Sjem Tob ben Joséf Falaquera

Frå Alnakka.net
Versjonen frå 3. mai 2020 kl. 23:40 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Utbyting av tekst - «{{or}}» til «or»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Sjem Tob ben Joséf Falaquera (ca 1225–ca 1295) var ein sefardisk diktar, omsettar og förmidlande filosof i den nyplatonske skulen.

Sjem Tob ben Joséf Falaquera vart fødd i Provence eller Nord-Spania kring 1225. Han dødde truleg ca 1295. Generelt var han, i pakt med sitt eige mål, meir ein förmidlar enn ein nyskapar, og han omsette fleire nyplatonske tekstar.

I dei to verka Resjít ḥokhmá (‘Visdommens begynnelse’) og Séfer Hammebakkésj (‘Den søkjandes bok’) tek han blant anna for seg musikk. I Resjít ḥokhmá tek han for seg klassifikasjon av greiner av musikken. Grunnskiljet går i følgje honom mellom praktisk og teoretisk musikk. Han skil her — som Regino av Pruem — mellom naturlig og kunstig musikk, der den naturlige musikken er den som blir framført med stemmen. Vidare underdeler han den teoretiske musikken i fleire disiplinar. Det samma kjem han inn på i det seinare verket Séfer Hammebakkésj, der han i tillegg skriv om musikkens opphav og verkning, og dessutan om den akustiske karakteren til musikken.

Verk

Kjeldor

Pekarar