Sjulḥán ngarúkh

Frå Alnakka.net

Sjulḥán ngarúkh er eit bokverk skreve av rebbí Joséf Karo og som inneheldt ei oppsummering av det större bokverket hans, Bét Joséf. I de fleste former av vår tids ortodokse jødedom blir Sjulḥán ngarúkh med sine kommentarar rekna som den viktigaste og mest autoritative kjelda til halakhá (rabbinsk-jødisk religiøs lov). Bét Joséf og Sjulḥán ngarúkh byggjer på rammeverket i det tidlegare verket Arbangá turím, medan de halakhiske vala byggjer på Jiṣ’ḥák Alfassi, Mosjé ben Maimón og Asjér ben Jeḥiél. Når de tre kjeldone ikkje let seg harmonisere, let Karo Mosjé ben Naḥmán («RaMBaN») få det siste ordet.

Mappá — ei asjkenazisk (om)tolking

Sjulḥán ngarúkh er i seg sjølv ein syntese av sefardisk og asjkenazisk jødedom, men r. Mosje Isserlis frå Kraków meinte at verket i for liten grad atterspegla asjkenazisk skikk, så han skreiv kommentarverket Mappá (‘duk’) og skildra de mange områda der asjkenazisk skikk er strengare, så vel som de områda der asjkenazisk skikk er mildare.