Skjerstad

Frå Alnakka.net
Det tidligare kommunesentret Misvær.
Foto:Lars Røed Hansen

Skjerstad var fram til 1. januar 2005 ein kommune i Salten i Nordland fylke. Da han vart samenslegen med Bodø kommune etter ei folkeavstemming i mai 2004 der det var to stemmor overvekt for samenslåing med Bodø. Kommunesenteret var i den litle bygda Misvær.

Geografi

Skjerstad ligg sør for Skjerstadfjorden, som er den midtarste delen av Saltfjorden, som går austover frå Bodø til Fauske, og vidare sørover til Saltdal. Skjerstadfjorden er 32 km lang og 8 km breid på det breidaste. På sørsida ligg den 16 km lange sidefjorden Misværfjorden.

Området er svært berglendt, og Lurfjelltind når 1286 meter over havet. Lågland finst berre på spreidde oddar og vikar i fjorden. Berggrunnen består hovudsaklig av glimmerskifer og kalkstein, med førekomstar av kalksteinkonglomerat i aust.

Fjellet kring Misværfjorden består av granitt med innslag av gabbro.

Demografi

1. januar 2004, eit år føre kommunesamanslåinga med Bodø kommune, hadde Skjerstad kommune 1030 innbyggjarar.

Om namnet

Namnet Skjerstad er eit gardsnamn. I de eldste skriftene blir namneforma Skirastaðir bruka. Første ledd er eit elvenamn, der det norrøne adjektivet skirr tyder ‘rein’ eller ‘klår’ (jfr. Skirða i Sunndal). Gardsnamnet blir nemnt fleire stader, første gongen den 7. november 1390 (a Skinastadom i Salte).

Historie

1200-talet fanst det ei katolsk kirkje i Skjerstad. Denna mellomalderkirkja i Skjerstad var etter alt å dømme ei trekirkje, ettersom det ikkje finst ytre restar av ei steinkirkje. Under bislaget på den novarande kirkja er det òg funne ei altartavle i kleberstein frå katolsk mellomalder. I tavla er det innhogd ein kvadratisk gjømmestad for relikvie. Det er òg inngravert eit solkors — som det einaste i sitt slag nord for Ålesund.

Misvær prestegard er det funne fire gravstøttor i granitt frå 1200-talet. Tre av gravstøttone har kors i relieff. Tilsvarande kors andre plassar i Norge blir datert til 1100-talet. Gravminna er kring 1,5 meter lange, 50 cm breide og 10 cm tjukke.

Skjerstad sogn blir nemnt i eit skøyte skrive på pergament og datert den 7. november 1390. Skøytet fortel at Gudleik Thorgillsön selte til Botolf Korte “et pundasleigu i Breidvik, som ligher i Skirasta sokn i Salte” (‘eit pundsleige [ein gard] i Breivik, som ligg i Skjerstad sokn i Salten’).

I 1390 var altså Skjerstad eit sokn (Skirasta sokn), med ei katolsk kirkje oppkalla etter ein gard (a Skinastadom i Salte). Garden Skjerstad finst ikkje nemnt i Aslak Bolts jordebok frå 1430.

Eit stabbur i Misvær, bygd i 1510, er den eldste kjente trebygninga nordaføre Trondheim. Fleire stokkar i stabburet vart hogd i 1496. Stabburet var opprinnelig innreidd som bustadhus eller eldhus.

Ni andre bygningar i Skjerstad er eldre enn 1650, som er grensa for automatisk freding av bygningar.

