Skogssamar

Frå Alnakka.net
Den skogssamiske leiren Spänningsvallen mellem Järfojaur og Seudnur i Arvidsjaurs kommun, på grensa mellom novarande Östra og Västra Kikkejaurs samebyar. Tresnitt etter foto av Lotten von Düben 1871.

Skogssamar (nyn.; bm./sv. skogssamer, da. skovsamer) er samar som held til i skogslandet heile året og som altså ikkje flyttar opp til fjella om sommaren eller vinteren, i motsetning til fjellsamar. I praksis blir namnet bruka i förbindelse med svenske og finske område; de norske samane med liknande levevis blir oftast kalla sjysamar.

I historisk tid har det funnest skogssamar i alle fall frå nordre Ångermanland og nordover i Sverige. De to sørligaste lappmarkene, Åsele og Lycksele lappmark, omfatta före 1606 ikkje fjellområdet, men berre reint skogssamiske område. Det samma galdt Kemi lappmark i novarande Finland. I de andre lappmarkene fanst skogssamar innaför heile skogslandet.

Skogssamane i Kemi, Åsele og Lycksele lappmarker vart assimilert i den finske og svenske befolkninga i løpet av 1600-, 1700- og 1800-talet. Idag finst ein levande skogssamisk kultur innom skogslandet i Norrbottens län, og i tillegg i Malå i Västerbottens län.

Språk

Idag har de fleste skogssamane svensk eller finsk som morsmål, men samisk blir stadig bruka i varierande grad ein del plassar. I Lule lappmark har såvel skogssamar som fjellsamar tala lulesamisk. I Pite lappmark har det derimot funnest ei tydelig språkgrense mellom fjellsamane, som tala pitesamisk, eit språk nærmast i slekt med lulesamisk, og skogssamane som vel så ofte[1] tala umesamisk, som ligg nærmare sørsamisk. Skogssamane i Malå og austre Sorsele har òg tala umesamisk.[2]

Innaför Lycksele og Åsele lappmarker vart skogssamane mesta heilt assimilert i løpet av 1800-talet og bytta språk til svensk. Det gamle språket deras gikk stort sett tapt. Men den samiske litteraturen som vart författa i Lycksele mot slutten av 1600-talet av Olaus Stephani Graan og begynnelsen av 1700-talet av Pehr Fjellström viser at de tala umesamisk der òg. Grensa mellom umesamisk og sørsamisk er omdiskutert, men opptekningar av J.A. Nensén frå 1800-talets Åsele lappmark tyder på att skogssamane der òg tala ein dialekt som kan reknast til umesamisk. Språket deras skilte seg dermed frå den sørsamisken som vart tala og til ein viss grad enno blir tala av fjellsamane i Vilhelmina.[2]

Skogssamane vart mesta fullstendig assimilert i Kemi lappmark òg; der bytta de språk til finsk. Av det gamle språket finst det i dag berre ein rest att i form av enaresamisk, som blir tala av 200–300 personar. Den nordsamisken som blir tala av betydelig fleire innbyggjarar i Finsk Lappland har vorte innført gjenom seinare innvandring av fjellsamar.[3]

Religion

Av det litle vi veit om förkristen samisk religion kan nemnast at naturen vart oppfatta som besjela og at kvar viktige plass — fjell, vatn, fossar og liknande — hadde sitt eige åndevesen. Reindrifta, jakta og fisket hadde sine vernande gudevesen som heldt til i underlig forma steinar og knausar — siejde. Til dessa siejde ofra de för å få hell i olike samenhengar. Noko eigentlig presteskap fanst ikkje; kvar familiefar kunne ta runebomma til hjölp för å få kontakt med gudeverda. De som vart sett på som særlig flinke til detta var kjent som noaidar. Vi veit òg at bjønnen var gjenstand för ein spesiell bjønnakult med intrikate seremoniar.[4]

