Sjemáng Jisraél

Frå Alnakka.net
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Sjemáng Jisraél (hebr. שְׁמַע יִשְׂרָאֵל [šəmaŋ jisrā’ēl], «Hør, Israel!») eller Sjemáng er namnet på den jødiske truvedkjenninga. Kjerneverset er 5. mosebok 6:4:

שְׁמַ֥ע יִשְׂרָאֵ֑ל יהו֥ה אֱלֹהֵ֖ינוּ יהו֥ה ׀ אֶחָֽד׃

[Šəmaŋ, Jisrā’ēl; Ădōnāj Ĕlōhēnū, Ădōnāj — eḥād!]

“Hør, Israel: ADONÁI er vår Gud, ADONÁI er éin!”

Sjemáng i si kjerneform var kampropet ått kohénen som kalla israelsfolket til kamp mot fienden (5. mos. 20:3; Talmúd bablí, Sotá 42a). Det er dei siste orda i den døandes truvedkjenning og det har vore dei siste orda för mange martyrar som vart torturerte og drepne för truskapen sin til Toráen.

Om rebbí Ngakibá er det sagt at han tolmodig heldt ut medan kjøttet hans vart reve opp med jarnkammar og at han dødde medan han sa Sjemáng. Han uttala det siste ordet, אֶחָד [eḥād] (‘éin’) med det siste andedraget sitt. (Talmúd bablí, Berakhót 61b)

Sjemáng i Tempelet

Tempellyden sitt svar etter bruk av Gudsnamnet

På liknande vis som ein i dag svarar «amén» til signingar som inneheld Gudsnamnet, så fanst det eit svar til ytringar som inneheldt Gudsnamnet i Tempelet i Jerusalem. Den nøyaktige ordlyden vart noko utvida i løpet av hundreåra, og under dei siste generasjonane at Det andre tempelet stod, var tilsvaret: ברוך שם כבוד מלכותו לעולם ועד׃ Ein gjenomgang av kjeldone ved Jerry Brem har vist at uttalen av dette svaret i Tempelet truleg var:

בָּרוּךְ שֵׁם כָּבוֹד. מַלְכוּתוֹ לְעוֹלָם וָעֶד׃

Bārūkh Šēm Kābōd; malkhūtō ləŋōlām vāŋed.

Signa vere det æra Namnet; Riket Hans i all æva.

Kirjàt sjemàng-ritualet under morgongudstjenesta

I samband med morgongudstjenesta i Tempelet vart Sjemáng sagt fram som ein del av Kirjàt Sjemáng-ritualet mellom tamíd-offeret (det daglige brennofferet) og ketóret-offeret (røykjelsesofferet). Kirjàt Sjemáng-ritualet er skildra slik i Misjná, Tamíd V:1:

Sa han ått dem [= ått prestane], tempelstyraren: «Sign di signing éi!» og dei signa; [og] dei las dei ti bodorda, Sjemáng («Hør [Israel]»), Vehajá im sjamóang («og det skal skje om di hører etter»), [og] Vajjómer («og han sa»). Og dei signa [deretter före] folket tre signingar: [1:] Emèt vejaṣṣíb («sant og visst») og [2:] Ngabodá («[Guds]tjeneste») og [3:] Birkàt kohaním (prestesigninga); og på sjabbáten la dei til signing éi ått det utkommande [preste]vaktskiftet.

Av dette kan vi utleie dette tekstoppsettet frå den siste tida at Det andre tempelet stod:

  1. Ei innleiande signing. Ein trur dette var signinga «Ahabàt ngolám».
  2. Dei ti boda (2. mos. 20:1–17)
  3. Kjerneverset av Sjemáng. (5. mos. 6:4)
  4. Tilsvaret ått signingar / sentrale erklæringar med Gudsnamnet («Barúkh Sjém Kabód; malkhutó lengolám vangéd.»)
  5. Resten av første avsnittet av Sjemáng (5. mos. 6:5–9)
  6. Avsnittet «Og det skal skje om de hører etter» (5. mos. 11:13–21)
  7. Avsnittet «Og Han sa» (2. mosebok 15:37–41)
  8. Signinga «Sant og visst» — ei signing som blant anna inneheld utdrag tu historia om Utgangen av Egypt og som framleis finst i synagogeritualet i dag.
  9. Signinga «ngabodá», som i dag finst som nest siste signinga av ngamidáen i synagogegudstjenesta.
  10. Prestesigninga (2. mos. 6:24–27)
  11. I tillegg las det utgåande vaktskiftet (av kóhaním (prestar) som hadde tjent i Tempelet denna vekkå) ein mi sjebberákh (ei forbøn) for det kommande vaktskiftet. Ordlyden seiest å ha vore: «Den som let Namnet Sitt bu i dette Huset, Dén late bu mellom dokker kjærligheit og samhald, fred og venskap.»

Sjemáng i synagogen

I synagogar medan Tempelet i Jerusalem enno stod, vart Sjemáng framleis utført med Dei ti boda. Kring dei første par århundra evt., da Tempelet vart øydelagt av romarane, kristendommen skilde seg ut som eigen religion og den jødiske munnlege Toráen vart kodifisert og nedskriven i Misjná, vart Dei ti boda tekne or Sjemáng. Grunngjevinga var at «hamminím» (‘dei fråfalne’, dvs. dei jødisk-kristne), hevda at Dei ti boda var heile loven og resten av Toráen var oviktig. (Talmúd jerusjalmí, Berakhót I:5) Skikken å inkludere Dei ti boda — enten direkte före Sjemáng eller noko tidlegare i morgongudstjenesta — heldt seg likevel i ein del synagogar i Eres Jisraél (det noverande Israel/Palestina) fram til korstogstida og i nokre synagogar i Egypt heilt fram til 1300-talet.

Sjå òg

Kjeldor

Idelsohn, Abraham Zebi: Jewish liturgy and its development. New York (Dover), 1995. Brem, Jerry: «The Barukh Shem Kevod blessing : an analysis», i Conservative Judaism 57 (2004), nr. 1, s. 54–64.

Pekarar