot ryggsida til roarane at sitteflata blir breid nok. I dei to fremste rorsromma satt rorskarane med ryggen mot framstamnen og rodde vanleg. I det attaste rommet satt høvedsmannen og hamla. Under segl, når roret laut brukast, vart det bruka styrvol.

Dimensjonane på båten er vesentlig mindre enn på tilsvarande norske båttypar. Dét heng nok delvis i hop med at skoltesamiske menn i eldre tider ser ut til å ha hatt ei gjenomsnittslengd på kring 1,50 m. Men det kan nok òg spela inn at det attaste rommet allveg vart hamla frå, så vel som at mastrefestet i framkant av midttofta gjorde at berre fram- og attrommet var brukande til roing når mastra var oppe.

Storbåten — sjnjaka

Sjå hovudartikkelen under sjnjaka.