I Ernst Manker sitt verk Lapparnas heliga ställen finst ein hel del eksempel på siejde og offerplassar innaför skogssamiskt område. Dit hører blant anna de metallrike offerplassfunna i Unna Saiva, Gråträsk, Vindelgransele og Bäcksjö. Som eksempel på ein siejdde kan nemnast den i Fristad ved øverenden av Arvidsjaurssjön. Han bestod av ein halvmeterhøg, mesta svart stein med knudrot yte, plassert på ein större stein i sjyen, kring 20 meter frå stranda. Siejdden vart smurt med fiskfeitt, innvolar eller liknande för å gje fiskelykke.[4]

«Granlappar»

Alt i de eldste kjeldone, 1500-talets skattlengder, blir det skilt mellom skogs- og fjellsamar. Skogssamane vart da kalla för granlappar. Grunnen til inndelinga var den forma av skatt som kvar av de to gruppone betalte. I 1585 skreiv lappefuten i Lule og Pite lappmarker, Olof Andersson Burman:

De säges vara granlappar som utgöra skatt om året bland vildvaror /,/ fiskeskatt som är gäddor, sik, abborre. Men de andra som ingen fisk ränta förmältes i årliga längden kallas fjällappar, havande det namnet därav att de bo uppe i fjällen uti bergsskrevor, och komma till inga sjöar med mindre deras nabor granlapparna vele godvilligt efterlåta dem fiska med sig.[5]

På begynnelsen av 1600-talet kunne termen granlapp òg bli bruka om samar som berre skatta til Sverige, i motsetning til fjellappane som betalte skatt til både Sverige og Norge, ettersom de hadde virket sitt på fjellryggen mellom de to landa.[6]

Utbredning og antal

År 1553 fanst det 47½ granlapske skatteeinheiter og 50 fjellapske i Pite lappmark. To år seinare fanst det 73 skattebetalande granlappar og 35 fjellappar i Lule lappmark. Størrelsesforholdet mellom de to gruppone var omtrent det samma utover resten av 1500-talet.[7]

Når Petrus Læstadius författa sin journal i 1827, hadde skogssamane vorte færre enn fjellsamane. I heile Arvidsjaurs sokn budde det likevel framleis berre skogssamar, skriv Læstadius, og i Arjeplog, Jokkmokk og Gällivare fanst òg eit stort antal.[8]

I 1882 vart det utnemnt ein komité för å utrede situasjonen ått samane i Sverige. De gav detta bildet av skogssamane på den tida:

  • I Enontekis socken fanst to skogssamiske familiar frå Pajala med alt i alt 600 reinar.
  • I Jukkasjärvi socken fanst tre skogssamiske familiar med kring 500 reinar. De fleste av dessa var skötesrenar som vart eigd av bufaste.
  • I Gällivare socken var skogsreindrifta betydelig meir utbreidd. Det totale antalet reinar var så høgt som 6500. Samtlige som dreiv med skogsreindrift var samtidig nybyggjarar.
  • I Jokkmokks socken fanst det to overvegande skogssamiske lappbyar, Jockmock og Sjocksjock. Ein del av reingjetarane i dessa byane hadde likevel begynt å flytte opp mot fjella med reinane sine om somrane. Reineigarane i Sjocksjock var alle samtidig odelsbønder.
  • I Arjeplogs socken bestod Arjepluogs lappby lengst aust i soknet utelukkande av skogssamar. Fleire av dem hadde mist sine eigne reinar og slege seg ner som fiskarar ved dei store sjøane, så dermed var det berre nån få att som hadde reindrifta som hovudnæring. Dei flytta ner til kysten om vintrane.
  • I Arvidsjaurs socken og Malå församling fanst Arvidsjaurs lappby, utelukkande skogssamisk, med 642 innbyggjarar. Lappbyen var inndelt i 36 lappeskatteland. I Pite älvdal heldt samane til heile året på sine respektive landområde, medan de andre flytta ner til austkysten om vinteren.[7]

Buplassar

Leirar

Lafta kåte i Koppsele i Malå kommun. Koppsele var den siste leiren som vart bruka av skogssamane i Malå. Han vart lagt øyde kring 1900. I dag er området kring leiren naturreservat. På 1600-talet vart tømmerkåtone beskrevne som sekskanta, men firkanta kåtor har vore det vanlige i seinare tid.

