Sjnjaka

Frå Alnakka.net
Snjaka med stormaster og mesan.

Sjnjaka (russ. шняка, шнека el. шнек) er ein tradisjonell nordvestrussisk og austsamisk open, spissgatta fiskebåt med årar og segl. Eit karakteristisk trekk ved sjnjakaen så vel som med eldre skoltebaskar og liknande båtar, er at borda er sauma heller enn klinka. Sjnjakaen som vi kjenner han frå 1800-talet hadde normalt ei totallengd på 7–12 m, førte éi master med råsegl eller sprisegl og hadde mannskap på fire. Lasteevnen var normalt 2,5–4 tonn. Dei störste fartya hadde òg mesanmaster med gaffelsegl, så vel som baugspryt med fokk.

Kjeldor