Administrativ historie

Skjerstad sokn (1589–1595)

Skjerstad kirkje blir nemnt i Den trondhjemske reformats frå 1589. Lensherren over Trondheims len, Christian Friis, hadde i 1586 klaga over vanstellet av kirkjone i distrikta i eit skriv til kong Fredrik II. Avstandane mellom Trondheim og distrikta var lange, og areala for kvart prestegjeld var orimelig store med kommunikasjonsmidla som fanst på den tida. Julaftan 1586 vart lensherren, biskopen i Trondheim, soknepresten i domkirkja og ein kannik pålagt å granske forholda i distrikta og komma med konstruktive forslag for å betre stellet med kirkjone i Nord-Norge. Etter to reisor i 1587 og 1588 vart Reformats av 1589, Trondhjems stifts geistlige sager anliggender lagt fram for kongen.

Rapporten frå kommisjonen oppgjev eit manntal over bønder som soknade til de enkelte kirkjone, kor mykje dessa skulle gje i tiende, og kor ofte prestane skulle preke i de enkelte kirkjone i «Salten prestegjeld». Bodin kirkje var på detta tidspunktet ei hovudkirkje med Skjerstad kirkje, Rørstad kirkje og Kjerringøy korshus som underlagte kirkjor (hørende inn under Bodøe).

Skjerstad menigheit, som òg omfatta Saltdalen, bestod i 1589 av 150 bønder (oppsittarar) og 15 husmenn, og svara til ei folkemengd på mellom 600 og 700 menneske.

Pastoren i Bodin, Mogens Olsen, betjente Skjerstad kirkje med ein domestica sacellana (huskapellan eller personell-kapellan) fram til han dødde i 1595.

Residerande kapellani (1595–1770) og eige prestegjeld (1770– )

Utdjupande artikkel: Skjerstad prestegjeld

Den nye Skjerstad kirkje, bygd 1959 etter at gamlekirkja brann ned kring 1950 etter lynnedslag.
Foto: Lars Røed Hansen

Myllom 1595 og 1770 var soknet Skjerstad eit residerande kapellani under Bodøen prestegjeld. Skjerstad kirkje hadde 12 pastorar i denna tida.

Skjerstad kommune (1837–2005)

Kommunevåpenet (1991–2005) til Skjerstad kommune var ein kvit kvennstein på ein grøn åker

I 1837 vart den nye heradskommunen Skjerstad etablert. Gardane kring Skjerstad- og Misværfjorden hadde da eit folketal på kring 2 500 innbyggjarar. Det første lokalvalet vart halde på Mjønes i slutten av mai 1838. Det vart velt fem formenn og 15 representantar. Formannskapet heldt sitt første møte på Skjerstad prestegard i juni 1838. Der vart soknepresten sin kapellan, Johan Fredrik Lampe velt til den første ordføraren i kommunen.

Den 1. januar 1905 vart Skjerstad kommune delt i to kommunar. Den største av dessa i både areal og folketal vart til Fauske kommune (4 646 innbyggjarar), medan den minste fortsette under namnet Skjerstad (1 709 innbyggjarar).

I 1949 vart så ein liten del av Skjerstad, med 10 innbyggjarar, lagt til Saltdal kommune, og den 1. januar 1963 vart enda ein del av Skjerstad, med 224 innbyggjarar, samenslegen med den tidligare kommunen Bodin kommune.

Den 1. januar 2005 vart Skjerstad kommune innlemma i Bodø kommune.

Kommunen hadde da eit areal på 465 km², der 109 km² var skog (inkludert 10 km² barskog), 24 km² var ferskvatn og 11 km² var jordbruksareal.

Sjå òg

Kjeldor og litteratur

  • Berg, Gunnar: Bygdebok for Skjerstad og Fauske. Bind I. Bodø : Nordland Boktrykkeri A/S, 1975. ISBN 82-90030-40-1
  • Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. (Statistisk sentralbyrå, rapport 99/3, 1999)
  • Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk Stadnamnleksikon. Oslo : Det Norske Samlaget, 1976. ISBN 82-521-0544-0
  • Skjerstad og Bodø kommunar: SKJERSTAD – Den nye bydelen i Bodø, Nr. 6, 2004. Samarbeid mellom kulturkontorene i Skjerstad og Bodø, Bodø Nu, 2004


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Skjerstad» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.