Fram til først på 1900-talet budde skogssamane utspreidd, kvart hushald innaför sitt spesielle landområde, sitt lappskatteland. Innaför kvart slikt land fanst det eit antal faste leirar, og på kvar leirplass fanst ei kåte, förrådsbuder, förrådsstillingar og ein reinvoll, vanligvis omgjeven av ei tømra gjerding.[9]

I prestrelasjonane i 1670-åra, som vart innsendt til Johannes Schefferus i Uppsala og tjente som kjeldemateriale til verket Lapponia, finst den eldste meir detaljerte informasjonen om livet til skogssamane. Nicolaus Lundius skildra kossen samane i Umeå lappmark ved kvar reinvoll tømra ei sommarkåte av stokkar, seks omfar, som de så tekte med granbark. Samuel Rheen, som framför alt skildra Jokkmokks socken på samma tida, bidrog med opplysninga at «kottarna» hadde seks vegger og at de ikkje nødvendigvis var tekt med granbark — men ofte med granris, tolleris eller torv. Kåtone stod ved de vatna og elvane der skogssamane bruka å fiske og jaga. Han förtelte òg at i nærheita av kåtone fanst det buder som var sett på stubbar, og at dessa budene vart kalla för njalla eller «staburar». Dessa vart bygd på det viset at eit tre vart kappa ved to til tre meters høgd. Oppå denna stubben vart det lagt fire stokkar i kors, og oppå dessa att vart det bygd ei lita bud som vart tekt med fjøler og attlukt med ei dör. Grunnen til at budene vart sett så høgt var å unngå at bjønnar og jervar skulle bryte seg inn og øydelegge det som vart lagra der, såvel kjøtt og ostar som kledor.[10]

Da Ernst Manker studerte livet til skogssamane i de tidligaste tiåra på 1900-talet, hadde stort sett alle gamle leirar vorte nerlagt. I staden likna de skogssamiske bustadene på vanlige svenske bondebustader med gardar og grender. Men ein del skogssamiske gardar har vorte anlagt på gamle leirplassar.[7]

Vinterbyar

Så langt tilbake som vi har skriftlige kjeldor har skogssamane inngått i ein större samfunnsstruktur òg — såkalla sidaer (s.sam. sijte, Mal:Lule. sijdda, n.sam. siida) eller lappbyar (sv.). Sjølv om ordet lappby har vorte mykje bruka på svensk, så hadde ikkje sidaene i si opprinnelige form så mykje til felles med vår tids svenske samebyar. De var heller ikkje byar eller grender i vanlig förstand; de hadde för eksempel ikkje nødvendigvis nånn permanente bygningar. Petrus Læstadius kalla sidaene stammar og la dermed vekt på sidaen som ei menneskegruppe heller enn som ein fysisk einheit.[8]

At det i svenskspråklig samenheng blir tala om «byar» trur vi kjem av at handelsmenn og futar på 1500-talet oppsøkte samane på vinteren når de fanst samla på store felles buplassar, eller vinterbyar. Frå Kemi lappmark veit vi at det fanst ni lappbyar med kvarsin vinterby på begynnelsen av 1600-talet. I følgje Helmer Tegengren vart plasseringa av vinterbyane avgjort dels av kjente ferdselsvegar, dels av muligheita til vinterjakt på villrein. Vintertid vandra villreinen opp til de lavrike markene ved vasskiljet, og vinterbyane var plassert nærme vandringsruta.[3]

I de andre lappmarkene veit vi òg om lappbyar frå og med 1500-talet. Det finst skildringar frå blant anna birkarlar om at dessa byane òg samla seg på större buplassar om vinteren, i det minste frå Pite lappmark og nordover. I de to sørligare lappmarkene, Ångermanna og Ume lappmarker, hadde samane tidlig fått til vane å reise til marknadsplassar ved kysten om vinteren. Den gamle samiske samfunnsstrukturen vart seinare grunnleggande endra da Karl IX anla kirkjeplassar i lappmarkene i 1607. Frå den tid laut samane halde til på kirkjeplassen ein stor del av vinteren för å besøkje marknad, gudstjenestor og ting, noko som førte med seg at de gamle vinterbuplassane kom utur bruk. Ein del av kirkjeplassane var nok plassert på tidligare vinterbuplassar. Det gjeld för eksempel Arvidsjaur i det skogssamiske området.[11]

