Sjofár

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 4. mai 2020 kl. 18:16 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «gjønom» til «gjenom»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ein sjofár (hebraisk שׁוֹפָר [šōfār]) er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná og kippúr. Utom dessa dagane blir sjofáren tradisjonelt bruka som signalinstrument for å kunngjera at sjabbáten nærmar seg på fredagsettermiddagen i ein del sefardiske samfunn. Asjkenazím blæs tradisjonelt på sjofáren kvar dag gjenom heile månaden elúl anna enn på sjabbát.

Sjofársignal etter sefardisk tradisjon. (Kjelde: Jewish Encyclopedia)
Jemenittisk sjofár av kuduhorn. (Foto: Olve Utne)
Liten asjkenazisk sjofár. (Foto: Olve Utne)

Olike typar horn blir bruka i olike tradisjonar. Asjkenazím og ein del sefardím brukar oftast dei relativt korte horna av bekre (vêr) eller geitebukk. Témaním (jemenittiske jødar) brukar derimot oftast dei lange og korketrekkjarforma horna av kuduar. Blant spanske og portugisiske jødar er det lange og lett boga hornet av oryx tradisjonelt mykje bruka.