Næringsliv

Opprinnelig fiskarar og jegarar

Grunnen til at granlappar og fjellappar betalte olike typar skatt på 1600-talet var at de hadde olike försørgingsmønster. Granlappane var berre i liten grad reineigarar. Da lappfuten Karl Unesson gjenomførte ei detaljert gransking av ume- og ångermannalappane (som da utelukkande var skogssamar) i 1602, hadde de to rikaste hushalda 40 reinar, medan medianverdien var 13.[12]

I 1670-åra erklærte Samuel Rheen at granlappane i Jokkmokk levde hovudsaklig av fisk og vilt. Nicolaus Lundius, som skildra forholda i Ume lappmark kring samma tida, bidrog med opplysninga at granlappane ikkje var så rike som fjellappane. Granlappane hade

stor maga, i det de äta eij så mycket ost och kiött, utan allenast fisk som dåck utan salt är.

Rettnok eigde de reinsdyr, men berre eit lite tal. Derimot jaga de villrein, noko som òg vart beskreve av Johannes Tornæus i spørsmål om Torne lappmark.[10]

Enkelte skogssamar kunne likevel vara store reineigarar endatil på 1600-talet. Av ein tingrettsprotokoll frå 1699 framgår det för eksempel at Ture Turesson, innehavar av Stångbergslandet kring novarande Rusksele, da hadde omkring 100 reinsdyr. Han vart rekna å vara den rikaste samen i Ume lappmark.[13]

Så seint som i 1740-åra skildra Pehr Högström i alle fall skogssamane på liknande vis som 1600-talsförfattarane. Han kalla dem för fiskar-, gran- eller skogslappar og konstaterte at de levde mest av fisk, fugl og dyr, og om sommaren av mjølk og ost frå de fåtalige reinane sine.[14]

Såvel i løpet av 1600-talet som på første halvdelen av 1700-talet vart skogssamane altså først og fremst skildra som fiskarar og fangstmenn. Rettnok eigde de fleste skogssamane reinsdyr, men dessa var transportmiddel og mjølkedyr, ikkje kjøttdyr. Reinkjøtt og reinskinn fikk de gjenom villreinjakt eller gjenom å byte til seg slaktereinar.

Skogsreindrifta blir utvikla

På andre halvdelen av 1700-talet gjenomgikk det skogssamiske næringslivet ei grunnleggande endring. Da arkeologen Kjell-Åke Aronsson studerte pollenprøvar frå reinvollar i Arvidsjaurs og Gällivare kommunar kunne han sjå ei tydelig auka kulturpåverkning ein gang i løpet av andre halvdelen av 1700-talet. Artsamensetninga tyda på at reindrifta auka i omfang under denna perioden.[15]

Detta støtta konklusjonane som geografen Filip Hultblad tidligare hadde gjort om Jokkmokks socken ut frå blant anna tingbøker og skattelistor. Frå midt på 1700-talet vart dokumentasjonen av skogsreindrift stadig klårare i tingbøkerne, medan fiske spela ein stadig mindre rolle i konfliktane. Fleire skogssamar begynte med reindrift og flokkane vart större.[11]

Bertil Marklund har følgt tilsvarande endringar innaför lappskattelandet Vuorbejaur i Malå — han òg med hjölp av tingbøker. Han har kunna vise at næringsverksamheita ått skogssamane der vart endra i retning mot aukande reinnomadisme i løpet av perioden 1770—1800. Marklund har òg beskreve de olike stega i endringa:

  • Reinflokken vart större. Det vart bruka meir tid på reindrift og mindre tid på jakt og fiske.
  • Med aukande reinflokkar aukar konkurrensen mellom reineigarane, og beiteressursane må utnyttast meir effektivt.
  • Når beitet ikkje strekkjer til lenger, blir det leita etter vinterbeite austover, nedaför lappmarksgrensa.[16]

Skogssamisk liv på 1800-talet

Petrus Læstadius (1802–41).

Overgangen frå fangstkultur til reindrift var fullt ut gjenomført blant skogssamane da Petrus Læstadius begynte verksamheita si som misjonær i Pite lappmark i 1827. I journalen sin gjev han eit detaljert bilde av kossen arbeidsåret til skogssamane såg ut på den tida. Om vinteren heldt de til ved kysten, men i begynnelsen av mai kom de opp til sine eigne lappskatteland. Der fikk reinane gå fritt fram til midsommar, og i mellomtida dreiv skogssamane med jakt og fiske. Når myggen begynte å bli plagsam leita de opp reinane sine og heldt sin eigen reinflokk samla. Reinane fikk beite i nærheita av leiren, men to eller tre gonger om dagen dreiv skogssamane reinflokken inn i gjerdet. Der gjorde de opp røykeldar för å halde myggen borte slik at reinane fikk tyggje drøv i fred og ro. Ein gong om dagen mjølka de simlone, mest för å yste ost. Så flytta de mellom olike leirar slik at reinane allveg skulle ha godt beite. Når den verste myggtida var over, sleppte de laus reinane att, og skogssamane kunne drive med jakt og fiske att. Omkring mikkjelsmess, tidlig i oktober, begynte brunsttida, og da leita de i reinane sine att. Når det så etter kvart vart vinterføre, flytta både folk og reinar ner til kystområda att, der de budde i vadmålstelt på samma vis som fjellsamane.

Læstadius gjev eit veldig positivt bilde av skogssamane og livet deras: De levde eit godt liv i nærheita av de trivelige kåtone sine — i motsetning til fjellsamane, som laut fryse på snaufjellet. De hadde eit variert kosthald med fersk fisk, fugl, mjølk, ost og bær — medan fjellsamane sjeldan åt noko anna enn reinkjøtt. Dessutan heldt skogssamane seg reine, kjemte håret og var nøye med å vaske koppane sine — det òg i motsetning til fjellsamane, om vi skal tru på Læstadius. Han meinte at skogssamane “bland lappar ostridigt äro de bästa.”[8]

Skogssamebyar

I og med den første svenske reinbeiteloven som kom i 1886, vart «lappbyar» (no: samebyar) innført som administrative einheiter för reinnæringa. Blant dessa fanst det ti skogssamebyar: Vittangi i Vittangi socken, Gällivare og Jokkmokk i respektive sokn, Ståkke og Arjeplog i Arjeplogs socken, Malmesjaur, Östra Kikkejaur, Västra Kikkejaur og Mausjaur i Arvidsjaurs socken og Malå i Malå socken.

I 1946 vart Jokkmokks skogslappby oppløyst ettersom skogsreindrifta var nerlagt i den sentrale delen av området. I staden oppretta de to separate lappbyar der — éin i nord og ein i sør — Serri og Udtja. Samtidig vart Malmesjaurs lappby nerlagt, og området vart fördelt på Udtja og Östra Kikkejaur lappbyar. Arjeplogs lappby bytta namn til Maskaur.[7]

Det har ikkje skjedd nånn större endringar etterpå, og idag blir det dreve med skogsreindrift i totalt ti skogssamebyar.

Försvunne skogssamiske kulturar

Samtidig som skogsreindrifta vart utvikla i store deler av indre Norrland, försvann de skogssamiske kulturane frå ytterområda. I Kemi lappmark kom det ei intensiv innflytting av svedjebrukande finnar i løpet av 1500- og 1600-talet, noko som førte med seg at samane i området vart fullstendig assimilert og gikk heilt over til finsk i staden för samisk.[3]

Ein tilsvarande prosess fann stad i Åsele og Lycksele lappmarker i løpet av 1700-talet. I slutet av 1820-åra skreiv Petrus Læstadius i sin journal om muligheitene for å lære seg samisk för prestane:

I Åsele, Fredrika, Dorotea, Vilhelmina och Lycksele är lapska så obrukligt i vardagstal och även i kyrkan, att ingen ex usu[17] kan lära det.[8]

Talande er elles ei formulering av Johan Vilhelm Zetterstedt frå reisa hans gjenom Umeå lappmarker i 1832:

[...] David Pehrsson, som varit Lapp, och nu bosatt sig här såsom nybyggare.

Den som var nybyggjar vart ikkje lenger rekna som lapp, og i heile Lycksele socken fanst ikkje lenger nånn lappar registrert i manntala.[18] Den reindrifta som har vorte dreve i Kemi, Åsele og Lycksele lappmarker etter den tid har vore fjellreindrift.

Stensundslandet: eit unntak

Stensundslandet, her kalla «Arfvid Nilsſons Land», på Råskillnadsdeputationens kart frå 1758. «Rötjern nybygge» er novarande Rödvattnets by. Vassdraget øvst på bildet er Lägstaån, ei sideelv til Flärkån i avrinningsområdet til Gideälven.

Berre eitt lappeskatteland levde vidare i skogslandet sørom Malå utover 1800-talet. Det var det sørligaste av alle kjente land, Stensundslandet i Anundsjö socken i nordre Ångermanland. Nils Persson (1804–1880), kalla Nuenjetteme, var den siste innehavaren. I 1842 fikk Nils Persson klare papir av länsstyrelsen på at han var i besittelse av Stensunds lappskatteland og at han hadde rett til å utnytte landet så lenge han hadde behov för det og betalte skatten sin. Det blir sagt at han let de tre døtrene sine setre reinane på de såkalla Trattbergen mellom Lägstaån og Häggsjöbäcken (Gammtratten, Varvliden og Siberget). Nils Persson dreiv skogsreindrift i området med reinane sine fram til han dødde i 1880. Reinane vart etterkvart overtekne av dotra Sara Johanna og mannen hennar, Lars Jonsson, som prøvde å leva som fjellsamar före de til slutt gav seg med reindrifta.[19]

Skogssamiske kulturmiljø

Spor

Spor etter barktak i tolle ved Låkkeråvatj i Jokkmokks kommun i Lule lappmark.
Foto: «Skogsfrun»

Ein skogssamisk leir som ikkje er i bruk lenger går ganske fort tilbake til naturen. I dag kan vi særlig finne åror — den steinlagte eldstaden i kåta. Gamle reinvollar kan stundom attkjennast som velgjødsla og grøne flator i skogen eller på ei hogstflate. Einkvan gongen finn vi restar av hagar, kåtor og buder. I gamle tollor kan vi finne innhogde feste för å binde reinar, eller innslegne pinnar som oppheng för mjølkekara.[9]

Eit typisk skogssamisk kulturspor er spor av samisk barktak i gamle tollor (furutre). Slike spor har vorte funne frå Könkämäälven i nord til Umeälven i sør. Barken vart bruka dels som mat, dels som pakkemateriale för å bevara senor mjuke.[20]

Bevarte miljø

Lappstan i Arvidsjaur.

Skogssamiske leirar er bevart i blant anna Nilasjokks naturreservat i Arvidsjaurs kommun og i Koppsele domenereservat i Malå kommun.

Lappstan i Arvidsjaur er verna som bygningsminne. Der finst det eit trettitals tømmerkåtor og eit femtitals stabbur som vart bruka av av samane i området i förbindelse med kirkjehelgene. De firkanta tømmerkåtone er typiske för den skogssamiske bygningskulturen.

Sjå òg

Fotnotar

  1. I alle fall i nyare tid finst det likevel eksempel på pitesamiskspråklige skogssamar.
  2. 2,0 2,1 Mal:Bokref
  3. 3,0 3,1 3,2 Mal:Bokref Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «Tegengren» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  4. 4,0 4,1 Mal:Bokref
  5. Mal:Bokref
  6. Mal:Bokref
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Mal:Bokref
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Mal:Bokref Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «Læstadius» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  9. 9,0 9,1 Mal:Bokref
  10. 10,0 10,1 Mal:Bokref Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «Berättelser» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  11. 11,0 11,1 Mal:Bokref
  12. Mal:Tidskriftsref
  13. Mal:Bokref
  14. Mal:Bokref
  15. Mal:Bokref
  16. Mal:Bokref
  17. ex usu = gjenom bruk
  18. Mal:Bokref
  19. Mal:Bokref
  20. Mal:Tidskriftsref

Pekarar


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Skogssamer» frå Svenska Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denna versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denna sida.